Tor Arve Røssland: Fem boktips for ungdom

Tor Arve Røssland: 

Fem boktips for ungdom

Mørkemanarar, heksebrenning, eventyr på havet og intrikate krimplot. 

Her får du fem boktips for ungdom frå Tor Arve Røssland!

Asbjørn Rydland
Serien om Drakeguten  

Den beste norske fantasy-serien. Punktum.

Serien er på heile fem bøker: Drakeguten, Med eld i hjartet, Mørkemanaren, Fredlaus og Kampen om Kervad. Vi følgjer ungguten Koll i landet Kervad, som oppdagar skjulte krefter i seg sjølv, noko som blir nyttig i kampen mot både drakar og sleipe byråkratar. Det skjer mykje i desse bøkene, og likar du fantasy, intrigar og action, så får du rikelege dosar med alt. Og best av alt er måten Rydland klarer å gjere denne fantasiverda så levande for oss lesarar på. Han er ein meister til å skildre alt frå små kjensler til store kampar. Det gnistrar av dialogane, og kampscenane er skrivne så intenst at eg som forfattar rett og slett blir misunneleg! Det som likevel driv handlinga framover, er hovudpersonen Koll. Sjølv om Rydland òg lar andre karakterar sleppe til, så er det Drakeguten sjølv som er seriens absolutte midtpunkt. Og han er truverdig og levande på alle måtar. Så unn deg dette eventyrlege eposet, der vi følgjer Koll frå ung gut til ung vaksen, i kamp for landet sitt.

Frå 89,50 kr 179,00 kr pr stk

Aina Basso
Inn i elden

Ei bok det luktar svidd av. 

Aina Basso skriv nydeleg nynorsk om Elen og Dorothe. Den eine er dotter av ei medisinkvinne, den andre nygift fogdefrue frå Danmark. Eg røper vel ikkje for mykje når eg seier at sentrale karakterar står i fare for å hamne på bålet. Boka har heksebrenningsprosessen i Finnmark på 1600-talet som bakteppe, og det heile er skremmande realistisk og truverdig. Dei to hovudpersonane vekslar på å vere forteljar, og dei er kanskje irriterande naive etter dagens standard, men dette aukar berre truverdet, og i alle fall auka det mitt engasjement då eg las boka. Kom dykk vekk! Flykt! Get out! Det hjelper sjeldan å rope til bøker. Du kjem til å kjenne lukta av svidd heks lenge etter at du har lese.

89,50 kr 179,00 kr pr stk

Terje Torkildsen
Arrfjes

Ikkje for landkrabbar.

Terje Torkildsen fortel om Ejner Tevig – ein førstereisgut på eventyr på havet i 1812. Ejner får vere med på bordinga av eit engelsk skip og skal vere med å segle skipet tilbake til Noreg. Utfordringane og eventyra står i kø for ungguten. Skipet forliser, han må overleve på ei øy, og han blir til og med fanga av engelskmenn. Forfattaren har verkeleg boltra seg i alle dei gode og klassiske elementa vi kjenner frå både filmar og bøker frå seglskutetida. Det skvulpar i bølgjer og knirkar i skrog. Miljøa blir skildra detaljert og levande, utan at all researchen Torkildsen må ha gjort, kjem i vegen for den gode historien, dei gode dialogane og dei truverdige karakterane.

89,50 kr 179,00 kr

Atle Hansen
Flukt 

Ei bok du mest sannsynleg har lyst til å lese om igjen.

Karl og «eg» ser spor i snøen, noko som set i gang ei historie om både asylpolitikk, flyktningar og fordommar. Kanskje aller mest lesaren sine eigne. Eg-personen er aldri namngitt, og vi får heller ikkje vite om det er ein gut eller ei jente. Dette gir boka eit aspekt ein kanskje ikkje forventar, og er minst like spennande som sjølve «flukta». Boka er skriven i eit kort og konsist språk, og det finst ikkje dødpunkt undervegs. Dette er ei bok som når ut til andre enn den vanlege målgruppa og kan lesast av både barn, ungdom og vaksne. Og det er noko så sjeldan som ei bok du får lyst til å lese ein gong til når du er ferdig.  

89,50 kr 179,00 kr

Lars Mæhle
Landet under isen-serien 

Eg les vanlegvis ikkje mykje krim, men kombinert med fantasy blir det ei suksessoppskrift! Serien har «berre» to bøker, men til gjengjeld er det to solide mursteinar. Men ikkje la deg skremme av storleiken og antal sider. Dette går fort unna. Det har ikkje mykje for seg å ramse opp handlinga, men vi følgjer politietterforskar Magne Jerstad, som gjer jobben sin utanfor isbreen, og vi følgjer Leo Rubin med følgje, som oppheld seg i det fantastiske landet under isen. Begge bøkene har intrikate og velskrivne fantasy- og krimplot, noko som er eit kunststykke i seg sjølv. Mæhle er god på å konstruere engasjerande historier og truverdige dialogar. I tillegg klarer han å putte inn både filosofi, religjon og etikk utan at dette blir påklistra – eit endå større kunststykke, spør du meg. Dei stadige cliffhangerane driv deg vidare frå side til side, og til slutt sit du igjen med lyst til å lese meir.

Frå 99,50 kr 199,00 kr