Sju gode alternativ til påskekrimmen
Sjølv om påsken blir annleis år, er det framleis ei tid for å slappe av med ei god leseoppleving. Her finn du sju gode alternativ til påskekrimmen. God lesnad!
Erlend Kaasa
Men ikkje Maria
Familielivet har ikkje alltid vore eit opplagt val for Palle. Men no er han her, med kona Gro og eit lite barn i ein forstad til Bergen. Han har nettopp gått ut i pappapermisjon og ser fram til å vie seg til familielivet og til å bli betre kjent med vesle Dagne. Men like under den kvardagslege overflata ulmar eit fortærande mørke. Gro innleier eit forhold til ein eldre kollega, og snart dukkar også den albanske au pairen Maria opp i livet deira. Gradvis tek ho over Gro si rolle i heimen og får sterke band til barnet og Palle.
Men ikkje Maria er ein roman om eit liv som pendlar mellom frelse og undergang. Det er ein roman om begjær, svik, kjærleik og død og om kor ualminneleg vanskeleg det kan vere å leve eit alminneleg, enkelt liv.
Maren Uthaug
Der det finst fuglar
Terningkast 6! «en saftig, mørk materie» - Adresseavisen
Der det finst fuglar er eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg – og endå vanskelegare å gløyme – om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere.
Les meir...
Marit Eikemo
Hardanger
«Marit Eikemo er definitivt i øverste liga i norsk samtidslitteratur nå.» - Hardanger Folkeblad
I eit skur på Kvanndal Kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger – mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen.
Novellene i Hardanger handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom menneske.
Morten Bjerga
Dødevegen
Terningkast 5! «Det er ei lise, får eg leggja til, og ein fryd å følgja Morten Bjerga på vandringa hans, omgjort til lødig romankunst.» - Adresseavisen
Ein mann har mista kona si og prøver å sleppe unna sorga med å vandre langs havet til Santiago de Compostela. Han går, set den eine foten framfor den andre og blir undrande fanga av vegen, av skogen han går gjennom, og av menneska han møter.
To år seinare sit han i fengsel på Jæren. Tankane hans kretsar rundt det gode og det vonde, det vakre og det stygge, men mest av alt tenker han på Spania, på hendingane der, på menneska, hundane, byane, fønvinden og den tusen år gamle tradisjonen der millionar av menneske har vandra til byen i vest for å finne fram til noko anna og kanskje betre.
Agnes Ravatn
Dei sju dørene
Terningkast 6! «Dette er stor fortellingskunst, særdeles godt uttenkt, formulert og komponert.» - Fædrelandsvennen
Litteraturprofessor Nina Wisløff er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste.
Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiets etterforsking stansar opp. I det stille begynner Nina å nøste opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store ringverknader.
Dei sju dørene er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit.
Aina Basso
Ungen
«uhyggelig godt skildret» - Klassekampen
Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs i krakket. Ho får ta inn på Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med på fabrikken. No er det ikkje arbeid å få, og dei to bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn – mot rimeleg betaling. Men når det først og fremst handlar om eiga overleving, hamnar spedbarna ofte i andre rekkje, og følgjene blir alvorlege. Mellom ungane er det likevel ei som Anna knyter seg til. Vesla minner om det ho sjølv hadde i eit tidlegare liv, før ho mista alt. Les meir...
Jon Fosse
Septologien I-II. Det andre namnet
«Terningkast sju: Fosse i full fyr.» - Bok 365
Septologien er ei suggererande og storslått forteljing om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seie å vere i livet, om varmen frå ein hund, gleda ved bilkøyring i snø og kor godt det kan smake med egg og flesk. Les meir...