Olaug Nilssen: Reirbygging i koronaens tid

Olaug Nilssen: 

Reirbygging i koronaens tid

Nokre av oss har erfart korleis trongen til å bygge reir kjem over oss når noko stort og omveltande står framfor oss. Eg har drive med reirbygging før kvar barnefødsel. Det eg då har gjort, er å fylle frysen med bakst og ferdiglaga middagar, eg har vaska og rydda og eg har kjøpt klede og praktisk utstyr. Nokre år etter barnefødslane, inngår også strikking i reirbyggingsmoduset mitt.

Her kjem nokre lettare kuriøse og særs praktiske bøker for alle andre reirbyggarar.  

Ingrid Espelid
Lett traktering

Det er noko med bøker som har ein utdatert design, dei føles på ein måte meir solide og sanne enn nyare utgjevingar. Det er dei naturlegvis ikkje, derimot kan dei fort vere like utdaterte som bøker som handlar om festmåltid frå mikrobølgjeomnen. Men med Ingrid Espelid som formidlar, så får du i alle fall ikkje direkte feilinformasjon.

99,00 kr 199,00 kr pr stk

Gunda Djupvik 
Smalhans 

I koronaens tid, er den økonomiske usikkerheita stor. Dette er ei kokebok som tek omsyn til innkjøpspris på råvarene. For deg som blir lei av frysevarer frå first price, men likevel vil bygge reir, er dette ei inspirerande bok.  

174,50 kr 349,00 kr pr stk

Annemor Sundbø 
Norske vottar og vantar

Eg er ikkje så flink til å strikke vottar, sant å seie har eg aldri prøvd. Eg strikkar for det meste berre klutar. Men det hindrar meg ikkje frå å bla i strikkebøker og fantasere om meir eller mindre overkomelege prosjekt. Dette er ei bok som gir den informasjonen du treng, anten du faktisk skal strikke vottar, eller om du berre finn tryggleik og reirbyggingskjensle av å bla og drøyme.

199,50 kr 299,00 kr

Tove Fevang
Strikk til barnehagebarn

Dette er også for vanskeleg for meg, men ei deilig bok er det likevel, både for dei som er flinke til å strikke og for oss som eigentleg ikkje er det. Praktiske råd om god påkleding for barn, og fine oppskrifter.

174,50 kr  349,00 kr

Kathrine Gregersen 
Brukt på nytt

Denne her er derimot IKKJE for vanskeleg for meg, men derimot ein inspirasjon til å endre levemåte, uansett økonomisk konsekvens av korona-epidemien. Om ein kjenner at reirbyggingsmoduset blir vedvarande, er slike bøker akkurat det vi treng. 

174,50 kr 349,00 kr