Sommarlege boktips til ungdommar
Sommarlege boktips til ungdommar


Sommarferien er den perfekt tida til å fordjupe seg i ei god bok, men kva bøker skal ein gi ungdommen?

Her kjem tre gode boktips til barn frå tolv år og oppover.

Terje Torkildsen
Isla Bonita

Seksten år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si. Han ser fram til ei roleg ferieveke i varmen, men slik blir det ikkje. Isla Bonita viser seg å vere ei øy full av skumle typar og store mysterium. Og så møter han Julieta, den dansande jenta på kaien. Av og til kan det vere livsfarleg å bli forelska.

Isla bonita er ei spennande bok om mysterium og forelsking. 

249,00 kr

Linn T. Sunne
Saiko

Simon og Ella møtest under greinene på heggen, alt er søtt og sommar og nesten eit kyss. Det er denne sommaren alt det gode må skje.

Så blir det fest. Så kjem Saiko. Og sommaren blir noko heilt anna.

Saiko er ei nær og vakker bok om 15 år gamle Ella. Dette er ei bok kor ting ikkje går som planlagt, og kor Ella blir rota inn i noko ho ikkje kunne ane konsekvensane av.


179,00 kr

Lars Mæhle
Jag är Supermann

Nydeleg novellesamling for ungdom! Historiene i Jag är Supermann går føre seg i løpet av eit varmt døgn i juli, og er ei blanding av roman og forteljingar, der lagnader kryssar og påverkar kvarandre. Alle ungdommane har ulike prosjekt, men kvar og ein ber på eit intenst ønske om å bli sett og finne feste i verda.

Vi møter blant anna Bjørn, Eskil og ei svensk jente dreg ned til elva for å bade. Syriske Aya kjem til Sunndalsøra etter å ha flykta gjennom heile Europa. Anders blir besøksvenn på aldersheimen for å imponere Marianne. Karl gruar seg for å halde tale i gravferda til veslebror sin. Og rebellen Tuva er tvangssend til dalen, for å bli halden unna eit dårleg miljø i Oslo.
 

149,00 kr