Sommarlege boktips til barn på mellomtrinnet
Sommarlege boktips til barn 9–12

Har det blitt mykje skjerm i det siste? Her er gode og sommarlege boktips til barn frå ni til tolv år, som kanskje kan hjelpe på leselysta!

Ingunn Thon
Ollis

Spennande, gripande og morosam barneroman!

Heime hos Ollis og mamma er ting snudd på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefreak-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var.

Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller, gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og når dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skogen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet, som Gro ikkje veit?

Ein knallkjekk barneroman om vennskap, familie og mot. 

124,5 kr 249,00 kr

Harald Nortun
Blå flaggermus

Brageprisnorminerte Blå flaggermus er ei knallfin forteljing om utanforskap og om det å bli sett.

I boka møter vi Sander. Sommarferien har akkurat starta, og Sander og vennen Tomas har bisnissplanar. Men ein spøk med ketsjupblod fører til full utrykking. Ein rik mann kjem stadig oftare på besøk til Sander si mor. Og Sander finn ut ting som han kanskje ikkje ville vite.

Boka skildrar korleis det kjennest å føle seg utanfor. Men også korleis det kjennest å endeleg bli sett. Blant anna når Sander møter Line, som teiknar med blå tusjar på kroppen hans.

249,00 kr

Ida Eva Neverdahl
Jojo

Kva med ein teikneserie i sommar? Jojo er ein særdeles morosam teikneserie for barn.

Korleis er det å ha ei ninjamamma? Kva gjer agent bønne og agent mais når dei finn ut at Jojo ikkje liker taco? Og kvifor er det kult å vere katt?

Med Jojo har Neverdahl skapt eit originalt, fargerikt og moderne univers - perfekt for teikneseriesvoltne barn og unge.

Teikneseriestripene om Jojo er publiserte i Norsk Barneblad. No er fleire av dei morosame forteljingane frå Jojo sitt liv samla i ei bok, til glede for både gamle og nye lesarar. Til denne boka har Ida Eva Neverdahl skrive og teikna ei heilt ny rammeforteljing, der vi mellom anna får vite kvifor livet til Jojo er så magisk og absurd. 

 

125,00 kr 249,00 kr