Det kan vere vanskeleg å finne gode og fengjande barnebøker – det finst jo så mykje der ute!
Her har vi samla tre kjekke boktips til barn frå seks til ni år.
Malin Hellebø og Camilla Kuhn
Dyras beste sjekketriks
Dyras beste sjekketriks er ei lærerik og artig bok om korleis dyr sjekkar kvarandre opp!
Visste du at mohairgeita sitt beste sjekketriks er å tisse seg sjølv i fjeset? At edderkoppar sjarmerer damene med musikk og heftige rytmar? At pingvinar frir med småstein? Eller at geviret til hjortebukken er eit verktøy for å imponere dei kresne kollene? I denne boka tek Malin Hellebø og Camilla Kuhn for seg dei fascinerande og rare metodane dyr har for å finne seg ein make.
Boka tek for seg både insekt, amfibiar og pattedyr og er ein underhaldande og kunnskapsrik inngang til den merkverdige dyreverda. Malin Hellebø er kjent frå Dyrevenn på Nrk Super.
299,00 kr
Randi Fuglehaug
Papelina
Papelina er ei annleis og viktig forteljing om flukt, familie og vennskap. Og om kva det vil seie å vere heime.
Papelina og familien må reise frå heimen sin. Papa Gøye seier det er eit topphemmeleg eventyr! Det einaste Papelina får vite, er at dei skal til eit nydeleg fugleslott. Men reisa blir lang og slitsam. Og kvifor kan ikkje Papa Gøye slutte å tulle og fjase?
Dette er ei viktig og vakker bok, som er aktuell i tida vi lever i!
299,00 kr
Åsmund H. Eikenes og Eivind Gulliksen
Knokedunk
I denne spennande boka kan du bli med og oppdage dei forskjellige dyrehendene!
Vi menneske har hender med fem fingrar. Hos dyra ser hendene nokså annleis ut, og vi kallar dei potar, klør, loffar, klauver eller vengjer. Men ser vi på korleis menneskehendene og dyrehendene er bygde opp, så ser vi at dei liknar på kvarandre. Hendene er viktige verktøy, både for menneske og dyr.
Knokedunk er ei morosam og lærerik bok med artige illustrasjonar.
249,00 kr