Forfattarintervju:
Helene Guåker
Forfattar Helene Guåker har i sju år jobba med materialet til det som no har blitt ungdomsromanen Høgspenning. Livsfare. Med boka vil Guåker bryte tabu og opne for å prate om det ein ofte ikkje pratar om.
Gratulerer med bok, Helene! Korleis vil du sjølv beskrive romanen?
Høgspenning. Livsfare handlar om Lea, som nyleg har byrja på vidaregåande og bur på hybel. Heime ligg mora hennar under dyna og vil ikkje stå opp. Faren er ein bondefaen som ikkje snakkar om kjenslene sine og Lea prøver å late som om at alt er heilt i orden, overfor alle.
Boka er mørk, alvorleg og sår, men det finst nokon små lys innimellom.
Det har til tider vore heilt forferdeleg å skrive boka, og eg er veldig, veldig letta for at eg endeleg er ferdig.
Korleis har skriveprosessen vore?
Det å skrive på nynorsk har gjort at eg har måtta vere mykje meir språkleg til stades enn når eg skriv på bokmål. Då går det jo liksom litt av seg sjølv, eg treng ikkje tenkje like mykje, men medan eg har skrive Høgspenning. Livsfare har eg måtta tenkje over kvart einaste ord. Det har vore skikkeleg bra både for meg og for boka. Ho har blitt j**lig bra!
Eg starta med å skrive på skikkeleg konservativ nynorsk, og brukte til dømes ljod og ljos. Litt paradoksalt i grunn, eg som til vanleg skriv på så radikalt bokmål, og så vel eg å skrive på den mest konservative, arkaiske nynorsken. Men det var ein måte for meg å fri meg frå bokmålet og måten eg vanlegvis skriv på. Og kanskje liker eg å ta på meg ekstra mykje jobb, for då boka nærma seg trykkeklar, måtte eg få hjelp av språkvaskar og redaktør til å gjere boka mykje mindre språkleg konservativ, både fordi målgruppa ikkje nødvendigvis er særleg øvd i nynorsk, og fordi det er mange former som rett og slett er heilt ute av skriftspråket – og kanskje også talemålet til dei aller fleste nynorskbrukarar.
Du skriv om noko som må vere det vanskelegaste ungdom kan gå gjennom, nemleg om ei mor som er svært psykisk sjuk. Korleis er det å skrive om ein så mørk tematikk?
Sjølv om handlinga i boka er fiktiv, så har eg brukt av mine eigne erfaringar frå psykisk sjukdom i nær krins. Det har til tider vore heilt forferdeleg å skrive boka, og eg er veldig, veldig letta for at eg endeleg er ferdig.
Når eg skriv, er eg jo ein slags gud – eg gjer om på den faktiske historia sånn at ho passar til sjangeren og målgruppa. Og ikkje minst boka i seg sjølv! Litteraturen kjem alltid framfor den verkelege hendinga, det vil seie at eg ofte må gjere om på det som faktisk skjedde, for at det skal bli interessant å lese. Og det igjen betyr at eg får avstand til stoffet, slik at det ikkje blir så nært. Det er som om eg går i ein skog der nokre av trea er minne og nokre av trea er fantasi. Og så går eg dit det trengst, når det trengst. Men det er sjølvsagt mykje meir krevjande å skrive om eigne (vonde) erfaringar enn å berre bruke fantasien.
Kva motiverte deg til å skrive boka?
Eg har jobba med materialet i sju år, men ikkje greidd å få til noko litterært. Eg har skrive mange versjonar og variantar innanfor same tema, men forlaga har refusert meg. Kanskje fordi det var for nær opptil meg sjølv, at eg ikkje skreiv litteratur, men berre minne? Eg veit ikkje. Men denne gongen fekk eg det til. Endeleg. Og noko av grunnen til at eg har vilja skrive om tematikken, er fordi eg meiner at ein skal prate om alt. Viss eg skal seie noko om forfattarskapen min som heilskap, min poetikk, så er det å sjå tabu rett opp i ansiktet. Dessutan trur eg ikkje vi får det noko betre av å bli skåna for livets harde realiteter. Eg trur tvert om at vi kan bli betre menneske av å lese om andre som går gjennom noko av det verste ein kan oppleve.
Ein siste ting er at eg erfarte sjølv at mange vende meg ryggen då eg stod i ein av mine største livskriser. Eg ville nok, på eit underbevisst plan, oppretta balansen ved å skrive om historia med denne boka.
Kva omsyn tek du med tanke på at du skriv for ungdom?
Ikkje mykje, sett bort frå at eg bruker litt fleire detaljerte skildringar når eg skriv.
Ser du for deg lesaren når du skriv?
Nei, det gjer eg ikkje. Eg berre skriv, og let redaktøren guide meg der eg treng det. Eg skriv heilt utan å tenkje over at nokon skal lese det eg skriv. Eg trur det er mest fordi det er så uverkeleg å tenkje at det skal bli bok, eg veit jo ikkje om det kjem til å bli bok før eg har fått kontrakt frå forlaget. Og det kan jo vere to eller sju år etter at eg byrja på boka. Så eg berre skriv. Og det trur eg er med på å gjere at eg kjenner meg fri og kan skrive om kva som helst. Også tabulagde tema.
(...) noko av grunnen til at eg har vilja skrive om tematikken, er fordi eg meiner at ein skal prate om alt.
Kva bøker las du sjølv då du var ungdom, og kva bok gjorde sterkast inntrykk på deg?
Eg las Beatles av Lars S. Christensen, og den har eg lese fleire gonger i løpet av livet. Då eg skreiv Sveiseblink i 2017, prøvde eg å lage ei hyllest til den boka, berre frå eit bygdeperspektiv. Boka er til og med dedisert til hovudpersonen i Betales, Kim Karlsen.
Men eg las også ungdomsbøkene til Kim Småge, Evi Bøgenæs og Kari Bøge, særleg Speilet fanger gjorde sterkt inntrykk på meg. Eg trur det var første gong eg las om sex, og eg kjende meg som ein annen person etterpå. Etter dette gjekk det ikkje an å gå tilbake. Den beste litteraturen er ofte sånn.
Helene Guåker
Høgspenning. Livsfare
Om å bu på hybel medan mor er sjuk.
Lea går i andre klasse på vidaregåande. Ho bur på hybel og har ingen venner. Og heime på garden ligg mamma i senga. Uansett kva Lea gjer eller seier, står ikkje mamma opp. For å få seg venner gjer Lea seg om til Vilde. Smarte, morosame og kule Vilde. For Vilde har ikkje ei mor som er sjuk. Vilde blir kjærast med Halvor. Vilde greier alt i heile verda. Men så skjer det noko som gjer at Vilde forsvinn og Lea ikkje greier å vere nokon annan enn seg sjølv.