Lurer du på kva du skal lese for smårollingen i sommar?
Her kjem tre gode boktips til barn i barnehagealder!
Rotraut Susanne Berner
Leit og finn i Vrimleby: Sommar
Denne herlege peikebokklassikaren passar perfekt på late sommardagar! Boka er litt nettare enn dei opprinnelege Vrimlebøkene, og dermed er det enklare å ta ho med seg til stranda, hytta eller kor som helst.
Der er uendeleg mykje å sjå på, leite etter og finne. På ei slik oppdagningsferd i vrimleverda kan du på ein leiken måte lære kva ting heiter, og korleis namna blir skrivne.
Passar barn 0–3 år.
124,50 kr 249,00 kr
Anja Dahle Øverbye
Lykketanna
Lykketanna er den perfekte boka for alle som skal byrje på skulen etter sommaren!
Seks år gamle Torbjørn gruar seg til å byrje på skulen. Han vil ikkje slutte i barnehagen, og han vil ikkje kjøpe skulesekk. Kvifor kan han ikkje berre gle seg slik som dei andre ungane? Ein dag kjøper mamma ei dinosaurtann til Torbjørn, og ho fortel at det er ein lykkebringar. Kan den hjelpe han, tru?
"Lykketanna" er ei bok om den skumle skulestarten. Boka handlar om andres forventingar til kjenslene våre og om det som kan vere ein skummel overgang fra å vere liten til å bli litt større.
Kari Stai
Jakob og Neikob. Stormen
I denne boka hamnar Jakob og Neikob i klimatrøbbel – og kva er vel meir relevant enn det?
Bestevennene Jakob og Neikob steller i hagen då Spinnvill fyk forbi på veg til fabrikken.
- Kan du verkeleg lage alt mogleg? spør Jakob og Neikob.
- Alt mogleg på ein blunk, svarer Spinnvill.
Jakob og Neikob blir imponerte og fyller opp huset med billass av alt mogleg. Men kor skal Neikob få plass til pusterommet og boltreplassen no?
Då Stormen kjem og tek Jakob og Neikob opp i lufta, oppdagar dei noko dramatisk. Kloden har forandra seg. Han er full av søppel. Då skjønner dei at noko må gjerast: Dei må hjelpe Spinnvill. No veit dei akkurat kva ho må lage i fabrikken sin.
299,00 kr