Vi søkjer ny redaktør til Syn og Segn

Syn og Segn er eit leiande tidsskrift for kultur, samfunn og politikk. Syn og Segn blei stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894, og er eigd av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Syn og Segn har 2500 abonnentar og er i tillegg distribuert nasjonalt i laussal. Syn og Segn kjem i fire utgivingar i året.

Ny redaktør til Syn og Segn

Har du lyst til å dyrke fram dei viktigaste røystene i det nye tiåret, og samstundes posisjonere Syn og Segn som eit tydeleg og relevant tidsskrift for vår tid?

Du får ansvar for:

  • Utforminga av den redaksjonelle profilen
  • Den digitale publiseringa og distribusjonen
  • Eit nært samarbeid med redaksjonen i forlaget
  • Byggje eit nett av gode samarbeidspartnarar
  • Budsjett og budsjettoppfølging
  • Vedlikehald av abonnementsbasen og rekruttering av abonnentar 

Stillinga:

  • Åremål på 4 år, med start så snart som mogleg
  • Redaktøren vil rapportere til forlagssjefen, og samarbeide nært med redaksjonen i forlaget
  • Redaktøren vil ha totalansvaret for det redaksjonelle arbeidet og utviklinga av dette

Den vi ser etter:

  • Har røynsle med å publisere og redigere eigne og andres tekstar
  • Har særleg gode evner til å komme i kontakt med folk og til å byggje nettverk
  • Er strukturert, har stor arbeidskapasitet og evner å ta totalansvar for tidsskriftet

 

Søknadsfrist: 15. august. Send søknad til: soknad@samlaget.no

Kontakt: Edmund Austigard, forlagsdirektør. Telefon: 48201320, eller

Håkon Kolmannskog, forlagssjef. Telefon: 47413781