Om ein gløymd og glitrande forfattar

Om ein gløymd og glitrande forfattar

Forfattaren Magnhild Haalke gjekk frå å vera eit litterært stjerneskot til å bli gløymd i løpet av ein generasjon. No har ho endeleg fått sin eigen biografi. Vi har intervjua biograf Magnhild Folkvord.

 I samtida blei Haalke verdsett og samanlikna med dei store: Duun, Undset, Vesaas og Hoel. Korleis kan det ha seg at vi ikkje les ho i dag?

– Eg trur ikkje det finst eitt enkelt og fullt gyldig svar på det, men fleire ting kan til saman gi eit slags svar. Generelt trur eg kvinner blir lettare «gløymde» enn menn. Det kan også ha spelt ei rolle at forfattarskapet ikkje har vore tema for litterær forsking i stor skala. I samtida hennar var fleirtalet av litteraturprofessorane menn, og dei var stort sett mest opptatt av mannlege forfattarar. Kanskje hadde det også noko å seia at ho og ektemannen, kunstmålaren Hjalmar Haalke, levde eit roleg kunstnarliv. Dei var aldri blant dei meir utagerande kunstnarane som markerte seg i restaurantverda i hovudstaden, og blei såleis ikkje «kjendisar» på det viset.

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Gi oss tre gode grunnar til å lesa Magnhild Haalke? Og kor skal vi starta?

– Ho hadde ei framifrå evne til å skildra menneske «frå innsida» og skapte særleg mange interessante kvinneskikkelsar. I tillegg skreiv ho eit spennande språk med sterke innslag av dialekt. Debutboka er den mest kjende, men eg synest også dei tre trilogiane ho skreiv, framleis står seg godt. Den siste, om kunstnaren Serina, kom ut etter at ho hadde fylt 70 år, og viste ei evne til fornying som overraska mange av bokmeldarane.

Røyndomslitteratur allereie på 1940- og 1950-talet? Vi trudde det var eit nyare fenomen?

– Den andre trilogien, om formødrene, kom ut i perioden frå 1946 til 1954. Ho bruker namna til mormora og mora som titlar på dei to første bøkene – Karenanna og Kaja Augusta og viser med det at ho har hatt levande menneske i nær familie som førebilete. I motsetnad til debatten kring romanen til Vigdis Hiorth for få år sidan er det ikkje avsløring av vonde og vanskelege ting i eigen familie, men meir ei kritisk framstilling av nære naboar vi får lesa, og dette pregar særleg den siste boka i trilogien – Kvinneverden.

Kva var det som gjorde at debutboka til Haalke, Allis sønn, slo sånn an, både i Noreg og i andre vestlege land?

Allis sønn er ei eineståande god skildring av eit barn som er annleis enn andre – ein gut som stiller underlege spørsmål og lagar merkelege teikningar – kanskje ei kunstnarspire? Magnhild Haalke fekk spørsmål om ho hadde studert psykologi, eller om ho hadde lese Freud. Det svarte ho nei på. Ho hadde gjort sine eigne observasjonar, kanskje aller mest i skolestova. Då ho debuterte – 50 år gammal – hadde ho vore lærar i nesten tretti år. Sigrid Undset anbefalte boka til sin agent i USA, og ho kom ut både i USA og i ei rekkje europeiske land. 

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Du har tidlegare skrive bøker om dei store kvinnesakskvinnene. Er det ein raud tråd her?

– Både ja og nei. Dei to første eg skreiv om, Fredrikke Marie Qvam og Betzy Kjelsberg, fødde i 1843 og 1866, var kvinnesakspionerar og sentrale organisatorar i den kvinnekampen som starta i 1880-åra, med særleg vekt på kampen for stemmerett for kvinner. Magnhild Haalke, fødd i 1885, var – som dei to første – venstrekvinne, men ikkje aktivist på same måte som dei. Men ho sa tydeleg at ho meinte kvinner burde ha rett til både utdanning, eige arbeid og same lønn som menn. Likevel hevda ho at ho ikkje var «kvinnesakskvinne», ho berre skreiv om «kvinner som ble lurt for sitt eget liv». Og kva er kvinneundertrykking, om det ikkje er å bli lurt for sitt eige liv?

Magnhild Haalke (1885–1984) debuterte som forfattar med Allis sønn då ho var 50 år gammal. Ho hausta raskt stor anerkjenning – også utanlands – for den eineståande skildringa av den vesle guten som stilte underlege spørsmål og laga «rare» teikningar.

I denne boka følgjer vi Magnhild Haalke frå oppveksten på Vikna i Nord-Trøndelag, som «småskolelærarinne» på den fattige landsbygda, som forfattar og på reiser i Sør-Europa i lag med ektemannen, kunstmålaren Hjalmar Haalke. 

I tillegg til Allis sønn utgjer tre trilogiar høgdepunkta i forfattarskapet. Dei fleste bøkene har sterke kvinner som hovudpersonar. Magnhild Haalke ville ikkje kalle seg «kvinnesakskvinne», men sa at ho skreiv om kvinner som «hadde blitt lurt for sitt eget liv».

93 år gammal blei Haalke omtalt som «en av de ytterst få forfattere som opplever å bli klassiker i levende live», likevel har Magnhild Haalke forsvunne ut av det kollektivet minnet. Kva i alle dagar skjedde?