Om å sjå og bli sett
Oskar Stein Bjørlykke er aktuell med novellesamlinga Blikket. Om dei korte augeblikka då alt står på spel og det dirrar.
Gratulerer med bok! Er du glad?
Ja, det er ei glede for meg å få publisert denne boka. Av dei mange bøkene eg har skrive er denne blant dei 5-6 bøkene mine eg føler mest for. Kanskje heng det for meg litt saman med balansen mellom avstand og nærleik i dette bokprosjektet. Personane eg skriv om er ikkje meg, og eg har aldri møtt dei. Samtidig er dei inderleg nær meg.
Du kallar denne novellesamlinga di «Blikket». Kva legg du i denne tittelen, og kva handlar boka om?
Ordet «blikket» inneber både å sjå, og å bli sett. Novellene handlar om ulike menneske i ulike livssituasjonar, og i forskjellige aldrar. Dei er alle i ei eller anna krise eller ein utsett posisjon. Med sitt blikk ser dei og opplever det som er rundt dei og det som hender. Men blikket vender også innover i tankane til den som observerer, slik at det blir små glimt av erkjenning og refleksjon i tillegg til det som blir sett og opplevd. Likevel er det viktigaste at blikket også kan vere der som ei opning for andre. Og når blikk møter blikk, kan det oppstå noko nytt. Stundom ei ny innsikt eller ei medkjensle som plutseleg er der.
Dette er den 23. boka du gir ut, berre for vaksne. I tillegg har du skrive 13 bøker for barn. Du debuterte i 1966 med diktsamlinga «Deg høyrer dagen til». Det er 53 år sidan! Korleis har du utvikla deg som forfattar på desse åra, trur du?
Noko har forandra seg. Eitt er at eg no meistrar språket betre no enn eg gjorde som ung. Når ein har lese kanskje fleire tusen bøker og omtrent dagleg har skrive tekst gjennom alle desse åra, har det sin verknad. Mange års levd liv set også sine viktige erfaringsspor på det allmenne planet. Noko anna er at eg ikkje er så redd for ting. Eg er ikkje lenger så redd for kva folk vil seie, ikkje så redd for makter og myndigheiter. Og ikkje så redd for at eins eige liv er avgrensa og vil ta slutt. Då vågar ein meir, trur eg, noko som opnar for nye område for skrivinga. Likevel er det mykje som er det same.
Om det universelle og eksistensielle ved å vere menneske
16 korte noveller om menneskelege relasjonar gjennom ulike fasar av livet. Om lengten etter det som var, det som kunne ha blitt, etter det som gir meining og glede. Om meistringa ved å lære seg å sykla, kjensla av å bli sett, enkle gleder som smaken av jordbær, og gripande opplevingar som å finna eller mista kjærleik.
det som vart gitt meg
ikkje med ein gong, men sakte
dette
eg må slå ring om meg sjølv før eg kan opna sirklane for andre,
og halda av meg sjølv før eg kan halda av andre
og så
den djupaste smerta og den største gleda
dei tangerer kvarandre
slik natta og dagen rører kvarandre