– Det beste er om det dukkar opp nokon som vil fortelje meg noko

Prosessen ifrå idé til ferdig bok er ikkje alltid ei rett linje. Det veit forfattar og illustratør Anna R. Folkestad alt om. Me slo av ein prat med henne om arbeidsprosessar og har fått kikka litt bak omslaget til biletboka Ulla

 – Eg fekk den ikkje til å sitje, seier Anna når ein spør henne om korleis ho fekk ideen. 

– Ideen som blei boka, har vore med meg i ei eller anna form sidan 2012. Han dukka opp, blei skriven på, lagd vekk, teken fram att, skriven på og lagd vekk att. Boka har vore gjennom veldig mange endringar før ho fann nett denne forma, seier Anna. 

Anna måtte ta vekk rammene ho hadde sett for seg sjølv. Rammer som eigentleg berre fungerte som ein lås i den kreative prosessen. Men det viktigaste av alt var det at ho fann ein karakter som passa til forteljinga. Som ho verkeleg likte og hadde lyst til å bli betre kjend med. 

 – Nett denne gongen var det ein sau som heitte Ulla, seier Anna.

Ei hending som Anna eigentleg hadde bygd opp heile historia rundt, var at Ulla skulle komme heim til vennene sine, som ho trur har sakna henne og vore redde for henne, berre for å oppdage at dei ikkje har merka at ho har vore vekke i det heile. Er dei då eigentleg dei beste vennene ein kan ha? 

– Eg ville at Ulla skulle få møte nokon som sette pris på den ho er, og det ho er god til. At det er dei som er den beste flokken for henne. Ulla skjønner det ikkje heilt sjølv først, men heldigvis finn ho det ut til slutt, seier Anna. 

Anna er godt etablert som både illustratør og forfattar, men det er likevel karakteren som kjem først. Slik har det vore med alle bøkene hennar, kan ho faktisk røpe.

– Det eg stort sett gjer når eg skal lage ein ny idé, er at eg set meg ned med eit stort ark og skisserer i veg. Kanskje det dukkar opp nokon eg synest det verkar gøyalt å jobbe saman med. Det beste er når det dukkar opp nokon som vil fortelje meg noko, seier Anna. 

Om det blir fleire bøker om sauen Ulla, er Anna usikker på. Det hadde vore stas, men kanskje me kan bli betre kjende med dei andre dyra som me møter i Ulla? Med Ragnar eller Siri eller Jon eller Turid?

– I boka om Ulla får me jo ikkje vite så mykje om desse karakterane. Men eg veit ein del om dei. Som at Ragnar har budd og surfa to år på Hawaii. Og at han hadde sin eigen ananasjus-bar på stranda, seier Anna.

Anna R. Folkestad er i desse dagar aktuell med biletboka Ulla. Boka er ei sjarmerande forteljing om sauen Ulla som kjem bort ifrå flokken sin. På leit etter flokken blir ho kjend med ei rekkje andre dyr. Kanskje dei kan danne ein ny flokk saman? Med varme og overskot problematiserer Folkestad flokk og vennskap.

Ulla er ei sjarmerande forteljing om flokk og vennskap

PRIS 244,-

Henrik And er ei and. Ei heilt vanleg and, med ein heilt vanleg draum. Han vil vere noko anna

PRIS 249,-

Luftig svev med Knut - og ein litt for ivrig onkel

PRIS 148,-






Fleire artiklar

Balansen mellom det gode og det vonde
Balansen mellom det gode og det vonde

Pilegrim og forfattar Morten Bjerga har skreve om balansen mellom det gode og det vonde i sin nye roman Dødevegen.Bak Dødevegen ligg det seks månadslange vandringar i Spania fordelt på åtte år. Alle vandringane har enda opp i Santiago de Compostela, men har hatt ulike startpunkt, mellom anna eit skuggelagd kafébord i grensebyen Irún.

 

Les heile artikkelen →

Skeiv kjærleik i Tinder-appens tid
Skeiv kjærleik i Tinder-appens tid

Det trengst bøker som viser fram livet til vaksne, skeive folk. Håkon er mitt bidrag: ei historie om ein 30-åring som må ta vanskelege val. 

 

Les heile artikkelen →

Stress og korleis leve med det
Stress og korleis leve med det

Mitt personlege høgdepunkt, eller lågpunkt, kom då eg stressa meg vaken over julekort i midten av november. Jesus kristus, kor idiot er det mogleg å bli. Julekort! Denne utgamle kommunikasjonsmetoden som strengt tatt berre er til bry for mottakaren (for ærleg talt, kva gjer ein med desse i januar? Er det lov å kaste andre sine born i søpla? I så fall: plast eller papir?).

Les heile artikkelen →