Nobelprisvinnar Jon Fosse vert feira over heile landet

10. desember får Jon Fosse Nobels litteraturpris. Feiringa byrjar allereie torsdag 7. desember. Då skal Jon Fosse halde det tradisjonsrike nobelforedraget.

Foredraget, som Fosse held på norsk, vert strøymt frå heimesidene til Nobelprisen, kl. 17.00. Men foredraget kan ein også sjå saman med andre på storskjerm, mellom anna på Litteraturhuset i Oslo, der Olaug Nilssen held innleiing, og på Litteraturhuset i Bergen.

Litteraturhuset i Oslo og Samlaget inviterer saman til Fosse-fest tre dagar til ende 7.–10. desember. Samlaget feirar også prisvinnaren med ein nobelserie i pocket der det til no er kome ni utgivingar, m.a. Naustet, Morgon og kveld og Trilogien.

Heile helga blir det Jon Fosse-maraton på NRK. I 40 timar skal 40 skodespelarar lese 40 skodespel av Fosse. Dette vert sendt på NRK1 og NRK2 og er eit samarbeid med Det Vestnorske Teateret. Her er det mogleg å tinge billettar.

Dei tilsette i Samlaget reiser i samla flokk til Stockholm torsdag 7. desember for å vere til stades når Fosse held foredraget. Fleire frå forlaget er også til stades når han tek imot prisen den 10. desember.

Jon Fosse har takka både nynorsken og målreisinga for prisen. Noregs Mållag ynskjer å heidre prisvinnaren med å gje målreisinga og nynorsken eit skikkeleg løft og har ein aksjon der målet er 15 000 medlemmer innan 10. desember. Fleire lokallag steller i stand eigne arrangement i løpet av Nobel-veka, m.a. i Strandebarm, Ål, Geilo og Ulvik. Her finn du ei oversikt over det som skjer.