Forfattarintervju: Harald Nortun

Når den nye jenta blir «spådama i 7B»


Harald Nortun har sans for det subjektive i litteraturen og tek oss i si nyaste bok med inn i rolla som anteken spådame.

Gratulerer med ny bok, Harald! Korleis vil du sjølv beskrive romanen?

Nina er ny i klassen, og nesten ved eit uhell ser det ut som ho kan spå. Nina får tilnamnet «Spådama i 7B», og brått er ho skulens største kjendis. Nokon liker det, andre liker det absolutt ikkje. Rykta om ei jente som kan spå, når også familien til Nina. Dei vil vite meir, og Nina får ein hard jobb med å skjule at det er ho som er spådama i 7B. Å fri seg frå rolla som spådame er mykje vanskelegare enn Nina trur. Ho får både venner og fiendar, men det er ikkje nødvendigvis så enkelt som at vennene er hjelparar og fiendane er motstandarar. Kanskje er det motsett?

Eg tenkjer på setningane som opnar romanen: 
Ny klasse. Du er åleine. Du kjenner ingen. Du aner ikkje kva som ventar deg. 
Eg får vondt i magen av å lese det. Og så er det jo veldig spennande på same tid. Mange elevar kan nok kjenne seg att i denne situasjonen. Korleis jobba du for å sjå dette med sjuandeklassingen Nina sitt blikk? 

Med denne opninga prøver eg å kaste lesaren rett inn i situasjonen Nina er i, derfor appellen til eit «du» – altså lesaren. Å flytte og starte i ny klasse, det kan skape sterke kjensler, også hos dei som ikkje har opplevd det. Eg har sans for det subjektive i litteraturen. Du opnar ei bok, byrjar å lese, og du er på ein annan stad, ser med eit anna blikk, og får oppleve tankane til ein annan. Du er liksom inne i eit anna liv. Eg håper lesaren kan oppleve bøkene mine slik. Ein veit aldri heilt om ein får det til. Det som er truverdig for nokre lesarar, funkar ikkje for andre.

Målet er at lesaren skal bli nysgjerrig på korleis dette skal gå, og undervegs skal det vere artige ting å le av, og alvorlege ting å tenke over – gjerne lenge etter at ein har lese boka ferdig.

Kan du fortelje litt om prosessen frå idé til ferdig bok, korleis blei Spådama i 7B til? 

Ideen har eg hatt i bakhovudet i minst femten år: å late som du kan spå. Reaksjonen på ymse overnaturlege «evner» kan vere veldig sterke. Tenk for eksempel på merksemda rundt den såkalla Snåsamannen. Eller Märtha Louise og Durek. Enkelte får ein sterk trong til å motbevise at sånne evner finst, andre får ein like sterk trong til å forsvare personen og evnene. Slike motsetningar har sterk appell til meg som forfattar. Her ligg tydelege og sterke konfliktar.

Eg starta å skrive på denne romanen i 2017. Dei første kapitla kom rimeleg lett, men det var – som vanleg – vanskeleg å finne ut korleis historia skulle utvikle seg og ende. I dei tre siste bøkene mine har eg forsøkt å lage ein passande miks av spenning, humor og alvor. Å finne den rette balansen er slett ikkje enkelt. Målet er at lesaren skal bli nysgjerrig på korleis dette skal gå, og undervegs skal det vere artige ting å le av, og alvorlege ting å tenkje over – gjerne lenge etter at ein har lese boka ferdig.

Eg stjal faktisk ekte spådommar og nokre astrologiske formuleringar og brukte dei i teksten – utan å markere at dette var verkelege sitat.

Testar du ut teksten på ein eller fleire lesarar medan du jobbar med han? Og kva med redaktøren, ventar du heilt til du har heile historia klar, med å vise fram manuset, eller vil du ha innspel undervegs?

Eg skriv det første utkastet utan å vise det til nokon. Fortel ingen kva eg skriv om. Viss eg gjer det, kan det forstyrre meg i skrivinga. Eg vil ikkje sitje og lure på om den og den konkrete personen vil like det eg skriv. Fokus bør heller vere på å utvikle historia på litterære premissar. Som dramaturgi, konfliktliner, karakterar. Eg kontaktar redaktøren når eg synest historia heng nokolunde saman. Det betyr slett ikkje at teksten er ferdig. Det blir alltid mange rundar med stryking og nyskriving, og kanskje endringar i sjølve historia. Slutten skriv eg ofte mange variantar av før eg finn noko som kan funke. 

Har du gjort noko research på spådame-verda? Eg tenkjer på tarotkort, spåkuler og andre assosiasjonar som kanskje kjem med biletet av ei spådame. Har du til dømes sjølv oppsøkt spåtenester for å hente inspirasjon?

Eg søkte på nett og las mellom anna om Cold Reading, akkurat som hovudpersonen Nina gjer. Dessutan las eg litt i nokre såkalla alternativ-bøker. Eg stal faktisk ekte spådommar og nokre astrologiske formuleringar og brukte dei i teksten – utan å markere at dette var verkelege sitat. Men to forlagsredaktørar og ein driven manuskonsulent var samstemte i at dette verka parodisk og ikkje var truverdig. Så eg måtte stryke det ekte og dikte opp noko meir truverdig.

Harald Nortun: Spådama i 7B

Kven lurer kven?

Nina har begynt på ny skule for fjerde gong. Ho kjenner ingen i 7B. Men ho kan fortelje dei nye klassevennene sine kva som vil skje om nokre minutt og i neste time. Rykta begynner å gå: Er den nye jenta synsk? Kan Nina verkeleg spå?

Spådama i 7B er ei spanande historie med mykje humor, men også alvor. For kor langt vil du gå for å få venner og gli inn i miljøet? Når sluttar noko å vere ein leik?

Historia om Nina fortel om flaks og uflaks, fordommar og førsteinntrykk.