Forfattarintervju: Berit Rødstøl

Om å bli syndebukken som skal bere skulda til eit heilt samfunn 

Berit Rødstøl har skrive ein roman som viser korleis det er å stå på «feil» side av ei ulykke, på den sida som får all skulda for ei tragisk hending. 

Hei, Berit, og gratulerer med ny bok! Korleis vil du sjølv beskrive romanen?

Boka handlar om Stine, som flytter tilbake til bygda ho flykta frå etter ei tragisk bussulykke som tok livet av bestevenninna 15 år tidlegare. Stine blir overraska over ei bygd som ikkje har gløymt, og av at ho sjølv må bere ansvaret for ulykka faren var skuld i. Romanen vekslar mellom fortid og framtid, og mellom forteljinga til Stine og mora Ingrid. 
Han viser korleis både familien og bygda blir rivne ifrå kvarandre og korleis ein kan takle sorg så ulikt.  

I teksten utforskar eg grensene mellom godt og vondt, moral og umoral. Eg ser på kva slags mekanismar som trer i kraft når ein skal finne ein syndebukk til å bere skulda til eit heilt samfunn.

Sjølv om boka handlar om eit lite bygdesamfunn, trur eg tematikken er allmennmenneskeleg.

Ulykka i boka skjedde på nittitalet. Då var det framleis ein kultur for å halde ubehag og vanskelege ting skjult. Har du inntrykk av at dette har endra seg til i dag? 

Både ja og nei. På nokre punkt ville det kanskje ha vore annleis om det skjedde i dag, samtidig som eg trur historia lett kunne gjenteke seg, også i dag. Kanskje hadde ikkje det uttalte hatet mot Stine og familien vore like tydeleg i dag, men alt det vanskelege som skjer inne i Stines familie, forteljinga som styrkjer skamma, skjer framleis. Det er kanskje meir vanleg i dag å snakke om tidlegare tabulagde tema, men eg trur ikkje dette nødvendigvis gjeld for alle. 

Det er ei spesielt vond scene når Stine i vaksen alder møter Harald, som ho var forelska i på den tida ulykka skjedde, og som ho ikkje har sett sidan, og han avviser henne så brutalt.


Haralds reaksjon viser korleis det kanskje kan vere lettare å komme seg vidare når ein har ein syndebukk, nokon ein kan legge all skulda på. Bygda har komme seg vidare, sjølv om ulykka er som ein sovande bjørn som kan bli vekt til live når som helst. Når Harald ser Stine så brest heile illusjonen om at ulykka er gløymd og gjennomarbeidd, og ho vekkjer den sovande bjørnen: Berre ved å vere til stades minner henne alle om ulykka og at Kaia er død. Då dukkar det jo opp eit anna interessant spørsmål her, nemleg kor mange generasjonar det tek å bli kvitt eit traume.

Det har vore viktig for meg å gå inn i denne forteljinga ved å skildre dei som står utanfor – dei som er på «feil» side. 

Stine sitt sjølvbilete er ganske negativt, ho seier mellom anna: «Eg er ei som lar jorda gro att, som lar låven dette ned og huset rotne på rot. Eg er ikkje ei som bygger og slit. Eg er ei som bryt ned.» Kan dette ha noko med tabuet om at det ikkje er greitt å vere sint, å gjere? Like etterpå seier ho: «Så dum eg er som trudde at alt ville vere annleis.» Eg tenkjer også på korleis sinnet hennar, som ung, kjem til uttrykk. Det er fleire situasjonar der det går ut over ein uskuldig tredjepart, først og fremst dyr og insekt.

Stine har jo mykje opparbeidd inni seg, som gjer at ho også slit med å ha relasjonar til andre menneske. Ho har heile tida prøvd å flykte frå det som er vanskeleg. Det er òg ei flukt når ho kjem tilbake til bygda frå Oslo etter eit havarert forhold. Stine slit med å fullføre ting, og sitatet referer både til henne sjølv og forholdet til faren. Ho har skuldkjensle for at familien kollapsa. 

Eg ville vise fram det forbodne sinnet. Barn som drep eller skader dyr, er kanskje ikkje så kjent i litteraturen, men blant traumatiserte barn er dette eitt av dei første teikna som viser kor vanskeleg dei har det, at dei er valdelege mot dyr. Det blir ein kanal for det sinnet dei ber på, sjølv om det kan verke bestialsk. 

Det har vore viktig for meg å gå inn i denne forteljinga ved å skildre dei som står utanfor – dei som er på «feil» side. Ved større traumatiske hendingar er det nesten alltid berre familien til offeret som blir intervjua og får sympati, medan ein høyrer lite om familien til den som er skuldig. 

Eg tenkjer ofte på kva som skjer med familien til den som har gjort noko straffbart. Dei blir ofte gløymde og får på mange måtar ei dobbel straff, der ein blir fråteken retten til å sørgje over sin situasjon og over tapet hendinga førte med seg. Eg har lese om ulykker i nyare tid der familien til den som blir peikt ut som skuldig, har blitt tvinga til å flytte. Så dette er dessverre aktuelle problemstillingar. 

Var det eit enkelt val å bruke ei mor og dotter for å fortelje historia? 

Dette er eit manus eg har krangla mykje med, for å seie det slik. I det første utkastet var hovudkarakteren ein ung mann, men eg stod fast og fekk det berre ikkje til, så då bestemte eg meg for å byte kjønn, frå mor og son til mor og dotter. Og då losna det faktisk, plutseleg følte eg at det var lettare å skrive historia, og alt stod klarare for meg. 

Eg ville halde meg innanfor den familien, Stine og mora var heilt klart dei mest interessante for meg. Det er ofte slik i historieforteljing, synest eg, at det er dei som er i omgievnadene, dei som kan observere og reflektere, som er mest spennande. Det er gjerne minst like mykje friksjon der som hos ein klassisk hovudperson som står midt i handlinga og tydeleg har ei hovudrolle. 

Det er også vondt å sjå kor komplisert sorga blir for Stine, det er som om ho ikkje heilt veit om det er greitt at ho faktisk sørgjer over venninna si fordi faren hadde ei rolle i at Kaia døydde? 

I boka stiller eg spørsmålet om kven som har rett til å sørgje. Dette har eg kjent på sjølv, i ein heilt annan setting, sjølvsagt, og når eg har mista kjende eller nokon som ikkje er i min aller næraste krins. Og då kan ein kjenne på skam over å sørgje så sterkt over nokon som ikkje stod så nær. For kven har eigentleg rett til å sørgje, og kven bestemmer det?

Slik det blei, føler Stine at om ho viser sorga over Kaia, så svik ho faren sin. Den sterke lojaliteten til foreldra sine kjem ein kanskje aldri heilt ut av, og i den alderen Stine var i då ulykka skjedde, såg ho veldig opp til faren sin, sjølv om dette endrar seg i løpet av forteljinga.  

Det er ofte slik i historieforteljing, synest eg, at det er dei som er i omgievnadene, dei som kan observere og reflektere, som er mest spennande.

Tenkjer du på lesaren når du skriv?

Nei, veit du, eg tenkjer nesten aldri på lesaren før eg får auge på boka i bokhandelen, og då kan eg blir litt sånn «oi, no skal nokon andre skal lese den, ja!» I prosessen med denne boka har eg halde manuset tett til brystet, det har berre gått mellom redaktøren min, Runa, og meg. Eg er redd for å bli distrahert viss eg skal tenkje på korleis boka vil bli teken imot. 

Eg går veldig inn i det universet eg skriv om. Skrivinga er noko eg driv med når eg kan finne tid til det, eg jobbar 100 prosent og har eit travelt liv med ungar, mann og hund, men det fiktive universet eg har laga, surrar heile tida i hovudet mitt. Modningsfasen er ganske lang, og boka blir til sakte, men sikkert, også medan eg gjer andre ting. Eg tok meg her om dagen i å sakne Stine, lurte på kva ho dreiv med. Sjølv om eg ikkje er sikker på om eg hadde likt henne om vi hadde møtst.

Kan du fortelje litt om prosessen frå idé til ferdig bok?

Eg debuterte for ti år sidan. Då byrja eg ganske raskt å skrive på ein ny roman, men han har blitt heilt annleis, sjølvsagt. No jobbar eg på den måten at eg berre skriv, og så blir historia til medan eg skriv. Eg sette meg ikkje ned og hadde bestemt meg for å skrive om ei ulykke. Det byrja med ein ung mann og ei mor, og i starten var eg mest oppteken av deira relasjon. Etter kvart braut denne historia seg meir og meir fram i prosessen. 

Eg har ein lang periode der eg skriv, spelar mykje ball med redaktøren, det er svært viktig for meg å ha ein god relasjon til redaktøren min. Eg bytta også redaktør undervegs, noko som kan vere ein fordel for materialet. I Samlaget les dei ulike redaktørane kvarandre sine manus, og det ser eg på som ein veldig god kvalitetssjekk, det gir meg tryggleik at fleire har vore innom historia.

Sjølv om du ikkje tenkjer så mykje på lesaren undervegs, har du kanskje nokre tankar om kva du ønskjer å få til med skrivinga di?

Det er sjeldan eg går inn i eit nytt manus med ein plan for akkurat det, men så blir det tydeleg etter kvart som boka veks fram. Med Etter punktum ønskjer eg å skape refleksjon hjå lesaren. Eg trur det er mange måtar å kjenne seg att i denne boka på, og eg meiner litteratur er uhyre viktig, både for å få reiskap til å takle sitt eige liv, men også for å ha tilgang på gode historier. Så sjølv om lesaren er lite til stades i skriveprosessen min, har eg eit inderleg håp om at romanen min vil bidra med noko ute i verda og få lesarane til å reflektere over fleire av dei store spørsmåla som vi har snakka om her. 

Berit Rødstøl: Etter punktum

Ei bygd som ikkje gløymer.

Ei ung jente døyr i ei tragisk bussulykke og fører ei lita vestlandsbygd inn i ei tåke av sorg og fordømming. Femten år seinare vender dottera til bussjåføren attende for å ta over garden og blir overraska av ei bygd som ikkje har gløymt. Romanen handlar om det som skjer etter at punktum er sett. Om ei kollektiv sorg som ikkje vil gro, om retten til å sørgje og om å arve ein annan si skuld.