Siste helga i november har årets kull ved Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring si siste samling. Laurdag 25. november klokka 18 les studentane eigne tekstar på Litteraturhuset i Bergen. Velkommen!
Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring er eit samarbeidsprosjekt mellom Minotenk og Det norske Samlaget. Målsettinga er ein meir mangfaldig nynorsk litteratur og ein rikare offentleg samtale.
Vil du bli med på Forfattarskulen i 2024? Send inn søknad innan 17. november til forfattarskulen@samlaget.no