Martin Baldysz skreiv fjorårets beste norske krim

Martin Baldysz skreiv fjorårets beste norske krim 

Då Adresseavisen skulle kåre dei beste bøkene frå 2025 gjekk sunnmørskrimmen «Stille grender» sigrande ut. 

Stille grender er den fyrste boka i ein original historisk krimserie der me møter syskenparet Johan og Sonja Ryer som etterforskarar. Av dei begeistra lesarane har den blitt kalla «krim i særklasse», «overbevisande krimdebut» og «eit klassisk mordmysterium».

Forfattaren frå Syltedalen i Vanylven synest det er veldig kjekt med all den positive merksemda.

– Å komme øvst på lista til Adressa over dei beste norske krimbøkene i 2025 er sjølvsagt heilt fantastisk. Særleg med tanke på kvaliteten på dei andre krimbøkene som ble utgitt i fjor. Adressa er jo også ei avis som tek kultur og litteratur på alvor, seier Baldysz.

– Så er det jo veldig kjekt å få så mykje positiv merksemd på min krimdebut, noko som igjen gjer det kjekkare å skrive vidare.

Baldysz skreiv i fleire år serielitteratur under pseudonymet Karen Støylen, før han i 2022 debuterte på Samlaget under eige namn. Sidan den gong har han gitt ut to romanar – Vardane og Fallgard – båe to til svært gode kritikkar. 

Foto: Helle Frogner

I 2025 var han klar for å trø inn i krimverda.

– Korleis har det vore å skrive fram dette krimuniverset?

– Å skrive ein krim fra eit historisk perspektiv er veldig spennande. Å blande inn ei fiktiv fortelling med det historiske gjev ei viss friheit, men ein må også ha tunga beint i munnen, når ein blandar historie og fiksjon. Det ligg mykje research til grunn, noko som gir godt krydder og koloritt, men for meg et det viktigaste å gje liv til karakterar og dramatikken mellom dei, seier Baldysz.

– Eg har også fått mange gode tilbakemelding frå lesarar, og dette og noko som for meg gjer fortellinga meir levande. 

Foto: Helle Frogner

– Kva kan folk gle seg til i dei komande bøkene om Ryer-syskena?

– Det er mykje! Eg kan love ei dramatisk ferd for syskenparet, både på godt og vondt. Eg likar å flytte litt frå stad til stad i bøkene, og gjennom serien skal vi innom eksersisplassar, byar i forandring og eksklusive hotell med mystiske gjestar. Lesarar kan sjå fram til drama på alle kantar! Romantikk, uhygge, spenning, openbaringar og ei rekke twistar. Og sjølvsagt fleire mysterium som må nøstast opp i for Johan og Sonja. Det er viktig for meg å binde saman alle fire bøkene i serien, og når den siste sida er bladd om, skal lesaren sitte igjen med å ha lese ei einaste stor og medrivande krimhistorie.

MARTIN BALDYSZ: STILLE GRENDER

Sunnmøre, Hausten 1902.

Dotter til storbonden, Hedda Fosen, blir funnen brutalt drepen i den avsidesliggande Mardalen. Johan Ryer, fersk overkonstabel frå Ålesund, blir send for å etterforske. Med seg får han systera Sonja som assistent.

Krøkt mellom fjord og fjell ligg grenda der det usagde veg tyngre enn det sagde. Sterke krefter står steilt mot kvarandre, og no har noko mørkt sloppe laus.

Ryer-serien følgjer det umake etterforskarparet Johan og Sonja – han nøyaktig, mild og oppteken av detaljar, ho intuitiv, frittalande og med lite til overs for autoritetar. Stille grender er eit klassisk mordmysterium i historisk drakt – med sterke karakterar, lun humor og den stille uhygga som berre ei avsides norsk fjordbygd kan romme.

KJØP POCKET KR 249,-