Kari Stai vart nominert til Brageprisen for Flokken, om den tenksame og filosoferande guten Juri. No får vi endeleg møte han igjen i Raringen. Juri står i spagaten mellom å vera eit barn og å bli ein ungdom – og i denne boka følgjer vi han gjennom ein kvardag der han utforskar meir av eigne og andres grenser.

Gratulerer med ny bok, Kari! Juri har heile tida vore ein mjuk mann i emning, men korleis vil du skildre utviklinga til Juri gjennom desse bøkene?
I alle bøkene er Juri den same undrande og nysgjerrige typen. Han let seg ikkje stoppe om han lurer på noko. Han let seg rive med av både forelskelse og omsorgsinstinkt, samvit og sosial trong. I Raringen vil han også la seg rive med av sjølvposisjonering og forsøk på å kneble ein som er mindre enn seg. Han kjem stadig opp i situasjonar som utfordrar det etiske i han, og han lurer ofte på kor langt han skal strekke grensene sine. Det store spørsmålet om å vere seg sjølv og finne seg sjølv er på eit vis behandla i alle historiene.
Er det noko i skriveprosessen for denne boka som har skilt seg frå dei førre bøkene for deg?
Eg har utforska fleire av dei «ugreie» sidene i Juri og også dei andre karakterane. Til dømes så hemnar Juri seg på ein yngre elev – her blir han nærmast skadefro. Vi blir kjent med både dei gode og dårlege sidene hans. Og eg har vore opptatt av å få tydeleg fram at livet er ein vev av medgang og motgang. Men det er kanskje også det som gjer Juri spennande å lese om – at det alltid er ei problemstilling i alle historiene, som han etter beste evne ønsker å manøvrere i.
Eg har vore opptatt av å få tydeleg fram at livet er ein vev av medgang og motgang.

Raringen fortset å ta for seg den keitete overgangen mellom å vera eit barn og det å byrje å bli ungdom, og seksualitet blir eit større tema i årets bok. Det er forfriskande lite skam å spore i Juri sine tankeutforskningar?
Han er ein romantikar, og til dømes fell han jo pladask for ein vikar. Han går heilt inn i å ville vinne ho … men må svelge det sure eplet til slutt. Ho er dobbelt så gammal. Og køyrer bil. Men Juri kjem i kontakt med noko sterkt og lidenskapelig i seg. Så skammen slår nok litt inn på slutten. Skam er eit tema, ser eg, i fleire av historiene. Kva er innafor og ikkje, kor er grensene for nærleik og det private. Og som i Flokken kjem vi også innom døden. Juri får seg ikkje til å løpe på kyrkjegarden, han syns ikkje det er rett når folk ligg omkring og ikkje kan røre på så mykje som ei tå.
Juri har ingen atterhald for seg sjølv eller lesaren. Han er hundre prosent ærleg. Korleis trur du det vil påverke bruken av boka (som høgtlesingsbok til dømes)?
Eg har tenkt litt på korleis det blir å formidle denne boka. Temaet i kapittelet Leiken er nok meir allment enn vi trur. At barn har seksuelle leikar, er nokså vanleg. Det som det derimot ikkje er så mykje snakk om, er at det også førekjem overtramp mellom barn. Eg høyrde på eit radioprogram at det ikkje snakkast mykje om overgrep som skjer mellom barn. Det er jo noko anna om begge barna er positive til å utforske, enn om éin ikkje vil. Her trur eg det er veldig viktig at vaksne snakkar med barn om at ingen – heller ikkje andre barn – har rett til å ta på dei utan at det er greitt. Eg ville seie noko om dette ved å skrive denne historia.
Trur du det er slike tankar som går gjennom Juri når minnet om den seksuelle leiken med venninna under trappa i kjellarstova demrar for han? At det kan ha gått føre seg noko han ikkje er sikker på at var greitt?
Utan at han har vokabularet heilt klart enno, så trur eg han har ei kjensle av at noko ikkje var uproblematisk ved det. Juri er i ferd med å utvikle ein tydelegare sjef inni seg, og vil da kjenne på – kven bestemte den gongen, var det jamnt, var det utydeleg, var det ugreitt og kunne det samtidig vere noko fint i det? Han blir nok ikkje heilt samd med seg sjølv i løpet av denne novella, men ved å kome i kontakt med eit minne, får ein også kontakt med fleire følelsar inni seg sjølv. Minne og følelsar heng saman. Kjem ein i betre kontakt med følelsane sine, vil ein også betre kunne kome i kontakt med minne.
Det virkar også som det foreligg ein subtil namnesymbolikk i alle desse tre bøkene om Juri?
Namn er aldri tilfeldig valde. Å velje dei er nokre gonger lett, andre gonger ikkje. For meg har alltid Rune Belsvik vore ein helt når det kjem til å sette namn på karakterar. Han skapar som regel sine eigne namn! Desse verkar også veldig overtydande, naturlege – men dei er ikkje «ekte». Alt ved litteratur, språk og tekst er eit musikalsk forhold. Det har klang, skarpheit og mjukheit. Juri tok eg fordi det ikkje var så opplagt, og fordi eg umiddelbart likte det reint musikalsk og fonetisk. Ein kan også assosiere det til romfararen Jurij Gagarin. Det er jo litt samanfallande – vår Juri er også ein del «der ute» i «rommet», eller i dei djupe tankane og store spørsmåla – svevande i store perspektiv.

Alt ved litteratur, språk og tekst er eit musikalsk forhold.
Raringen er delt opp i små noveller med eigne overskrifter. Boka har likevel ein ganske open form, for ikkje alle temaa som takast opp, får nokon tydeleg avslutning eller løysing på slutten av kapittelet – eller boka. Juri blir til dømes konfrontert med verda si urettferd når han drar til byen og møter på uteliggaren Roy. Roy sitt utanforskap er jo eit problem som jo ikkje så lett lar seg løyse?
Ja, dette er eit utenforskap som bryt med kjærleiken Juri kjenner for byen. Juri synst synd på mannen som ligg under eit teppe på togstasjonen. I lesesituasjonar med målgruppa kjem eg berre til å lese historiene som dei står. Eg trur alle har sett ein fattig og sliten sjel på gata, eller kjenner nokon (som kjenner nokon) med til dømes rusproblematikk, eller som ikkje har livet på stell. Eg trur kunst kan vise dette bildet som det er, og at lesarane samlast i ei felles oppleving av sympati. At det går bra, sjølv om nokon kanskje kan bli skikkeleg triste av det. Dette er jo historier som ikkje berre stryk med håra. Men eg håpar dei også kan gi lesarane både opplysning, refleksjon og perspektiv.

Kari Stai: Raringen
Korleis skal ein oppføre seg i ei verd der alle verkar normale? Der ingen synest det er rart at folk bur på gata, men synest det er veldig rart å sende kjærleiksbrev til ein vaksen vikar? Og korleis veit ein kva ein skal gjere når folk seier eit forbode ord? Dette er berre nokre av spørsmåla 11 år gamle Juri plutseleg må finne ut av.
Gjennom dei to tidlegare bøkene Passe happy og Flokken har vi blitt kjende med Juri. Han er ein undrande, søkande og fabulerande gut som prøver å finne ut kven han er, og navigere i den merkelege verda.
I Raringen møter vi Juri igjen i ulike kvardagslege situasjonar, som gjennom hans blikk får eit nærmast magisk preg. Kari Stai skriv med finkjensle og varsemd, men også med humor om ein gut som kjenner seg litt annleis. Boka er illustrert av forfattaren sjølv.
KJØP BOKA

