Frå innsida av maktkampen i KrF

Hareides fall er ei intens og medrivande forteljing frå innsida av maktas korridorar, ei forteljing om å stå for det ein trur på. Les i første kapittel under.

Frå innsida av maktkampen i KrF

Hausten 2018 kjempa KrF-leiar Knut Arild Hareide sitt livs kamp. Han satsa alt på å vinne partiet i eit historisk skjebneval. Ja eller nei til regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet. I 36 dagar gjennomlevde Hareide og partiet eit drama norsk politikk aldri har sett maken til. Den intense maktkampen enda med at KrF gjekk i regjering med Framstegspartiet. Knut Arild Hareide gjekk av som partileiar. Han hadde satsa alt for det han trudde på.

Emil André Erstad var Hareides næraste medarbeidar i denne tida. I Hareides fall fortel han ope og brutalt ærleg om kva som skjedde bak kulissane denne skjebnetunge hausten, om striden mellom Hareide og nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad og om kva vurderingar Hareide og hans næraste gjorde undervegs. Kva får ein populær politikar til å sette posisjonen og karrieren sin på spel, slik Hareide gjorde?

Hareides fall er ei intens og medrivande forteljing frå innsida av maktas korridorar, ei forteljing om å stå for det ein trur på. 






Fleire artiklar

Debutantintervju: Helga Songøygard Battin
Debutantintervju: Helga Songøygard Battin

Helga Songøygard Battin debuterer i vår med romanen Rosehagtornen. Her syner Battin kor ulike vegane inn i vaksenlivet kan vere, og at det ofte er lettare sagt enn gjort.

Les heile artikkelen →

Verdshistorie slik ingen før har skrive - les utdrag frå Ottar Grepstad si nye bok
Verdshistorie slik ingen før har skrive - les utdrag frå Ottar Grepstad si nye bok

Ottar Grepstad er aktuell med boka 1900-talet. Forteljingar frå eit hundreår. Boka byd på over åtti historier om folk som har forma vår tid. Forteljingane er ordna etter klokkesletta då dei skjedde, som opnar for ein ny inngang til verdshistoria. 

Les heile artikkelen →

Morosame faktabøker for barn som lærer å lese!
Morosame faktabøker for barn som lærer å lese!

Fire av Noregs fremste illustratørar har skrive tolv nye bøker i Visste du at ...?-serien! Anna Fiske, Hanne Sigbjørnsen, Kristoffer Kjølberg og Anna R. Folkestad har laga artige illustrasjonar av alt frå båtar og biler, til bæsj, taco og maur.

Les heile artikkelen →