Englemakerskene

Edvard Munch har måla måleriet av englemakerskene i rettsalen. Bilde er henta frå Photo section, Munchmuseet 

Englemakerskene

Aina Basso

Sommaren 1900 leverte ein mann inn ei melding til Kristiania-politiet. Han hadde sett den vesle sonen sin bort til pleie hos ei «Madam Clausen» frå Strømsgodset ved Drammen, men kunne seinare ikkje finne att verken guten eller «Madam Clausen» nokon stad. Politiet byrja gjere undersøkingar og fann etter kvart barnet hos Anna Mathea Johansen, som leigde to rom, kjøken og alkove i eit hus på Nordstrand. Ho erkjende at ho hadde fare med løgn og oppgitt falskt namn, og leverte ungen tilbake til faren.

           Gjennom undersøkingane hadde det kome fram opplysningar som kunne tyde på at Anna Johansen hadde hatt med fleire born å gjere, og etterforskinga heldt fram i det stille, noko som førte til at Anna Mathea Johansen, Martha Kristine Andresen og Pauline Olsen i november same år blei arresterte for «bedragerske forhold og falsknerier». Tiltalen blei raskt utvida til å gjelde vanrøkt og mishandling, og enda til sist med tiltale for mord. Då heimane til kvinnene blei ransaka, blei det funne barnelik både i heimen til Pauline Olsen og i husværet der Anna Mathea Johansen og Martha Kristine Andresen budde i lag.

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Dei utsette borna

Å sette bort fattige born til pleiefamiliar blei sett i system i Kristiania allereie ved Tukthusforordninga av 1741, som gjaldt som fattiglov fram til Fattigloven av 1845 kom. Frå 1845 og fram til 1900 var det Kontoret for utsatte i Fattigvesenet som hadde det offentlege ansvaret for bortsettinga av dei borna som anten var foreldrelause eller måtte bli fjerna frå fattige og dårlege heimar. Etter at Lov om forsømte barn (Vergerådslova) av 1896 blei iverksett ved hundreårsskiftet, var det Vergerådet som fekk ansvaret for dei borna som blei tekne frå familien med tvang. Borna som var underlagde myndigheita til Fattigvesenet, skulle forsørgjast på billigaste måte og helst settast bort til familiar på landet.

Det mest vanlege var «bortakkordering» av born, altså ein direkte avtale inngått mellom Fattigvesenet og forpleiar, men borna blei også i mange tilfelle auksjonerte bort – «bortlisitert» – til lågastbydande, altså til den som skulle ha minst betalt for å ta seg av dei. Denne bortlisiteringa gjaldt også for andre grupper som skulle forsørgjast av Fattigvesenet, som sinnssjuke, og i somme tilfelle også arbeidsføre fattige. Denne praksisen tok slutt i 1900, saman med legdsordninga, då det blei forbode ved lov.

Avsløringa av dei groteske barnedrapa i 1900 førte til lovendring og auka tilsyn av forholda pleieborn levde under. Alle foto nytta i artikkelen er udaterte foto frå Åkerbergveien barnehjem.

Det var ofte småkårsfolk på landet som blei pleieforeldre. I tillegg til betalinga frå Fattigvesenet fekk dei billig arbeidskraft på garden. Dødelegheita blant dei bortsette borna var høg, særleg blant dei privat utsette, og dobbelt så høg blant uektefødde som blant ektefødde born. Den hyppigaste dødsårsaka var tarmsjukdommar. Pleieborna blei i større grad ofre for dette enn andre born, grunna dårleg ernæring, ofte mat av dårlegaste sort, kombinert med mangelfull kunnskap om barnestell, ureinslegheit og overfylte, usunne bustader.

Det fanst også ei meir uoffisiell barnebortsetting. Privat bortsetting var ei mogelegheit for unge, ugifte mødrer som ville unngå den avklaringa av heimstamnsrett som utsetting gjennom Fattigvesenet ville medføre: Dersom mora budde i Kristiania og barnet blei sett ut gjennom Kristiania Fattigvesen, skulle rekninga betalast av Fattigvesenet i det amtet mora sokna til, og slik blei det gjerne kjent i heimbygda at den unge kvinna hadde fått eit barn, og det utan å vere gift.

Mange ønskte dessutan å sette borna bort privat, fordi det då verka enklare å ha kontroll med pleiefamilien og å få barnet tilbake på eit seinare tidspunkt, dersom omstenda skulle endre seg, noko ein ikkje kunne gjennom Fattigvesenet, som ønskte at pleieforeldra skulle adoptere pleieborna og ta dei til seg som sine eigne.

Det var altså etterspurnad etter privat utsetting av born, og det var slik Anna Mathea Johansen og medhjelparane hennar kunne iverksette si groteske verksemd.  

Sigri Sandberg (Foto: privat)

«Madam Clausen» og kompanjong

Morgenbladet hadde 30. september 1901 eit utførleg referat frå rettssaka, som blei halden mellom 23. september og 1. oktober den hausten. Det var gjennom avisannonsar at hovudpersonen i saka, tiltalte «No. 2», Anna Mathea Johansen, fekk tak i dei fleste borna.

Ho møtte mødrene, «spillede komedie», oppgav falskt namn og avtalte betaling: anten 14–20 kroner per månad eller ein eingongssum på 150–200 kroner, noko som tilsvara ei årsløn for ein lausarbeidar på den tida.

Men det var berre i starten ho gjekk med på å få månadleg betaling kontra ein større eingongssum for borna, for «da hun saa, hvor daarligt det gik med Børnene, forstod hun, at hun vilde tjene bedre paa disse sidste Betalingsvilkaar».

Anna Mathea Johansen var i 1900 35 år gammal og må ha klart både å skape tillit og verke truverdig i rolla som omsorgsfull pleiemor. Ho kalla seg ofte «Madam Clausen», påstod ho var frå anten Drammen eller Ski, men nemnde aldri Nordstrand, der ho eigentleg losjerte. Ho var somme gonger enke, andre gonger ei gift, men barnlaus kvinne, velståande, med ein mann som var handverkar. Ho ønskte seg borna for sin eigen del og ikkje for fortenesta, fortalde ho mødrene, for ho var så glad i born og hadde ikkje kunna få nokon sjølv. Ungane skulle attpåtil arve henne. Alt var sjølvsagt løgn frå ende til annan. Anna Mathea Johansen var verken gift eller velståande, og knapt nokon av ungane overlevde ein månad i hennar pleie. I tillegg hadde ho allereie to born sjølv, begge fødde utanfor ekteskap.

            I ein nokså romantisk forfatta artikkel, som stod på trykk i fleire aviser rundt om i landet i oktober 1901, står det at Anna Johansen, som hadde hatt eit tiltalande ytre ein framleis kunne sjå sporet av, hadde fått desse ungane med ein student, som ho hadde stolt fullstendig på og tiltrudd arven etter foreldra sine då ho ung og uerfaren møtte han i Kristiania. Studenten investerte arven og skapte seg ein fin formue, men forlét så Anna og borna for å gifte seg med ei anna kvinne. Dette sviket skapte, ifølgje artikkelen, «den elskende kvinde om til en furie, der hadede alt og alle», og gjorde henne i stand til å utøve desse «fortvilte» handlingane.

Anna Mathea Johansen tok til saman til seg 19 pleieborn i perioden frå oktober 1899 og fram til arrestasjonen eit drygt år seinare. Av disse døydde 16 heime hos henne, under svært mistenkelege omstende, medan eitt barn blei drukna hos Pauline Olsen og putta i ein vadsekk. Barnet låg framleis i vadsekken i Pauline Olsens husvære då ho blei arrestert tre månader seinare.

Av dei 19 borna var det berre 2 overlevande. Det eine av desse to, eit 4 år gammalt barn som hadde vore hos Anna i 2–4 måneder, var så avmagra at mora vitna at hun aldri hadde sett noko liknande. 

Saka blei i avisene omtalt som «Pleiemødre-Sagen», og allereie frå dei tre hovudtiltalte blei arresterte i november 1900, gjekk det ville rykte i byen, ifølgje Aftenposten 6. desember.

Tiltalt «No. 1» var Pauline Olsen, som i likskap med Anna Johansen fylte 35 år i 1900. Ho hjelpte med å skaffe born gjennom forskjellige bedrageri, og sørgde for å skaffe dødsattest og få gravlagt borna etter at dei var døde, noko ho fekk særskilt godtgjerdsle for.

«Efterat Aftale var truffet med Barnemoderen, tog No. 2 Børnene ud til Nordstrand. Her døde de efter kortere eller længere Tid. Hun pakkede saa Liget ind, lagde det ned i en Vadsæk og drog ind til Christiania til Pauline Olsen. Denne henvendte sig saa til Læger, for hvem Barneliget blev synet, og paastod, at det var død i Christiania, og kom med andre urigtige Opgivender om Sygdom og Dødsaarsag. De benyttede flere Læger, da naturligvis ellers de hyppige Dødsfald vilde vække Mistanke og fik da af disse Dødsattest. Et Barnelig – der saa godt ud – blev forevist under forskjellige Navne for 3 forskjellige Læger, og de fik herved 3 Dødsattester, hvoraf de 2 kunde benyttes til andre Børnelig.»

Pauline tilstod å ha drepe Asta Landbergs barn Astrid, fordi ho etter å ha vore i pleie hos Anna Mathea og hennar ti år yngre medhjelpar Martha Kristine Andresen kom tilbake til Pauline «yderst vanstelt». Ho forklarte i retten korleis ho hadde teke livet av jenta:

«Hun tog en Morgen og hældte i Barnet en Spiseske Nafta, og da dette ikke strax virkede, puttede hun det ned i en med Vand fyldt Balje og holdt det der, til det var dødt. Oprindelig paastod hun, at No. 2 Anna Johansen havde været med derpaa, men har senere fragaaet dette og erklæret at have udført Gjerningen alene. Liget puttede hun i en Vadsæk, som blev staaende i Leiligheden til hendes Arrestation i November 1900.»

Pauline Olsen vitna om at fleire av barnelika ho hadde motteke frå Anna Johansen til gravlegging, lukta nafta eller konjakk. Anna Johansen gav også ungane kaffi og bayersk øl og oppmoda Pauline om å gjere det same, då dette ville framskunde døden. Anna gav ungane skumma mjølk, slik at dei skulle få magesjuke og døy. Ho brukte også å dekke borna med tunge puter og dyner dersom dei skreik, visstnok for å få dei til å teie stille. Pauline Olsen forklarte at dei døde borna var utmagra då dei kom til henne frå Anna Mathea, og ofte såre og hudlause på kroppen, fordi Anna Mathea berre skifta på dei to gonger om dagen, morgon og kveld.

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Liket i Gaustadbekken

Martha Kristine Andresen, 25 år gammal i 1900, var Anna Matheas medhjelpar og medsamansvorne. Dommen frå lagmannsretten fortel at Martha Kristine Andresen og Helga Mathilde Røed, som fylte 24 år det same året, budde hos Anna i det vesle husværet på Nordstrand. Anna Mathea Johansen blir i rettssaka skildra som «den intellektuelt overlegne» av desse tre kvinnene, og Martha Kristine Andresen blir omtalt som «et redskab» for Johansens hand, som fekk langt mindre økonomisk kompensasjon for ugjerningane enn Anna Mathea sjølv.


Sjølv om også Martha Kristine budde på Nordstrand og  hjelpte Anna Mathea med å ta seg av borna, hadde ho sjølv teke til seg ni born i løpet av året 1900, som ho hadde i pleie på tre forskjellige adresser: Urtegata 18, Borggata 16 og Normannsgata 14. Seks av desse mista livet.

Også «no. 6», Helga Mathilde Røed, tok til seg fem born medan ho budde hos Anna på Nordstrand, men i dommen står det at ho kom meir tilfeldig og uskuldig inn i verksemda, som i lengre tid var blitt driven av dei to andre kvinnene.

Helga Mathilde hadde ikkje noka direkte økonomisk interesse av brotsverket og hennar behandling av borna blei «foretaget efter instrux fra no. 2.», altså Anna.

Helga Mathilde Røed var gift med broren til Anna. Ho gav ifølgje Morgenbladet eit sympatisk inntrykk i retten, i motsetning til Anna og Martha, som forklarte seg særdeles kaldblodig om ugjerningane sine. Ho forklarte at ho hadde kome til huset til svigerinna i mai 1900, dels for å hjelpe henne med borna, og dels fordi ho ikkje hadde nokon annan stad å bu. Ho hadde etter instruks frå Anna lagt puter over borna når dei skreik, men alltid passa på at det var tilstrekkeleg med luft til dei.

Anna ville ikkje at nokon skulle vite at ho hadde pleieborn, «fordi hun altid havde syntes, det var saadan Skam at drive den Slags Forretning», som ho sjølv forklarte. Ein av grunnane til at husvertane ikkje oppdaga verksemda, kan ha vore at både Anna, Martha og Helga hadde eigne born, som laga nok lyd til å dempe skrika frå dei pleieborna som ikkje blei kvelte av puter, «Gamascher» eller filler stappa i munnen på dei.   

I tillegg til desse var det endå to kvinner som i nokon mindre grad var involverte i verksemda. Marthas søster, Karoline Mathilde Vennerskoug, 39 år gammal i 1900, blei innblanda i saka ved at ho assisterte Anna Johansen i å kvitte seg med eit av barnelika. Karoline var mykje hos søstera og visste at fem born hadde døydd i Marthas pleie. Ein dag kom Anna til henne med liket av eit nyfødd born innpakka i papir:

 «Det gjaldt at faa dette Barn bragt tilside, og Anna bad om Bistand hertil. Det var Tale om at ro ud paa Havnen og sænke det ned, men efter Forslag af Tiltalte blev liget af Anna og hende bragt op i Vestre Aker og der lagt i Gaustadbækken – en Dæl, hvis Vand det var Tiltalte bekjendt at ikke benyttes til Drikke.»

Karoline forklarte elles at ho visste lite om korleis barnestellet var hos Anna. Ifølgje lagrettsdommen var ho tidlegare straffa to gonger om lag tjue år tidlegare, begge gongene for tjuveri.

Den siste som stod tiltalt denne hausten, var den 71 år gamle jordmora Severine Pettersen Hochst, som hadde eigen fødselsklinikk i Wessels gate. Ho forklarte at ho hadde trudd at Anna Mathea Johansen var ei ganske velståande enke, og hadde ifølgje rettsreferatet forsynt henne med sju born. Ho påstod at ho trudde Anna skulle fungere som eit mellomledd mellom henne sjølv og pleieforeldra, som skulle vere bondefolk. Ho nekta for å ha visst noko som helst om at Anna beheldt borna, eller om lagnaden ungane møtte. Ifølgje rettssaka spedde ho på levebrødet sitt ved å putte ein god slump av pengane dei ugifte mødrene betalte for å få borna sine sette bort til private pleieforeldre, i eiga lomme. Men dette nekta ho for.

«et Glædens Budskab»

Pauline Olsen tilstod å ha drepe eitt barn, men døydde før domfellinga og fekk såleis inga anna straff for det ho hadde gjort, enn eit ni månaders opphald i kretsfengselet i Møllergata 19. Den statlege folketeljinga, som blei gjennomført 3. desember 1900, fortel at Pauline Olsen var ei ugift vaskepike frå Romedal, fødd i 1865, og med vanleg adresse Breigata 25 på Grønland.

Ifølgje Helserådets dødsfallsprotokoll døydde ho 26. august 1901 av «Hæmaturia», altså blod i urinen. Nærare dødsårsak er ikkje spesifisert, men hematuri kan skuldast kreft i nyrer, urinblære eller urinleiarar, men også infeksjonar, nevrologiske sjukdommar, nyrestein eller forgifting.

  

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Verken Anna Mathea Johansen eller Martha Kristine Andresen tilstod å ha drepe nokon av ungane med overlegg. Martha Kristine forklarte seg i retten om kvart einskild av dei fjorten borna ho hadde vore med på å pleie, om forpleiingsmåten og om dødsmåten. Ho tilstod at ho skjønte det kunne vere gale å gi barna skumma mjølk, men at «hun maatte gjøre det saa billigt som muligt for at leve».

Seks av hennar ni pleieborn døydde, og dødsårsaka blei protokollført som krampe eller diaré. Ho forklarte i likskap med Anna at eingongsbetalinga lønte seg fordi barna ofte døydde fort, noko ho hadde erfart i huset til Anna:

«Hun havde forøvrig liden Erindring om, hvad der passerede, idet ’hun ikke syntes, hun havde noget med det at gjøre, og derfor fæstede sig mindre ved det.’ Hun havde faaet Ordre af Tiltalte No. 2 til at lægge Puder over Børnene, og gjorde ogsaa dette.»

Ho erkjende altså at ho hadde lagt puter over borna når dei skreik, «og det ikke blot Fjærpuder, men endog en tung Stampelopude», noko ho hadde lært av «No. 2», Anna Mathea Johansen, som ifølgje Pauline Olsens vitneforklaring lét eit av borna ligge under tunge puter oppimot to og ein halv time, så det blei heilt blått og «det dampede af det».

Pauline forklarte vidare at «[e]n Gang, en af Børnene var død, kom No. 2 til Pauline og sagde, at idag havde hun et Glædens Budskab til hende, for nu var en af Børnene død, og hun tillagde, at det ikke var nogen Sag, om det vilde gaa ligesaa fort med de andre».

Anna påstod på si side at Pauline fleire gonger hadde «opfordret hende til ligefrem at ’pille Livet’ ud af Børn, som No. 2 for deres fælles Regning havde i Pleie, og havde kaldt hende en ‘Jaale’, fordi Børnene ikke hurtig nok blev expederede over i en anden Verden».

Anna nekta for å ha drepe borna og syntest det var besynderleg at så mange born skulle døy så fort. Både Anna og Martha påstod at ein del av ungane leid av venerisk sjukdom då dei kom til dei i pleie. Til trass for dette lét dei andre born ligge saman med desse og bruke dei same klesplagga.

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Anna sa i si vitneforklaring at ho alltid gav ungane kokt og nysilt mjølk, som var utblanda med vatn. Hun sørgde alltid for reine flasker og kokte smokkane. Borna fekk ikkje mat til bestemte tider, men når dei vakna og skreik, og ho vaska vanlegvis borna kvar morgon over heile kroppen. Ungane låg i ei kasse, som innvendig og utvendig var fora med grøn duk. Nye born blei lagde i kassa utan at kassa blei reingjord etter dei som var døde.

Ho hadde ikkje meldt nokon born til Sundhedskommisjonen, sjølv om ho visste at det var påbode. 

Ho innrømte at ho hadde lagt puter på dei fleste ungane, men som oftast berre i fem minutt om gongen, og alltid med nok luft, for at dei skulle vere stille og sove. Ho brukte for det meste lette puter, men også av og til stampeloputer, forklarte ho.

Årsaka til at ho starta forretninga, var at ho hadde hatt smått med pengar, så ho bestemte seg for å ta til seg pleieborn. Dette var ein periode i norsk historie med høg fattigdom og massearbeidsløyse etter krakket i 1899. Folk gjorde seg til forbrytarar for eit brød, og det var vanskeleg å få fattigstøtte dersom du var arbeidsfør – sjølv om det ikkje var arbeid å finne eller særleg å tene som arbeidar. Om ein tente 150 kroner per pleiebarn og tok til seg 20 born, blei inntekta på heile 3000 kr – ein temmeleg stor sum i 1900. Når berre eitt einaste pleiebarn gav ei vanleg årsløn for ein lausarbeidar, blir det openbert at det var gode pengar å tene på vonde handlingar.

 Anna Mathea Johansen var fødd i Skoger og står registrert i den statlege folketeljinga for 1900 som ugift tenestepike. Ho sat på dette tidspunktet fengsla i Møllergata 19, saman med Pauline Olsen og Martha Kristine Andresen. Hennar «sedvanlige adresse» var Tøyengata 12, der vi i folketeljinga finn dei nære slektningane hennar, familien Røed.

Anna Mathea og Martha Kristine blei begge dømde for mord til straffarbeid på livstid, i tillegg til å betale erstatning til statskassa på 50 kroner kvar. Kor dei biologiske borna deira blei av, seier kjeldene ingenting om, men dei blei kanskje sette bort til pleie. Ein kan alltids håpe at dei fekk eit betre liv enn det mødrene deira gav til pleieborna sine.

I merknadsfeltet til folketeljinga for Tøyengata 12 står det at familien Røed på tidspunktet for teljinga var flytta. Hadde dei rømt? Helga Røed var frå Nordby i Ski og gift med Johannes Røed, fødd i 1872, som var fabrikkarbeidar ved Hjula veveri og altså den yngre broren til Anna Mathea Johansen.

Dei hadde tre døtrer, Hjørdis på fem år, Eva på eitt og ei nyfødd og framleis udøypt jente. I tillegg budde ei yngre, ugift svigerinne saman med dei, som var «Linjererske v. Papirforr.», men også ho var forsvunnen på tidspunktet for teljinga.

Helga Mathilde Røed var ikkje tidlegare straffa. Ho blei dømt til fengsel i 25 dagar på vatn og brød og til å betale erstatning til statskassa for sakskostnader på ti kroner.

Severine Pettersen Hochst blei sikta etter kapittel 21 § 1 i straffelova, «for i hensigt at forskaffe seg eller andre en uberettiget vinding at have voldt en anden formuestab derved, at hun gjennem falske foregivender eller ved at lægge skjul paa sandheden eller ved anden skuffende adfærd hos nogen har fremkaldt eller styrket en vildfarelse, – ved i juli 1900 at opgive for Sofie Nilsen og Alma Flem, at deres børn Johan og Ragna blev bortsat til pleie med en betaling af 200 kroner til henholdsvis snedker Kristian Andersen i Skaugær og en rig bondekone, medens børnene i virkeligheden bortsattes til no. 2. for 150 kroner, idet no. 4. selv beholdt 50 kroner af betalingen».

Ho blei dømt til fengsel på vatn og brød i åtte dagar.

Karoline Mathilde Vennerskoug blei idømt same straff, men blei friteken for å betale omkostningar fordi hun hadde tilstått brotsverket.

 Aftenposten hadde følgjande referat frå domsavseiinga den 1. oktober 1901:

«De Tiltalte No. 2 og 3 fortrak ikke en Mine under Domsafsigelsen, men No. 2 gjentog paa Lagmandens Forespørgsel, om de Tiltalte ønskede at udtale noget i Anledning af Dommen, sin Udtalelse fra igaar, at hun ikke kunde vedtage, da hun ikke var skyldig i Mord.»

«magre, som udsatte Børn pleier at være»

Lagrettsdommen listar opp alle borna ved namn, i tillegg til namnet på mødrene deira, men namna til mødrene blei ikkje offentleggjorde i avisene, etter at lagmannen under domsavseiinga bad referentane om «at vise Hensynsfuldhed mod de ulykkelige Barnemødre».

Ifølgje Morgenbladet 30. september 1901 forklarte fleire av mødrene at Anna Mathea Johansen hadde kontakta dei etter at borna deira var døde, for å heve den månadlege summen. Ho påstod då at ungane hadde det godt og var sterke og raske. Ifølgje mødrenes vitnemål var dei fleste ungane absolutt friske og sterke då Anna fikk dei i pleie. Men innan 14 dagar var omme, var dei fleste av dei døde. 

Ei eldre kone, Wilhelmine Johansen, hadde hatt eitt av borna i pleie før Anna tok over. Hildora Hansens barn, Arthur William, døydde same kveld som Anna tok imot han. Wilhelmine Johansen vitna om at guten var absolutt kjekk, frisk og kraftig då ho gav han frå seg, og at ho blei ganske skaka då statsadvokaten fortalde henne om lagnaden til guten.

Det var stor barnedødelegheit i Kristiania rundt 1900, og tuberkulosen herja. Professor Ellen Schrumpf skriv at synet på barnedød i arbeidarmiljøa på Kristianias austkant truleg bygde på gamle førestillingar om at mennesket ikkje hadde noko å stille opp med overfor døden: Det var ei rådande oppfatning at ein ikkje kunne hente døde born ut av klørne til lagnaden. Legebesøk kosta svært mykje, og det var truleg sjeldan at ein lege blei tilkalla.

Dette kan kanskje forklare korfor legane som hadde skrive ut dødsattestane, ikkje reagerte på at dei ikkje hadde sett borna medan dei var i live. Legane, som heller ikkje blir namngitt i Morgenbladet, forklarte for retten at dei ikkje hadde sett merke som kunne tyde på ytre vald på dei døde borna, og difor stolte på pleiemødrenes påstand om at borna var døde av naturlege årsaker, som krampar, magesjuke eller diaré.

Dei sakkunnige, Professor Harbitz og cand. med. Fin Holmsen, obduserte fire barnelik, men tre av desse var komne for langt i forråtningsprosessen til å fortelje noko sikkert. Det siste barneliket, som blei funne hos Anna Mathea då ho blei arrestert, viste derimot teikn på kvelingsdød og hadde lungeødem og daudblod på lunga. Heller ikkje dei sakkunnige fann teikn til ytre vald på borna. Det som gjorde forholdet med dei tiltalte si verksemd så merkeleg, forklarte dei, var at nesten alle borna døydde, at dei døydde ganske straks etter at dei var komne til pleiemødrene, og at dei døydde heile året rundt, slik at tanken på epidemi var utelukka. Professor Harbitz nemnde til samanlikning at den offisielle statistikken på mortaliteten blant utsette, uekte pleieborn dei siste åra viste at det gjennomsnittleg var ein tredjedel av borna som døydde. Dei sakkunnige uttalte vidare at å fôre barn med skumma mjølk var å betrakte som vanrøkt. 

Det var Sundhedskommisjonen som skulle føre tilsyn med pleieborn som blei sette ut utanom fattigvesenet, men dette pleieheimstilsynet var ifølgje Anne-Lise Seip illusorisk. Det vakte offentleg forarging at englemakerskene så enkelt hadde klart å unndra seg tilsyn. I Morgenbladet, to dagar etter domfellinga, føreslo «Medicus» i eit lesarbrev at lika av utsette pleieborn alltid skulle bli obduserte, slik at «[b]ehandlingen af disse Ulykkelige [vilde] blive bedre, og Forbrydelser, som de i disse Dage afslørede, blive sjeldnere».

Ekstra ille var det at det kom fram at distriktslegen i Aker, dr. Hennum, faktisk hadde vore på inspeksjon hos Anna Mathea Johansen ved eit tilfelle, utan å finne noko å bemerke:

«Distriktslægen fandt Forholdene der hverken verre eller bedre, end det pleier at være i den Slags Anstalter. Børnene hos hende var magre, som udsatte Børn pleier at være.»

Denne opplysninga, samanstilt med den høge dødelegheita hos utsette born, seier mykje om forholda desse stakkars ulykkelege måtte leve og døy under – også når dei ikkje var i pleie hos kaldblodige mordarar.


Dette er ein omarbeidd og omsett versjon av artikkelen «Englemakerskene», som første gong stod på trykk i Oslo byarkivs tidsskrift for oslohistorie, Tobias 1/2012.

Foto nytta i artikkelen er udaterte foto frå Åkebergveien barnehjem, frå Oslo byarkiv. 

 

Kjelder

Helserådet, Administrasjonen, hovedarkivet. Ic, Protokoll over anmeldte døde 1901-1905.

Folkeregisteret, Gbb, Folketelling 1901, Møllergata 19.

Statsarkivet i Oslo, Oslo lagdømme. Domsprotokoll nr. 8. 22.01.1901-20.12.1901

Litteratur og trykte kjelder

Aftenposten, morgen. 23.09.1901:1: «Pleiemødre-Sagen.»

Aftenposten, morgen. 28.09.1901:1: «Pleiemødre-Sagen.»

Aftenposten, morgen. 01.10.1901:1: «Pleiemødre-Sagen.»

Indhereds-Posten. 18.10.1901:1-2: «Barnemordersken Anna Johansen

kjærlighedsroman»

Morgenbladet, morgen. 23.09.1901:1: «Pleiemødrene for Lagmandsretten.»

Morgenbladet, morgen. 25.09.1901:1: «Pleiemødresagen.»

Morgenbladet, morgen. 30.09.1901:1: «Pleiemødre-Sagen.»

Morgenbladet, aften. 30.09.1901:1: «Pleiemødrene for Lagmandsret.»

Morgenbladet, morgen. 01.10.1901:1: «Pleiemødre-Sagen.»

Morgenbladet, aften. 01.10.1901:1: «Dommen i Pleiemødresagen.»

 

Barne- og familiedepartementet (2004). NOU 2004: 23. Barnehjem og spesialskoler under lupen Nasjonal kartlegging av omsorgssvikt og overgrep i barnevernsinstitusjoner 1945–1980. Oslo: Statens forvaltningstjeneste/Informasjonsforvaltning.

Bergkvist, Johanne (2009): «Pleiebarnas historie.» I: Tobias. Tidsskrift for oslohistorie. Tema: Fattigdom. Bård Alsvik (red.). Oslo byarkiv, nr. 2/ 2009.

Hagen, Gerd (2006): Barnevernets historie. http://www.forskningsradet.no/prognett-vfo/Artikkel/Barnevernets_historie/1224698373540 [Lesedato 21.08.2012]

Melvold, Erik Oluf (1998). «Pleiebarna.» Hefte 27 i serien «temahefter om byen vår» Oslo: Oslo kommune, Skoleetaten, Skoleadministrasjonen.

Odelstinget (1903). Ot. Prp 18 1902-1903 Ang. forslag til lov om tilsyn med pleiebørn m.v. Kristiania.

Schrumpf, Ellen (2012): «En tredje vending i barndomshistorien?» I: Historisk tidsskrift. Ida Bull (red.). Universitetsforlaget, nr. 2/ 2012

Seip, Anne Lise (1994): Sosialhjelpstaten blir til. Norsk sosialpolitikk 1740-1920. Oslo, Gyldendal norsk forlag.

Aina Basso: Ungen

Basert på kjelder frå ei trist og gruvsam rettssak tek Aina Basso oss med til eit Oslo i ei anna tid. I Kristiania i 1899 mistar Anna husposten sin etter at grosseraren ho tente hos, går konkurs i krakket. Ho får ta inn på Grønland hos Pauline, som ho tidlegare arbeidde med på fabrikken. No er det ikkje arbeid å få, og dei to bestemmer seg for å ta til seg pleiebarn – mot rimeleg betaling. Men når det først og fremst handlar om eiga overleving, hamnar spedbarna ofte i andre rekkje, og følgjene blir alvorlege. Mellom ungane er det likevel ei som Anna knyter seg til. Vesla minner om det ho sjølv hadde i eit tidlegare liv, før ho mista alt.

Basso har skrive ein roman om dei ofte skremmande vilkåra uønskte barn levde under ved hundreårsskiftet i Kristiania. Den viser fram desperasjonen i fattigdommen og kva menneskesyn som kan komme til uttrykk når ein sjølv gjer alt for å overleve. Forteljinga er basert på faktiske hendingar og personar.