Er du ein språknerd?

Samlaget arrangerer kurs for nynorskingar som kan tenkja seg å jobba med språkvask og korrektur

 

Den 7. februar inviterer me til eit heildagskurs i Oslo der me diskuterer språklege problemstillingar og jobbar med språkvask og korrektur. Mangeårig språkvaskar og ordlisteredaktør Aud Søyland leier kurset. I tillegg kjem språkvitar og forfattar Kristin Fridtun for å snakka om skilnaden på bokmål og nynorsk.  

Er du interessert i språk generelt og nynorsk spesielt og kunne tenkja deg å jobba med nynorsk språk, håper me du vil søkja. Du må ha god kjennskap til nynorsknorma og vera glad i litteratur.

Send ein søknad (ei halv side) der du fortel om motivasjonen din og ev. erfaring frå språkarbeid til manusredaktør o.malmin@samlaget.no. Deltakarane som får plass, vil få to oppgåver som skal leverast før seminaret.  

Frist for innsending av søknad: 10. desember 2019. 

Deltakarane får reisetilskot. Samlaget kan hjelpa til med overnatting til dei som treng det. 


Det Norske Samlaget er det leiande nynorskforlaget i Noreg og har fremja nynorsk språk og litteratur i meir enn 150 år.