Kari Stai: Biletbøker til glede for alle

Kari Stai: 

Biletbøker til glede for alle

Bilete og illustrasjonar kan tilføre ei forteljing fleire lag og opna opp for nye tolkingsrom. Bilete kan dessutan gjere ei forteljing enklare å følgje, og kan vere med på å gjere ein tekst meir tilgjengeleg. Éin ting er sikkert: Biletbøker kan vere til glede for store og små, vaksne som born! Her kjem fire tips av Kari Stai til biletbøker for alle.

IDA EVA NEVERDAL
JOJO

Dette er ei tyggisboble av ei biletbok. Vi møter guten Jojo gjennom sjarmerande og absurde historier i teikneserieformat. Jojo prøver å kommunisere så godt han kan med omverda i ulike kvardagslege situasjonar: hos tannlegen, på skuleball og hos frisøren (Kokopellis magiske hårsalong). Menneske og fantasifigurar blandar seg saman i tide og utide og skapar desse sidehistoriene som gjer Jojo til ein lesefest. Nokre som dukkar opp frå sidelinja, er Den magiske taco og Ostepop-feen. Dei underlege figurane smett inn og ut av scenane, her er det visuelt og språkleg overskot. Jojo er underhaldande lesnad som utfordrar oss gjennom å by raust på det absurde – her får ein både ledd og klødd seg i hovudet. Barn i alle aldrar vil kose seg i Neverdahls univers, i tillegg til å få stimulert eigen kreativitet. Ei sjarmbombe!

125,00 kr 249,00 kr

Frode Grytten og Gry Morsund (ill.)
GABBA GABBA HEY

Knut er redd for tivoli. Pappaen hans, derimot, elskar det og er så i ekstase over å skulle dit at han ikkje merkar at sonen er livredd. Dette er ei historie som handlar om kor vanskeleg det er å seie i frå, og kor viktig det er å kjenne etter kva ein vil og ikkje. Og sjølv om ein seier i frå, er det ikkje sikkert det når fram før ein seier det veldig tydeleg. Nokre vaksne er verkeleg fjerne og forstår ikkje hint. Barn har froskeperspektiv og vaksne fugleperspektiv – som igjen kan skape ulike bilete. Den stillferdige og redde Knut går nesten under i redsel, men så tek historia ein U-sving. Både i tekst, form og farge er denne boka like sprakande som eit tivoli.

149,50 kr 299,00 kr

Marit Kaldhol og Wenche Øyen (ill.)
FARVEL, RUNE

Vi møter Rune og Sara, som er hjartevenner. Ein dag då dei leikar ved dammen, druknar Rune. Vi følgjer Sara vidare gjennom dagane og året og kjem tett på sorga og tankane hennar. Akvarellane til Øyen er måla vått-i-vått og får understreka dei kraftfulle kjenslene i boka. Men sjølv om døden står i fokus her, gir teksten til Kaldhol oss likevel håp, mykje lys og veldig mykje varme. Boka kom ut i 1986, men har i to tiår halde seg i front blant barnebøkene som tematiserer barn og død. Boka er eit godt utgangspunkt for samtale med barn i sorg. Ho gir rom til lesaren, rom til å sørgje og rom til å la døden få vere mild og stille.

149,50 kr 299,00 kr

Camilla Lundsten
ENDELIG FEST!

Camilla Lundsten har laga ein solid og stimulerande serie peikebøker. Her møter vi Veslefanten, Makkus og Kanina i kvardag og fest. Lundsten gir dei yngste lesarane noko meir å tyggje på enn dei fleste andre bøkene i denne genren – her er meir å oppleve enn å berre lære grunnleggjande omgrep som «eple» og «sol». For her er det også dramaturgi, ei oppbygging og problemstillingar som må løysast. Bøkene struttar av farge, spennande form og gode replikkar. Og persongalleriet blir ein sjarmert av ved første augekast.

75,00 kr 149,00 kr