Aina Basso: Bøker å reise vekk i

Aina Basso: 

Bøker å reise vekk i

Rønnaug Kleiva
Armenia, Albania, Argentina

I Armenia, Albania, Argentina av Rønnaug Kleiva møter vi den godt vaksne Rønnaug som reiser åleine til ulike, til dels usentrale delar av verda for å møte nye folk og kulturar, og få ein pause frå «vanskane der heime». Då eg las denne boka, medan eg sjølv var åleine på reise, lét eg meg imponere over den modige og sjølvstendige Rønnaug, som hiv seg ut i det, hiv seg med, vågar å stole på folk – og finn ein måte å stikke av på, dei gongene folk – særleg menn – ikkje er til å stole på, likevel. 

Ei avslappa, usentimental reiseskildring, slett ikkje utan humoristiske innslag. 

199,00 kr 420,00 kr

Hilde K. Kvalvaag
Lev vel, alle 

Lev vel, alle av Hilde K. Kvalvaag handlar om Gunhild og sonen Knut som reiser til Canada der Gunhild vil følgje i fotefara etter oldefar sin. 16 år gamle Knut har droppa ut av skulen etter ein alvorleg valdsepisode og blitt utstøytt av skulekameratane. Mor hans håper at reisa vil få han inn på eit anna spor og gjere han godt, men det kjem stadig tydelegare fram at ho ikkje har det ikkje særleg godt sjølv, heller. Og Knut er ikkje lett å hjelpe. 

Boka tematiserer det umogelege, nærast uoverstigelege gapet som kan opne seg mellom to som burde vere heilt nær; desperasjonen i kjærleiken, den tynne lina mellom kjærleik og hat i nære relasjonar og den enorme mobiliseringa i kraft og vilje som kan kome når det verkeleg trengst.    

89,50 kr 179,00 kr

Nils Henrik Smith
Se ilden lyse over jord 

Se ilden lyse over jord av Nils Henrik Smith byrjar på eit hotellrom i Minsk, der hovudpersonen, ein 61 år gammal, fråskilt vegingeniør vaknar etter å nok ein gong ha drøymt om herrestafetten i langrenn under OL på Lillehammer i 1994. No har han reist til Kviterussland for å møte den unge og vakre Kataryna, som han har fått kontakt med på ei nettside. 

Ein svært god roman om ein mann som får ein ny sjans til kjærleik etter eit liv der han har mislykkast i ekteskapet og til dels også som far. Men er det eigentleg mogeleg å starte på nytt?  

199,00 kr 400,00 kr

Jan Roar Leikvoll 
Bovara 

I romanen Bovara av Jan Roar Leikvoll møter vi Frrok som er gartnar i klosteret ved landsbyen Bovara. Han elskar munken Flori, og det einaste han ønskjer er å bli elska attende, men Flori elskar nokon andre, ei jente han har møtt i landsbyen i skjul. Når Flori trekker seg tilbake for å skrive ei bok, er det Frrok som møter jenta når ho kjem til hagen.  

Som dei andre romanane Leikvoll rakk å gi ut medan han levde, er Bovara både vakker og gruvsam, og gjorde sterkt inntrykk på meg då eg las, slik også dei andre bøkene hans har gjort. 

189,00 kr  379,00 kr