Olaug Nilssen: Lesemotivasjon i koronaens tid

Olaug Nilssen: 

Lesemotivasjon i koronaens tid

Det er ikkje sikkert at alle får til å følgje opplegget frå dei stengde skulane heilt slavisk. Då er det godt å vite at ungane ofte har i lekse å "lese femten minutt i eiga bok eller eige blad". Eg er i alle fall verken flau eller redd for å definere lesing som skulearbeid, eller å bestemme kva slags litteratur ungane skal få i seg, uansett om dei les sakte eller raskt. 

Visste du at barn som er litt motvillige til å lese, kan la seg overtale til å lese bøker med lite skrift på kvar side? Her får du nokre tips om slike.

Anna Fiske m.fl.
Visste du at ... KU, GRIS, KATT, HUND, HEST, SAU

Visste du at barn kan bli motiverte til å lese, både av å finne fakta dei kunne frå før ("ha ha, det visste eg!") og av å finne ny informasjon? Visste du at Anna Fiske lagar dei mest inspirerande illustrasjonane, ikkje berre i bøker om å lage barn, men også i bøker som handlar om KU, GRIS, KATT, HUND, HEST og SAU?

99,00 kr 199,00 kr pr stk

Anna R. Folkestad
Unni og Gunni gjer det fint, malar og reiser

Det er tre bøker om Unni og Gunni, og dei er alle verde å oppsøke. Dei to pingvinane er mildt pedagogiske og sterkt sjarmerande. Bøkene har enkle setningar og fantasiutvidande bilete. 

75,00 kr 149,00 kr pr stk

Kari Stai
Jakob og Neikob

Jakob og Neikob er neppe nye kjenningar for ungane, men kanskje er det første gongen dei les teksten sjølv? Det kan gi tryggleik å vite litt om kva som står på sidene før ein sjølv skal komme seg gjennom dei.

149,00 kr 299,00 kr

Martine Grande
Tapar

Det står ikkje mykje på kvar side i denne boka heller, men det som står, er opprørande for dei små. Den frekke reven Ronny og det dovne Dovendyret Dag skal springe om kapp. Åh, må dovendyret få vinne, berre denne eine gongen! 

99,00 kr  199,00 kr

Pia Strømstad, Flu Hartberg (ill.)
Do. Ei stinkande reise gjennom bæsjens historie

Det er kanskje litt vel mykje tekst på sidene i denne boka. Men i det minste kan temaet vere motiverande for at dei yngste skal lese ein litt lengre tekst. Eg har sett forfattaren formidle boka gjennom å stikke hovudet gjennom eit lausrive dosete, det kan truleg også inspirere nyslåtte lærarar i hus og heim. Dei fleste desinfiserer vel doen fleire gonger dagleg, så dette går bra!

149,00 kr 299,00 kr