Anders Totland:
Fem boktips for heile familien
Anna R. Folkestad
Henrik And
Dette er ei av bøkene som eg ofte les høgt for ungane, og som eg aldri blir lei av. Ho handlar om ei and som helst vil vera noko anna. Kanskje ein hamster eller ei flaggermus? Kva som helst, berre ikkje ei heilt vanleg and. Ei fin forteljing om å lengta etter noko anna, men likevel enda opp med å vera nøgd med det ein er og har.
149,50 kr 299,00 kr
Atle Hansen
Flukt
Atle Hansen har skrive ei lang rekke med spennande, lettlesne bøker for barn og unge. Flukt er blant bøkene hans som rettar seg mot eit litt eldre publikum, og er ei historie om vennskap og identitet, og om asylsøkarar på rømmen. Ho er både spennande og tankevekkande.
Ragnar Hovland
Fredlaus
Fredlaus handlar om 14 år gamle Anders som rømmer heimanfrå. Då eg sjølv var i tenåra og eigentleg hadde slutta å lesa bøker, var det ein gong ein lærar som tipsa meg om at eg burde prøva å lesa noko av Ragnar Hovland. Det var eit veldig godt tips. I løpet av året som gjekk, pløgde eg meg gjennom mesteparten av den omfattande forfattarskapen, og fekk både gode leseopplevingar på rekke og rad og ikkje minst eit stort litterært førebilete. Fredlaus er blant favorittane mine.
Anne Gunn Halvorsen
Livet og korleis leve det
Dette er noko så sjeldan som ei velskriven, morosam og nyttig handbok for vaksne. Ho handlar strengt tatt ikkje om dei store krisene i samfunnet, som den me er inne i no, men om familielivet og privatøkonomien og mange andre sider av livet som blir sett på prøve i desse dagar. Sånn sett er kanskje boka, som kom ut i 2017, meir aktuell enn nokon gong før.
Agnes Ravatn
Fugletribunalet
I Fugletribunalet møter me ein avdanka TV-profil som nettopp ikkje har fiksa dette med korleis ein helst skal leva livet. Ho flyttar til bygda, der ho leiger seg rom hos ein mann som i seg sjølv er eit lite mysterium. Medan dei to prøver å finna ut av kvarandre, utspeler det seg ein thriller som er både mørk og fascinerande. Dette er ei av dei mest medrivande bøkene eg har lese, og det er ikkje noko rart at dette blei det verkeleg store gjennombrotet til Agnes Ravatn.