Musikalske draumar om fridom

I arbeidet med romanen Lyden av to hender har Sunniva Relling Berg stifta kjennskap med ungarsk historie, augesjukdom og musikalsk fingerfølelse: – Den raraste prosessen eg har vore borti.


«Kva skjer med språket mitt om eg ikkje lenger kan bruke synssansen til å beskrive?» spurde forfattaren og bibliotekaren seg sjølv for ni år sidan. Teksteksperimentet resulterte i at Relling Berg fann fram til Jákob og Lotte, dei to personane som skulle kome til å definere den første romanen hennar for vaksne, Lyden av to hender.    

– Eg såg for meg ein blind person som sat i ein stol, og blei nysgjerrig; kvar kjem denne personen frå? Så lukka eg sjølv auga og tenkte at han kunne høyre stega til nokon i trappa. Kven er det som kjem? spurde ho. Lyden av to hender kretsar rundt den ungarskfødde pianolæraren Jákob, som lir av augesjukdommen Retinitis pigmentosa og gradvis har lagt frå seg virket som konsertpianist, og den tidlegare studenten hans, Lotte, som prøver å finne sin plass i musikken og livet generelt. Handlinga flyttar seg fram og tilbake i tid, frå Lottes tilvære som musikkstudent i Wien til heimstaden og vidare til Jákobs Ungarn.

Sigri Sandberg (Foto: privat)

Frå Bergen til Budapest 

Tidlegare har Relling Berg henta inspirasjon til skrivinga lokalt – frå sitt eige liv og heimland. I Jákobs tilfelle måtte ho derimot ut av Noreg og til kommunismens Ungarn.   

 – Historia utvikla seg etter kvart som eg lærte meir om Ungarn, og det kjendest i det heile tatt berre riktig. Musikalsk arv er òg viktig i landet, som verka inn, seier Relling Berg, som drog til Budapest for å forstå korleis det har vore å vekse opp i landet.   

 Kjeldenettverket i Ungarn hadde sitt utsprang i to vener i Bergen, som hjelpte henne vidare.   

 – Ei av dei tok kontakt med sin gamle historielærar. Nokon av dei yngre eg snakka med, hadde òg eldre slektningar som sakna den tida dei var under kommunismen. Noko var jo faktisk bra – om du ikkje gjorde noko som opprørte andre. Kunst og kultur for alle, til dømes.


Ein musikalsk roman 

Eit sentralt tema i boka er koplinga mellom musikk og fridom. For ungararen Jákob, handlar det om lengt etter musikalsk fridom i eit tilvære med mangel på demokratisk og kroppsleg fridom.

 – Musikken kan vere eit opprør i seg sjølv. I ein passasje i boka fortel ein ung Jákob ein ungarsk elev om ein songtekst der det blei gira opp i femte gir, men i Ungarn hadde bilane berre fire gir. «Alt blir ikkje fanga av sensuren», røper då Jákob til den unge guten, fortel Relling Berg. Den unge, lovande Lotte slit ifølge læraren på si side med å vere nær si eiga speling, og legg på strengt vis verdien av seg sjølv i eigne musikalske prestasjonar.   

– Eg håper det er ein musikalsk roman, som også handlar om korleis vi er mot dei vi har rundt oss – og kor godt det er mogeleg å kjenne nokon. Kva er mi rolle her? Kva for folk har eg sett opp til? Korleis skal eg finne meg sjølv oppi dette? spør Relling Berg.   Ho speler sjølv fiolin og piano, og har i boka både henta inspirasjon frå eigne speletimar og fått hjelp av profesjonelle musikarar til gjennomlesing.

Intrikat skriveprosess 

– Dette er den lengste og raraste prosessen eg har vore borti, seier Relling Berg lattermildt om tida frå idé til bok. 

– Manuset har vore stort i omfang, alt av historier, personar og årstal tatt i betraktning. Eg ville at det heile skulle henge i hop, så eg har vore flittig brukar av Excel og Trello for å halde oversikt, fortel ho og legg til:    

 – Det har vore spanande å sjå korleis historia har tatt form og karakterane oppstått. Nysgjerrigheita har fått bøkene til å utvikle seg. Men eg kjem nok ikkje til å planlegge eit nytt slikt prosjekt no med det første, seier forfattaren med eit smil.


Sunniva Relling Berg: Lyden av to hender

Lotte satsar alt på å bli ein dyktig konsertpianist. Men ho blir ikkje vald som solist til Vårkonserten i Wien, og verda hennar fell i grus. Midt i semesteret reiser ho heim til Noreg for å søke råd hos den gamle pianolæraren sin. Jákob var helten til Lotte då ho vaks opp, ein som stilte opp då hennar eigen far var opptatt med alt anna. Men det er noko som ikkje stemmer. Kvifor ville Jákob gi opp karrieren som konsertpianist for å bli pianolærar i Noreg? Kva var det som skjedde i Ungarn, som gjorde at han måtte flykte tidleg i tjueåra? 


Lyden av to hender er ein roman om musikk, store draumar og skjebnesvangre val - og om støyen frå alt det vi ikkje snakkar om. Boka er Sunniva Relling Bergs første roman for vaksne.