Tor Jonsson

Nærast er du når du er borte

Skrive av Rita Mundal i Tor Jonsson-laget 


Tor Jonsson vart fødd 14. mai 1916 i Lom. Dei fyrste åra av livet budde han i Prestkroken, ein husmannsplass under prestegarden. Der oppunder Lomseggen vart kornet sådd fyrst om våren og vart fyrst moge om hausten. Da Tor var åtte år gammal, kom faren opp i ein lang og bitter strid om frikjøp av husmannsplassen. Striden hamna i avisspaltene og vart ein verkebyll som kløyvde bygda i to. Faren tapte saka. Familien måtte flytte frå plassen og jorda som dei hadde dyrka, og inn i Stuslegstugu litt lenger ned i lia. I dag kan vi knapt førestille oss kor viktig det var å eige og dyrke jord for Johannes Johnsen og andre i hans situasjon, og flyttinga innebar eit dramatisk sosialt fall. Den stridige og sterkt politisk engasjerte faren døydde i 1929. Diktet «Trollheim», som er med i denne samlinga, er ei av få tekster som skildrar han. 13 år gammal var Tor farlaus. Han bar på ei djup sorg og eit stort sinne og opprørstrongen var kveikt i han. I diktet «Grågrenda» skriv han: Ei gåve gav du meg, grend av det gråe: Viljen til strid, striden for meg og dei andre småe. 



På skulen gjorde Tor det særs godt. Han var gløgg, las alt han kom over av aviser, blad og bøker som han lånte på boksamlinga, og hadde store kunnskapar som han auste av i timane. Stilane hans vart lesne høgt for klassa. Iblant vart han kalla «Vetl-Aukrusten», «Snorre» eller «Vinje-guten» av dei andre elevane. Lærarinna hans på framhaldsskulen, Randi Bojer, og faren hennar, forfattaren Johan Bojer, ville hjelpe Tor med  støtte til å ta meir utdanning. Den stolte guten ville ikkje stå i gjeld til nokon og takka nei. Men diktardraumen hadde vakna i han. I 1932 debuterte han 16 år gammal i Arbeidermagasinet med forteljinga «Eit Illmenne». 


– Brend og borte, sa Tor Jonsson sjølv om Baksibragd, det fyrste manuset han sende inn. Det vart sendt til fleire forlag i hovudstaden i 1937 og i omarbeidd form i 1938. Dikta vart skrivne på matpakke-papir og brukte konvoluttar og det han elles hadde for handa, og alt i hop vart borte i krigsåra, ifølgje han sjølv. Det stemmer ikkje heilt. Kulturjournalist Torodd Kvaale (1927–1995) frå Lom samla i hop dikt, kladdar og manuskriptsider som låg att etter Tor Jonsson. I 1965 fekk han trykt tre hefte i avgrensa opplag, Baksibragd, Ord i einsemd og Mot ytste grensa. I heftet Baksibragd er det samla brotstykke av diktsamlingane som han sende inn, inkludert konsulentuttalen til Olav Dalgard i Noregs Boklag. Diktsamlinga gjev bod om eit ungt talent som har mykje å fara med, men som også har mykje att å lære, skriv Dalgard i uttalen. Han trekkjer fram dei kvasse og humoristiske glyttane forfattaren gjev av livet i bygda som noko av det beste. Påverknaden frå Olav Aukrust blir også trekt fram. Manuset Baksibragd vart refusert båe gongene, men ein del av dikta kom truleg med i debuten. Det gjekk fleire år før han prøvde seg på ny. Denne gongen fekk han ja frå Noregs Boklag, og debutsamlinga Mogning i mørkret kom ut i 1943. Debutboka fekk lite merksemd og vart mest ikkje omtala i aviser og blad, men husmannssonen hadde realisert diktardraumen, og ho selde godt. Opningsdiktet «Ordet» har blitt ståande som eitt av dei mest kjende dikta hans. Tor Jonsson fekk gjeve ut tre diktsamlingar mens han levde. Berg ved blått vatn kom ut i 1946 og Jarnnetter i 1948. Ei dagbok for mitt hjarte kom ut posthumt i 1951. I heftet Ord i einsemd finn ein dikt og utkast til dikt som han skreiv i tida mellom Berg ved blått vatn og Jarnnetter. Jarnnetter hadde arbeidstittelen Ord i einsemd. I det siste heftet frå Kvaale, Mot ytste grensa, finn ein manuskript og kladdar til dikt som Tor skreiv frå vinteren 1948 og fram til han døydde. 14. januar 1951 døydde Tor Jonsson, berre 34 år gammal. Ein av dei siste som hadde kontakt med han, var Tarjei Vesaas. Dei to venene treftest i Oslo og skulle dele rom på Bondeheimen. Men Tor dukka ikkje opp att i løpet av natta. Han hadde lagt att ein lapp til Tarjei der det stod at han brått måtte reise. Tarjei tala med folk som kunne fortelja at Tor hadde vore deprimert den siste tida. Tarjei ville invitere Tor med til Halldis og ungane i Vinje, og han utsette heimreisa. Men morgonen etter ringjer han Halldis på ny. I memoarboka Båten om dagen. Minne frå eit samliv 1946–1970 skriv Halldis om samtalen: Eg hørte på han at noko stod på, spurde kva det var. Pause i telefonen. Så sa han: «Det er Tor Jonsson.» «Kva er det med han?» Ny pause og så: «Det er – Karin Boye.» Så visste ein. Tor Jonsson hadde gjort det ho gjorde. 




Nærast er du når du er borte er dikta frå dei tidlegare samlingane tekne med saman med eit nytt tillegg på om lag 50 dikt. Dette er dikt som har vore trykte i aviser, blad og bøker og dikt som ikkje har vore publiserte. Dei fleste nye dikt som er tekne med i denne boka, er henta frå dei tre hefta som Torodd Kvaale fekk i stand. Med den nye, utvida utgåva ynskjer vi å syne ei større breidde hjå lyrikaren Tor Jonsson. Nokre av dikta er frå tida hans som bladmann. I 1945 og 1946 var han journalist i Dølenes blad/Dølabladet på Otta og redaktør i Hallingdølen i Ål. Her skreiv han dikt og små notisar under pseudonym som Mikro, Kjatrik og Brumbas. I desse dikta syner skjemtegauken Tor Jonsson seg fram. Påverknad frå sambygdingen, diktarhovdingen Olav Aukrust, er nemnd. Særleg godt kjem dette til syne i naturdikta og i folkelivsskildringane i Baksibragd og Mogning i mørkret. I «Lassbilvise» skriv han om livet til lausarbeidaren: «Eg sit og sleng på ein lassbilkarm». «Eg låg på lauvlasset, dorma, drøymde», heiter det i Aukrust-diktet «Vårblå himil i mars». Dikta «Proletarvise», «Sveinkallspringar» og «Dansar-Jan» skildrar fest, fyll og laussleppt livsførsel blant småkårsfolk. Språket er munnleg og «sprita opp» med bannskap og kallenamn på folk slik som ein finn det i Aukrusts «Aksión på Tande». Tor Jonsson blir etter kvart den rake motsetninga til sambygdingen. Han vil ikkje vera ein «Vetl-Aukrust» og mindremann og skil seg frå Olav Aukrust i form, tone og innhald. I skrivinga kan nemleg ein «fattig husmannsgut med bøter bak i broka» vera ein jamning. 



Olav Aukrust skriv høgstemt, himmelvendt og utbroderande frå sin himmelvarde. Tor Jonsson skriv kvast og korthogd om «hat i heilag einsemd» nede i grågrenda og trongdalslendet. Sosial indignasjon går som ein raud tråd gjennom diktinga hans. Sinne og forakt overfor det tradisjonsbundne, ættedyrkande og klassedelte bygdesamfunnet er òg essensen i fleire av dei nye dikta som er tekne med her, til dømes «Skatteklage», som stod på trykk i Hallingdølen. Som Alf Prøysen blir Tor Jonsson ein forfattar for småkårsfolket, men dei to grip det an på ulikt vis. «Det kjennes som å ha vært barbeint gjennom blåklokkeeng og så komme bort i bare brennesle når en kommer fra Alf Prøysen til Tor Jonsson», er Nils Johan Rud si treffande skildring. Skrivinga blir Tor Jonsson sin måte å takle tilværet på og kompensere for eit fattig liv. «Eg ynskjer kje meir av lukke enn å skapa liv av ord», skriv han i diktet «Draum og dagning». Dikt om å dikte, å skapa, vera som ein gud med ord, er ein tematikk ein finn att i nokre av dei mest kjende dikta hans som «Ordet», «Å dikte» og «Fattig ynskje». Også i diktet «Draum og dikt» blir dette tematisert. Arthur Arntzen hevdar at Tor Jonsson er fattigfolkets diktar framfor nokon. Utanforskap følgjer Tor Jonsson gjennom livet. Han følte også på dette som forfattar. «Det er vondt å vera blome blant tunge våronnhestar, men verre vera diktar blant fattigfolk og prestar», skriv han i diktet «Diktarliv». Men Tor var ikkje den einaste diktaren i dei karrige fjellbygdene. Etter Olav Aukrust kom lyrikarane på laupande band. I Skjåk heldt diktarvenene Tore Ørjasæter og Jan-Magnus Bruheim til. Lyrikaren og litteraturkritikaren Ragnvald Skrede kom frå Vågå. Det litterære miljøet i Nord-Gudbrandsdalen stod sterkt og vart lagt merke til. «Kanskje det er turr luft og høg himmel som har gjort dei har dikta so godt i Nord-Gudbrandsdalen», undra Olav H. Hauge. 



«Eg åtte ikkje kjærleik», skriv Tor Jonsson i eitt av sine siste dikt. Han har likevel skrive seg inn i norsk litteraturhistorie med eit par av våre mest kjende kjærleiksdikt, «Norsk kjærleikssong» og «Når du er borte», som denne nye utgåva har henta tittelen frå. Kjærleik, lengt og kvinner er tema i fleire av dikta vi har teke med i utvalet. I «Kvinna» og «Brotne voners bøn» forbannar han kvinner i krasse ordelag, før han endar opp med å velsigne dei, eller den eine, «ho eg har evig kjær». 

Tor Jonsson debuterte midt under andre verdskrigen. Han var pasifist, og hadde eit vanskeleg forhold til båe dei krigførande partane. Han kjende seg ikkje heime i nokon av flokkane, skriv han. Krigen er lite til stades i dikta hans, men «Død soldat», «Framtid» og «Ljos i mørkret» er tekne med i utvalet. Det han skriv meir og meir oppelda om enn krigen, er Gud, prestar og kristenfolket som han låg i strid med. «Skyer på Guds himmel», «Kvit synd», «Profeten» og «Frelsaren» er dikt som tek opp denne tematikken. I det siste heftet, Mot ytste grensa, er seinhaust og sorg gjennomgangstonen. Dikta dreiar seg stadig meir om einsemd, sjølvhat, sorg og død. Han går mot ytste grensa i livet, og ein del av dikta ber også preg av å vera grenseoverskridande. Utanforskapen han alltid har kjent på, skriv han om i diktet «Veggen»: «Finst det kje andre enn døden som maktar å rive veggen ned?». Sjølvmordstanken har teke form, og han skriv nekrolog. Diktet «Grenseland» endar slik: Mi lengsle etter freden vart ein urobrann. Først skar eg seljefløye, sidan vandringsstav og villa om i grenseland i mellom fosterfred og fred i grav. 70 år etter at han la pennen ned for godt, er Tor Jonsson framleis ein av våre mest lesne og verdsette lyrikarar. Nye og gamle lesarar finn meining, trøyst og glede i orda hans. Vi tyr til dei både til kjærleik og til død. Tor Jonsson etterlet seg nokre av våre mest kjende og kjære dikt. Om mannen er borte, lever orda hans. Best sa han det sjølv: Dei gløymest dei gjæve, og alt det dei gjorde. Men livet er æve. Og evig er Ordet.  


Lom, hausten 2020  

Rita Mundal, Tor Jonsson-laget

Dikta i artikkelen er henta frå boka Nærast er du når du er borte. Dikt i samling (Samlaget, 2021)


Tor Jonsson: Nærast er du når du er borte

Tor Jonsson er rekna som ein av våre mest markante diktarar. Dikta han skreiv var prega av hans kritiske syn på makt og ulikskap i samfunnet. Forfattaren som sjølv «ikkje åtte kjærleik» skreiv seg inn i norsk litteraturhistorie med to av våre mest kjende kjærleiksdikt, «Norsk kjærleikssong» og «Når du er borte». Han vart ein klassikar i levande live, og seinare har diktinga hans stadig vorte meir populær. 

Nærast er du når du er borte. Dikt i samling inneheld dikt frå dei fire diktsamlingane Mogning i mørkretBerg ved blått vatnJarnnetter og Ei dagbok for mitt hjarte. I tillegg finn du nokre av dikta han skreiv til avisene Dølenes Blad og Hallingdølen og tidlegare upubliserte dikt frå privatarkivet.