Det største i livet. Dikt til deg som har fått barn

«Vi treng tekster og songar dei gongene livet er større enn oss sjølv. Vi treng at nokon allereie har sett ord på det ordlause.»

 

Eit nytt liv vekker mange kjensler. Kven er det som kjem til oss? Kva vil det gjere med oss? Å få barn er kanskje det største og finaste i livet. Men det kan også vere forvirrande, tungt og søvnlaust. 

Vi treng tekster og songar dei gongene livet er større enn oss sjølv. Vi treng at nokon allereie har sett ord på det ordlause. Vi treng fellesskap i dei gode tankane, og vi treng trøyst for dei vonde. 

Vi har samla dei beste norske dikta vi veit om graviditet, fødsel og dagane – og nettene – med små barn.  Vi har funne dikt for fedrar og mødrer, artige dikt og vonde dikt, korte og lange. Vi har ledd og gråte mens vi har lese. Nokre gonger har vi lese høgt. Vi har spurt kvarandre: Kva synest du om dette? Det har vore ekstra fint å velje ut dikt til denne samlinga som mor og dotter, som mormor og mamma. 


Da Kristin vart fødd, leitte Ingunn etter ord for kjenslene sine og fann dei hos den svenske poeten Erik Lindorm:


Är det sant att jag håller ett barn på min arm

och ser mig själv i dess blick, 

att fjärdarna gnistra och jorden är varm 

och himmelen utan en prick? 

 

Vad är det för tid, vad är det för år, 

vem är jag, vad bär jag för namn? 

Du skrattande knyte med solblekt hår, 

hur fick jag dig i min famn? 

 

Jag lever, jag lever! På jorden jag står. 

Vad har jag varit förut? 

Jag väntade visst millioner år  

på denna enda minut.   


Ingunn skreiv dette diktet i dagboka si. Ein forfattar hadde skildra korleis ho kjende seg. Ho trong ikkje forklare med eigne ord, og ho forstod at ho var del av eit større fellesskap.  


Da Kristin sjølv fekk barn 27 år seinare, las ho bøker og dikt og lytta til musikk for å finne noko som kunne gjere det som skjedde, forståeleg. Men ho fann ikkje nok. Ho måtte skrive sjølv. Det blei til diktsamlinga Barsel.        

Å få barn er ein av dei mest vanlege tinga ein kan gjere, samtidig som det er noko av det mest uvanlege ein gjer. Gjennom tidene har norske poetar gjeve ord til nye foreldre. Denne samlinga er for deg som treng meir enn mat og blomar i barselgåve. Du treng også ord. Du kjenner deg kanskje åleine der du er, men du er ikkje åleine i verda.    

Helsing Ingunn og Kristin  

Teksten i dette innlegget er forordet til boka Det største i livet.

 

Kristin Storrusten & Ingunn Hamran :  Det største i livet. Dikt til deg som har fått barn

 

 

Det er ei forunderleg oppdaging: å finne ut at det ikkje lenger berre er eitt hjarte som bankar i kroppen. Å bringe eit barn til verda kan vere den største gleda ein kan oppleve. Det kan også vere einsamt, rart, sjokkarta, utmattande og forunderleg. Eller alt på éin gong. 

                Denne boka er til deg som treng meir enn mat og blomar i barselgåve. Her finn du vakre, såre og lattervekkande dikt og korte tekstar som handlar om det å vere gravid og den første tida med det nye barnet - frå Halldis Moren Vesaas, Cathrine Grøndahl, Hans Børli, Gro Dahle, Helge Torvund, Marie Takvam, Arild Nyquist og mange andre.