4 forfattarar om å skrive lettlesbøker
Laura Djupvik, Atle Berge, Maria Parr og Anders Totland er aktuelle med kvar si Leseland-bok i haust. Her fortel dei om motivasjonen for å skrive lettlesbøker, om det er ekstra vanskeleg å skrive slike bøker, og om dei har nokre spesielt gode lettlesbok-minne frå då dei var små.
Laura Djupvik har skrive Leseland-boka Jenta i kista. Dette er hennar første Leseland-bok. Boka er illustrert av Camilla Kuhn.
– Å skrive lett opnar opp for andre måtar å bruke språket på. Det er litt som å leggje eit puslespel, ein må finne plassen til den eine brikka — det eine ordet, den avgjerande setninga.
Men å skrive lett er ikkje enkelt, og det lette må heller ikkje bli flatt. Lettlesbøker kan til dømes vere djupe. Djupt og lett, det er mitt mål!
Eg likar så godt det som skjer når ein tek bort det som ikkje er viktig, det er disiplinerande. Å ikkje kunne skrive over for mange sider, med for mange ord, gjer alt tydelegare.
Til slutt står berre forteljinga igjen.
Sjølv blir eg lei av bøker som er altfor ordrike, dei keiar meg. Eg har alltid likt boksider med mykje luft – eg likar at det er rom for å puste.
Atle Berge har skrive Leseland-boka Robot-Birk. Dette er den fjerde boka i serien om Barcelona-gjengen. Boka er illustrert av Henning Lystad.
– Eg byrja å skrive serien om Barcelona-gjengen fordi redaktør Ragnfrid Trohaug og eg heilt tilfeldig fann ut at begge sakna lettlesne bøker som tok fotball på alvor.
Det er sjølvsagt òg stas å tenkje på at eg gir barn over heile landet sjansen til å lese spennande historier på si eiga målform, og til og med «lurer» andre barn til å lese nynorsk fordi dei berre må lese den boka med han guten med Messi-drakt på framsida. Eg vil derfor gjerne få komme med ei oppfordring til foreldre og besteforeldre som er glad i nynorsken: Å skrive lettlesne bøker er nesten gratisarbeid fordi dei ikkje blir påmelde innkjøpsordninga til Kulturrådet. Vil du at det skal finnast lettlestne bøker på nynorsk, må du derfor kjøpe lettlesne bøker på nynorsk!
Den største utfordringa med å skrive lettlese, er å fortelje ei fullverdig historie med byrjing, midtdel og slutt på berre 30 sider med 10 korte setningar per side. Ja, setningane skal ikkje berre vere korte: Dei skal òg vere utan abstraksjonar og ha god balanse mellom lange og korte ord. Å lese setningar med berre korte ord er faktisk svært vanskeleg!
I utgangspunktet ser eg på lettlesne bøker som pur lesetrening, men då eg las Fjodor går bananas av Pål H. Christiansen, forstod eg at det faktisk er mogleg å kombinere lesetrening med ei kunstoppleving. Eit surrealistisk meisterverk!
Maria Parr har skrive Leseland-boka Storebror. Dette er hennar første Leseland-bok. Boka er illustrert av Åshild Irgens.
– Det er rart med det, korleis ein ikkje forstår noko før ein kjenner behovet på kroppen. Eg har, skam å melde, ikkje vore så oppteken av Leseland-serien før. Men plutseleg har eg barn som skal lære å lese, og det har vore ei openberring å sjå kor viktige desse bøkene er! Det var veldig motiverande.
Ofte når eg skriv elles, har eg ikkje nokon overordna plan når eg startar. Her kjende eg at eg måtte vite akkurat kva historia skulle handle om, og kven som skulle vere med, før eg kunne gå i gang. Alt skal skildrast så effektivt og klart som mogleg.
Eg har prøvd og øvd lenge før eg fekk til denne historia. Det er ein ny og økonomisk måte å skrive på. Eg har lært mykje av å lese i dei andre Leseland-bøkene saman med barna mine. Det har vore inspirerande. Fleire av situasjonane i bøkene høyrer med i kvardagsreferansane våre. “Blir det krabbekrise?” var det ein vaksen som ropte til ein annan vaksen her ein dag, då vi var i fjøra og ei krabbe forsvann inn i badeshortsen til ein pappa. Og alle lo, for alle hadde lese den boka. Så nær som han med badeshortsen, då.
Eg har ingen spesielle lettlesbokminne. Og eigentleg håpar eg ikkje mine barn kjem til å ha det heller. Eg håpar dei tenkjer på det som bøker – på lik line med andre bøker. Eg trur at Krabbekrise, Fiskelykke og Full fart blir leseminne heilt på same måten som andre gode bøker.
Anders Totland har skrive Leseland-boka Ut i rommet. Dette er hans første Leseland-bok. Boka er illustrert av Line Halsnes.
– Eg har eit mål om å skrive bøker i så mange ulike sjangrar som eg klarer, og så langt har eg nådd målet om å debutere i minst éin ny sjanger kvart år. Det som har overraska meg mest i løpet av desse åra, er kor mykje jobb som faktisk ligg bak dei aller minste bøkene. Eg skal ærleg innrømme at eg trudde det skulle bli ei enkel oppgåve, då eg gjekk i gang med mi første lettlesbok. Det er jo så lite tekst der, og historiene er ofte ganske enkle. Men så er det akkurat det, då: Med så liten plass til å fortelje historia, er det desto viktigare kva som står der, og ein slepp ikkje unna med noka som helst form for latskap, slik ein strengt teke kan klare om ein til dømes skriv ein roman.
Arbeidet med Ut i rommet starta slik eg pleier å jobbe med sakprosabøkene mine. Eg fann fram pc-en og googla i veg, med mål om å lære så mykje som råd om det aktuelle temaet. Sidan eg ikkje heilt visste kva det skulle vere, anna enn at det skulle handle om verdsrommet, gjekk eg breitt ut, og snevra etter kvart litt og litt inn mot romfartshistoria til menneska, som blei det den endelege historia kretsar rundt. For med ei bok som dette er det ikkje nok å kunne veldig mykje som ein kan fortelje vidare. Ein må forstå stoffet så godt at det kan formidlast enkelt og samtidig engasjerande. Det er kanskje den aller vanskelegaste skriveoppgåva eg har teke på meg. Til gjengjeld er godtgjersla potensielt heilt enorm. Ikkje i form av pengar og heider, men tenk om dette blir nokon si aller første bok? Eg blir varm berre av tanken.