Ein frosk å bli glad i
Frosken og vennene hans er mellom klassikarane i barnebokheimen å rekne. Bøkene om den grøne karen er stadig vekk populære, og i år fyller han heile 30 år. No er 6 av dei kjente og kjære bøkene samla i jubileumsutgåva Den store boka om Frosken og vennene hans. Barnebokredaktør Guri Vesaas oppdaga bøkene i si tid, og her fortel ho kvifor ho fall for dei.
– Kva er eigentleg Frosken-bøkene?
– Bøkene om Frosken handlar om dei store, evige temaa i menneskelivet, formidla gjennom enkel, men kresen tekst og illustrasjonar av tiltalande, lett påkledde dyr.
– Korleis kom du over dei?
– Det var på den internasjonale barnebokmessa i Bologna, Italia, at eg oppdaga den første froskeboka. Nederlendaren Max Velthuijs sat sjølv ruvande og blid på standen til det engelske forlaget Andersen Press (oppkalla etter H.C.) og hjelpte til med å selje Den forelska frosken internasjonalt. Det gjekk strykande! Eg hadde handla med forleggjaren før, og han heldt av den norske utgivingsretten til meg. Heldigvis! For mange var ute etter han, og det var alt klart at det kom til å bli fleire froskebøker om denne gjekk bra. Då vi fekk ut boka same året på norsk, var det ein ekspeditør i ein Oslo-bokhandel som likte Frosken så godt at ho selde rekordmange eksemplar. Ingen tvil om at Samlaget ville ta imot også dei kommande nye bøkene om Frosken med opne armar!
– Kvifor er bøkene om Frosken stadig aktuelle og populære?
– Max Velthuijs følgjer ein god, eldgammal tradisjon i forteljingar for barn: Han bruker barnas store glede over dyr til å fortelje dei om både viktige og alvorlege menneskelege fenomen. Barn godtek utan vidare at i eventyr kan haren sitje heime i lenestolen sin og lese, grisen trippar ute med korg på grisearmen og plukkar jordbær og frosken forelskar seg hovudstups i anda. Velthuijs fortel små barn om livsviktige ting som å vere redd, å sakne ein venn, forelsking, framandfrykt osv., heilt utan peikefinger. Han er slett ikkje åleine om å gjere det i dag, men han gjer det på ein uvanleg god måte som er like «ny» i dag, 30 år etter at den første boka kom. Dei vakre, flott komponerte bileta med reinskorne figurar og klare fargeflater verkar også tidlause.