Ingenting? Ja takk!

Ingenting? Ja takk!

Av Kari Stai

Eg riv meg i håret kvar gong eg er inne i ein av dei mange gigantiske lågpriskjedebutikkane. Samtidig veit eg at folket elskar desse. Da kjenner eg meg som ein snobb, som er opptatt av kvalitet framfor kvantitet. For i staden for å kjøpe ti kopiar av ein designstake hos ei lågpriskjede vil eg heller ha éin ekte stake frå ein eksklusiv butikk.


Det er ikkje berre fordi eg tykkjer forma er finare. Det er mest fordi eg ikkje orkar å ha ti fleire lysestakar i hus. Kor mange lysestakar treng ein når ein har to bord (og dimmelys i taket)? Og korfor får ein alltid tilbod om tre pakkar sokkar når ein kjem til kassa i klesbutikken, for så å bli anbefalt å sikre seg tre flasker solkrem i tillegg? Korfor er det så stor desperasjon etter å selje ting når verda enda meir desperat treng å kutte i ressursbruk, produksjon og utslepp? Det er noko som ikkje stemmer her. Og det er forbrukaren vi må byrje med.

Det er eit hårreisande i-landsproblem at vi druknar i ting, og at barna ikkje lenger veit kva dei ønskjer seg i gåve. Alle desse gjenstandane vi har, men ikkje treng, alle desse greiene som går sund, som dei sel 3 for 2 av, alle desse tinga vi brukar romjula på å byte i andre ting, desse objekta hus og heimar er fulle av, som ligg i plastkasser med lokk i bua. Og sjølv om genseren er laga av økologisk bomull og kaffibegeret kan etast etter at det er tømt, så har ikkje stormane og skogbrannane vorte noko mindre hissige. Det kan verke som naturen er rasande – stormar, elver, bølgjer og skogbrannar er hissigare enn nokon gong.

Men heldigvis er det nokon som er enda sintare.

Barna.

Vi vaksne smiler sjarmerte når småungar rettar peikefingeren mot oss. Som om dei skulle ha noko å lære oss? Denne gongen er det ein unge frå Sverige som står i spissen. Ho er sintare enn alle orkanane og brannane til saman.

Men sinnet til Greta Thunberg er ikkje destruktivt, slik ekstremveret vi har sett dei siste åra, er. Det er konstruktivt og kunnskapsrikt, og det spreier seg fortare enn elden gjer i den tørre skogslyngen rundt omkring i landet vårt. Det stormande engasjementet hennar har som føremål å rydde opp, ikkje å rote utover.


Ho vil ikkje lenger vente med å trykke på den store alarmknappen.

Ho vil at vi skal få panikk, no!

Kva elles bør ein kjenne, når ein står midt i ei krise? spør ho.

Det er som om ei stor, mørk sky av likesæle er i ferd med å bli borte. Det er ei tid for sanning, ja, det er like før eg blir optimistisk. Held vi ikkje på å vakne, da, og er det ikkje nettopp barna som alarmerer høgast, som manglar slumreknapp, som seier vakne opp, no? Dei ofrar undervisninga si for å gå ut og kjempe. Dei er opprørte, og dei streikar utan at det handlar om lønn, eingong. Dei ser oss rett inn i dei progressive brilleglasa og seier det må skje noko no!


Snart er plutseleg eit ord barn ikkje likar.

No er det vi vaksne som «skal bare».

«Alltid skal vi bare» halde x antal klimamøte, på ny og på ny, før vi vedtar noko revolusjonerande, noko som gjer utslag.

Krafta frå slagferdige Thunberg strøymde inn i skammekroken der eg sat med den sjette Jakob og Neikob-boka, med undertittelen Stormen. Det hadde innverknad. Tidlegare har eg ikkje dedisert bøkene mine til nokon, av frykt for å utelate alle andre, men denne gongen kom det heilt naturleg. Mens dei små no trekker i dei store, politiske trådane, nappar eg i dei små, filosofiske. Eg, og Neikob, framsnakkar nemleg ein ting vi bør skaffe oss meir av. Den heiter ingenting. For som Neikob viser oss:

– Ikkje kast eska, Jakob.

– JA, men ho er da tom, seier Jakob.

– NEI. Ho er full, svarer Neikob.

– Av kva da?

– Av ingenting.

– Men ingenting er da ingenting, seier Jakob.

– NEI. Ingenting er boltreplass og pusterom.

Denne gongen kjem Jakob og Neikob, desse to svært kontrollerte karane, ut for det motsette, altså det svært ukontrollerte: Stormen. Naturens vreide in person.


Eg har filosofert ein del over omgrepa natur og kultur og har ei sterk kjensle av at naturen no er sint på kulturen. Korleis er møtet mellom desse to, og korleis går dei overeins? Kan ubalansen mellom desse to vere rota til klimaproblema?

Naturen var her først. Natur er ... naturleg, det vil seie vill og utemd. Anarkisten av dei to. Og den som eg trur sigrar til slutt, om natur og kultur fortset å krige med kvarandre (for det er det da no, krig mellom dei to?). Kultur betyr opphaveleg «omarbeide». Kulturen er ikkje naturleg, den er ... kulturleg. Den forsyner seg av naturen og gjer naturen om til kultur. Til plast. Og fly og tankskip. Og motorveg, mobiltelefon og nylonstrømper. Desse er heilt kulturlege, heilt unaturlege ting.

Kor plasserer vi menneska i samband med desse omgrepa – er Kari og Ali natur eller kultur? Dei er begge, og vi treng dei, begge. Vi er fødde som eit stykke natur, og vi er fødde med ei drift etter å utvikle – «omarbeide, pleie, dyrke», altså er vi også kulturlege. Men korleis er styrkeforholdet, og korleis bør balansen vere? 50–50? 70–30? 90–10? 99–1?

I materialismens tidsalder har eg ei kjensle av at kulturen i oss har vorte mykje større enn naturen i oss. Dette er ei filosofisk ytring, og derfor vil eg la ho stå open.

Naturen og kulturen må ha som mål å spele kvarandre gode! No gjer dei ikkje det!

I Stormen trakkar Spinnvill rett i blomsterbedet til Jakob og Neikob. Det er ikkje noko problem, for ho lagar berre alt nytt på ein blunk. Ho har nemleg ein fabrikk og er eit skikkeleg arbeidsjern. Kultur kan fikse natur – det er berre å lage kunstige erstatningar. Spinnvill er straks tilbake med nye, digre blomstrar som aldri døyr (dei er kulturleg nok av plast).

Eg håpar Stormen kan bidra til refleksjon kring natur og kultur, kva vi treng og ikkje, og korleis vi brukar ressursar. Jakob og Neikob står i heilspenn mellom sterke naturlege og kulturlege krefter. Det er i slike spenn det er spennande å jobbe, tykkjer eg. Mellom yin og yang. Balanse og ubalanse. På evig leit etter kva for vekting som er optimal.

Kloden vår er i krise. Klimaproblema er eit faktum. Hjelper det om eg sluttar å dekke til middagsrestane med plast eller lagar ei barnebok om at naturen er sint? Det får tida vise. I mellomtida er det berre å stille seg på dei sinte barnas lag. Det er trass alt dei vi låner kloden vår ifrå.

Kari Stai:  Jakob og Neikob. Stormen

Bestevennene Jakob og Neikob steller i hagen då Spinnvill fyk forbi på veg til fabrikken.
– Kan du verkeleg lage alt mogleg? spør Jakob og Neikob.
– Alt mogleg på ein blunk, svarer Spinnvill.

Jakob og Neikob blir imponerte og fyller opp huset med billass av alt mogleg. Men kor skal Neikob få plass til pusterommet og boltreplassen no? Då Stormen kjem og tek Jakob og Neikob opp i lufta, oppdagar dei noko dramatisk. Kloden har forandra seg. Han er full av søppel.

Då skjønner dei at noko må gjerast: Dei må hjelpe Spinnvill. No veit dei akkurat kva ho må lage i fabrikken sin.

«Jakob og Neikob. Stormen» er den sjette boka om det prisvinnande paret Jakob og Neikob.