Forfattarintervju: Odd Goksøyr

"Eg er fascinert av religion som noko djupt menneskeleg"

Odd Goksøyr si førre utgjeving for vaksne var diktsamlinga Ein av dei vanlege dagane, som kom i 1976. No er han tilbake, denne gongen med ei novellesamling. 

Gratulerer med bok, Odd! Det er nokre år sidan sist, korleis har prosessen vore med å skrive aljamarkiR?

Eg har alltid jobba med tekst og hatt fleire mindre skriveprosjekt. Det har mest vore songar, eg har mellom anna omsett Leonard Cohen-songar som eg har hatt konsertar med. Men eg hadde ikkje overskot medan eg var i jobb til å skrive, rett og slett. Etter tre omsetjingar kom eg på at eg skulle prøve novelle. Eg er vel litt lat, så eg var ikkje så gira på å skrive ein heil roman. 

Var du bestemt på sjanger eller tematikk då du gjekk i gang? 

Dei forfattarane eg er mest fascinert av sjølv, er romanforfattarar. Som Enquist, Bringsværd eller Sebald som grip til oppvekstmiljø og forteljartradisjonar, mytar, og som gjerne leikar seg med sjangrane, som å bevege seg mellom essay og roman. Eller Munro når det gjeld noveller, denne evna til å pensle ut eit liv på nokre få sider. Slik sett er novelleformatet sympatisk, du kan lage eit univers og konsentrere deg om veldig få ting. Det usympatiske er at du bruker masse krefter på å skape eit univers som har så kort levetid. 

Eg valde meg tematikken med foreldre og vaksne barn for å ha noko å tenkje ut ifrå. Prosjektet stoppa då eg var cirka halvvegs, og då sende eg inn til forlaget. Ein positiv konsulent foreslo novellefokus, og i tillegg blei eg oppmuntra av David, redaktøren min, til å eksperimentere med form. Og dette var det som til slutt kom ut av det.

 

Eg er vel litt lat, så eg var ikkje så gira på å skrive ein heil roman. 

Den oppmuntringa om å eksperimentere med form tok du på alvor, ser eg. Boka er eit artig lappeteppe av alt frå essay til dikt. Og det enda jo opp med meir enn «berre» tematikken med vaksne ungar og foreldra deira?

Ja, det er ein god formmiks, det har du rett i. Nokre tekstar hadde eg allereie, men var ikkje sikker på kva eg skulle bruke til, andre oppstod då eg kjente meg fri til å leike meg. 

Eit døme er teksten Natt og Nord, som opnar boka, den byrja eg på for å skrive om ei konkret hending, det såkalla Storegga-raset for om lag 8000 år sidan som sende ein svær tsunami over norskekysten og Dei britiske øyane og sletta ut restane av Doggerland. Det gjekk fint og lett å skrive, og det er jo så artig når ein får til noko, og då spurde eg meg sjølv «kva kan denne vere innleiinga på?»

Eg hadde ein tanke om at det kunne vere ein fortidstekst, og så kan eg avslutte boka med ein tekst i framtida. Det hadde eg som eit mål. Då kom spørsmålet om korleis eg kunne knyte det heile i hop, og eg tenkte at kanskje ein tematikk kan vere noko. Eg er ikkje så systematisk og arbeider meir etter innfallsmetoden, så det er betre for meg å ha ein tematikk eg kan tenkje ut ifrå. 

Men eg kjem inn på mykje anna her, ja, slik er det jo med dei store temaa, dei er ikkje isolerte. Det er mellom anna eit element av å prise forteljingane og litteraturen, med til dømes ein framtidsdystopi der bibliotekarane er heltane. Eg er også fascinert av religion som noko djupt menneskeleg, som igjen heng saman med forteljingane, sidan det også er slik vi ordnar minnet, vi minnest i forteljingar og lever i ritar.

Mykje norsk litteratur i dag er Oslo-basert, ikkje berre geografisk, men også tematisk. Det er noko av grunnen til at eg vil trekkje vekslar på fiskar- og kystmiljøet, som eg kjenner, og som eg kanskje kan bidra til å levandegjere i boka.

Er det noko som inspirerer deg til å skrive, eller som påverkar deg medan du jobbar?

Eg har ein hang til omvegar og utfall, frie refleksjonar undervegs, og er glad i forfattarar som driv på med det sjølve. Prosessen med David har vore svært god, han har hatt nyttige innspel og forstått prosjektet og tankegangen min. Det har vore inspirerande og frigjerande. 

Når eg skriv, tenkjer eg meir på meg sjølv enn på lesaren. Viss det er noko eg prøver å leggje vekt på, så er det språket, med rytme og musikk. Eg hugsar eg trefte Jan Roar Leikvoll ein gong, og han sa han hadde tre–fire musikkstykke han høyrde på medan han skreiv, og så fort han var ferdig, så høyrde han aldri på dei att.

Har du det på same måte, at du har eit lydspor til skrivinga eller prosjekta dine?

Nei, eg høyrer ikkje på noko medan eg skriv. Eg går så inn i det eg driv med at eg ikkje høyrer nokon ting, så det ville vore bortkasta. Men det er med ei fullstendig nyskriven folkevise i boka, ho handlar om fossekallen og nøkken. Då eg først hadde skrive henne, måtte eg jo lage melodi til, og eg enda opp med å spele henne på lanseringa. Slik sett laga eg heller min eigen musikk. 

Som sagt er det mange forfattarar som inspirerer meg, utan at eg prøver å kopiere eller etterlikne dei, i tillegg til P.O. Enquist kan eg nemne Torgny Lindgren, heile Västerbotten-miljøet. Det finst vel ikkje noko slikt i Noreg, altså kombinasjonen vekkingsreligion og arbeidarmiljø, som er skildra med ein slik kjærleik, men samtidig kritisk, med innsikt. Mykje norsk litteratur i dag er Oslo-basert, ikkje berre geografisk, men også tematisk. Det er noko av grunnen til at eg vil trekkje vekslar på fiskar- og kystmiljøet, som eg kjenner, og som eg kanskje kan bidra til å levandegjere i boka. 

Korleis jobba du for å gjere nettopp det, levandegjere miljøet og karakterane?

Eg valde meg tredjeperson då eg skreiv, heilt bevisst, fordi eg ville ha denne avstanden som gjer at du kan sjå karakterane utanfrå, men likevel gå nær dei og sjå hendingane frå deira perspektiv, som eit dobbeltblikk: Eg kan sjå på dei utanfrå og samtidig vere nær. Så der hadde eg ei fin oppleving. Førsteperson avgrensar kor mykje ein faktisk kan sjå, og det er eit godt grep om ein til dømes vil skjule noko, men i det prosjektet her ville eg vere ein vennleg forfattar med omsorg for karakterane mine. 

I dei fleste av desse foreldre-og-barn-relasjonane her finn vi ikkje ein direkte konflikt, det handlar meir om ein mangel på kommunikasjon. Kjensla av at ein skulle sagt og forstått noko før, det innbiller eg meg er eit ganske vanleg problem. 

Har du ei løysing på desse kommunikasjonsproblema som oppstår mellom foreldre og vaksne barn då?

Nei, då hadde eg vel heller skrive ei sjølvhjelpsbok? Så eg må nok som dei fleste andre nøye meg med å innsjå at slik er det, og reflektere og fundere over det. Og kanskje ende opp med tekstar einkvan finn grunn til å bruke tid på å lese.

Odd Goksøyr: Aljamarkir

Om menneska og ritane.

Ein mann skal skrive minneord over faren, og kjem på at dei aldri kjente kvarandre. Ein annan mann driv og dett frå kvarandre. Ei kvinne reiser til Shetland for å søke sitt opphav. Eit ekorn spring med spitord mellom Vengjekongen og Rotgnagaren.

Goksøyr lar dei store perspektiva møte dei små menneska og skriv både humoristisk, nysgjerrig, leikent og poetisk. Relasjonar og kommunikasjon, ikkje minst mellom foreldre og barn, står sentralt i tekstar som går føre seg i mytisk urtid og vår eiga samtid. Det handlar om å lengte og å leite, om opphav, avstand og forsoning.