Forfattarintervju: Ingvild Holvik

Om å bli igjen når alle andre drar

Ingvild Holvik hadde ingen planar om å skrive ein politisk roman. Men no som Ho er fri blir lesen politisk, er forfattaren sjølv eigentleg svært godt nøgd med det. Lesaren kan gjerne sitje att med ei uro etter å ha lese romanen, seier Holvik. 


Gratulerer med ny bok! Korleis vil du sjølv beskrive Ho er fri?


Det er ei forteljing frå ein annan kant av Europa, der folk lever under ganske andre vilkår enn i vår vesle krok. Samtidig er det ei nær forteljing der du blir kjend med menneska og kan leve deg inn i det dei står i, korleis tilværet deira er. Det handlar om heilt vanlege folk som ønskjer å leve heilt vanlege familieliv, men så har det av fleire grunnar blitt utfordrande å få til det. Familie er ein viktig verdi for dei, men mange av dei tradisjonelle verdiane går i oppløysing når dei økonomiske forholda er så anstrengande.

Var du bestemt på tematikken då du gjekk i gang med å skrive, eller var det ei meir organisk utvikling av han etter kvart?

Eg hadde ikkje planlagt å skrive om denne tematikken, men då eg skulle byrje på denne boka, så prøvde eg meg på fleire ulike inngangar. Det som ofte fungerer bra for meg, er å byrje frå ein stad eg kjenner godt og har eit godt forhold til. Det set fantasien i sving, og denne gongen blei det dette, eit (ikkje namngjeve) område eg har reist til og besøkt dei siste 20 åra.

Då eg skulle skrive ut historia, blei dei demografiske utfordringane med at alle reiser sin veg, veldig påfallande. Det er mange unge utan planar eller framtidsutsikter her, men også vaksne menneske som står fast. Tidlegare har eg vel skrive meir om tema som er tett på den norske kvardagen, medan eg denne gongen enda opp med noko som ikkje alle andre kunne skrive om. Mykje av researchen var allereie gjord gjennom at eg har reist dit mange gonger sjølv. Det er jo slik at jo lenger du lever, desto meir stoff har du å skrive om. 

Ja, og den fattigdommen vi ser hjå Andrea og i hennar nærmiljø, er kanskje vanskeleg for nordmenn å forstå? Med nokre unntak så er vel ikkje fattigdom eit tema vi ser så mykje i norsk samtidslitteratur?   

Nei, men det finst, for eksempel den Rishøi-novella, «Vi kan ikke hjelpe alle», der ei mor og dotter  gir pengar til ein tiggar, akkurat den tiaren dei etterpå sjølv kunne hatt bruk for når uhellet er ute. Eg trur det er vanskeleg for dei fleste nordmenn å forstå den fattigdommen, å ta inn over seg korleis det er å ha så utruleg lite å rutte med. Sjølv som fattige studentar her i Noreg har vi likevel god råd, det spørst berre kva ein samanliknar det med. Mange nordmenn jublar over kor billig det er å reise på ferie til utlandet, men vi ser kanskje ikkje alltid heile biletet.   

Dei eg skriv om, har jo jobbar, dei har jobba heile livet i ein vanleg jobb, men arbeidsvilkåra deira har blitt så dårlege, dei har for eksempel ikkje rett til ferie og veit heller ikkje når dei eventuelt får ferie. Dei jobbar i helgar, på kveldar og om natta, utan tillegg i løna. Andrea har ei viss regulert arbeidstid, medan andre jobbar frå morgon til kveld, utan at det strekk til. Dei tener kanskje 250 euro i månaden.

Korleis har skriveprosessen vore denne gongen? Skil han seg får korleis dei to førre utgivingane dine har vore, eller byrjar du å sjå eit mønster i måten du arbeider på?

Det er litt vanskeleg å seie, eg opplever at eg møter ulike utfordringar med ulike romanar. Noko er felles, og det er at eg aldri har ein klar plan. Scenen frå hagen, som Ho er fri opnar med, var noko av det første eg skreiv. Eg skriv meg gjerne inn i ein scene, og så kjem det fleire scenar ut av det. I byrjinga skriv eg ganske slurvete, når inspirasjonen kjem, kastar eg meg på og er mest oppteken av å skrive det ned. Etter kvart som den store samanhengen byrjar å bli synleg for meg, kan eg få ein tydelegare visjon, og derifrå byrjar eg å leite etter struktur, sjå på kvar må eg fylle inn og kva eg vil og bør skrive ut meir. 

Det er berre fint viss lesaren sit att med ei viss uro over at dei vilkåra som dei lever under i romanen, ikkje er så heilt fjernt frå vår kvardag likevel, at vi kanskje ikkje må ta det for gitt at vi  har det så godt som vi har det i dag. 


Har du andre som les manus undervegs, eller held du teksten tett til brystet?

Eg er så heldig at eg er med i ei veldig kompetent skrivegruppe, vi er fem damer som alle har gått på skrivekunststudiet i Tromsø. Det er fint å ha dei med i prosessen, og når eg veit at dei skal lese, så gjer det at eg skjerpar meg og faktisk får skrive noko til tidsfristen kjem. Eg sender også til redaktøren min, David, undervegs, spesielt i starten av eit prosjekt så er eg alltid usikker på om det er liv laga. Kanskje sender eg han dei første 30 sidene, som eg har skrive skikkeleg ut, og så spør eg han om det er noko han meiner eg bør fortsetje med. Han er god til å sjå det som fungerer då, og peiker på det.

Så eg må ha stadfesting undervegs, ja, litt oppmuntring må til.

Tenkjer du på lesaren medan du skriv?

Nei, eg gjer eigentleg ikkje det. Når eg skriv ut stoff, kan eg ikkje tenkje på lesaren. Samtidig er det å ha ei skrivegruppe ganske skjerpande, eg vil jo presentere ein så god tekst som mogleg til dei. Med denne romanen har eg vore nøydd til å tenkje meir på lesaren, rett og slett fordi eg tenkte det kunne vere forvirrande at handlinga krinsar kring ein ungarsk familie som lever i Serbia. Det kan vere vanskeleg å forstå at den ungarske minoriteten der kan ha lov å reise fritt over Schengen-grensa og liknande. Der måtte eg jobbe inn denne informasjonen litt og litt etter kvart.

Til no har eg alltid skrive gjennom ein eg-forteljar, og då prøver eg å leve meg mest mogleg inn i livet til og plassere meg sjølv i skorne til den som fortel. Akkurat dette er alltid ein fin balansegang, forteljaren fortel jo berre frå eige liv og kan ta mykje for gitt, samtidig som ein skal passe på at lesaren heng med.  

Som norsk lesar av ei norsk bok slår det meg kor spennande eg synest det er at du hentar inn ei norsk dame og viser korleis ho er «utlendingen» og den som skil seg ut i Andrea sitt miljø. Var det eit bevisst val at Ingrid er norsk, ho kunne jo på mange måtar like gjerne vore finsk, til dømes?

Tja, det heng saman med at ho er dama til broren til Andrea, som bur i ein ganske stor by i nord. Eg veit ikkje om det kunne vore ein by i Finland eller Sverige, eg veit ikkje om nokon by på den storleiken, like langt nord, i nokon av dei landa der det hadde vore sannsynleg at dei hadde budd. For Andrea er det uansett kjempelangt, ho har knapt råd til ein flybillett opp.

Andrea er glad i folkeviser og seier at «Ingenting kan måle seg med korleis dei uttrykker det eg føler». Men når eg les teksten i folkevisa, synest eg det berre er trist. Det kan nesten kjennast som Andrea sin lojalitet til staden dei bur på, er like sterk som den mange har til foreldra sine. Er ho freista av tanken på å reise vekk slik mannen og dottera har gjort, trur du?   


Eg trur eigentleg ikkje det. For Andrea er det veldig ope, litt for ope kanskje. Ho kjenner seg ikkje freista av livet i Skandinavia, men den dagen ho ikkje har sonen og plikta til mora lenger, er ho jo heilt fri. Tibor forventar at Andrea skal komme til han og dottera. Dei fleste opplever jo at ungane flyttar ut og på hybel, men her stikk både mannen og dottera, så Andrea får kjenne ekstra på det å bli verande att. Eg er ikkje heilt sikker på kva ho tenkjer om det, ho er kanskje mest ambivalent.  

Har du nokon klar tanke om kva du vil at lesaren skal sitje att med etter å ha lese boka?

Eg håpar lesaren kan ha fått ei oppleving av å ha vore på ein annan plass og fått bli kjent med menneske som lever litt annleis. Det ultimate for meg hadde vore om nokon fekk det same kjensla som når ein har sett ein god festival-film. Eg elskar å vere på Tromsø Internasjonale Filmfestival der eg kan sjå filmar frå andre stader i Europa, og gjennom filmen få eit heilt anna innblikk i livet til folk enn når eg til dømes har vore der som turist.

Eg hadde jo ikkje nokon intensjon om å skrive ein politisk roman, men no blir han lesen politisk.

Men all litteratur er vel politisk, på eit vis? Du vil røske litt tak i lesaren då, vekke oss?

Ja, eg er eigentleg godt nøgd med å bli lesen på den måten, altså! Det er berre fint viss lesaren sit att med ei viss uro over at dei vilkåra som dei lever under i romanen, ikkje er så heilt fjernt frå vår kvardag likevel, at vi kanskje ikkje må ta det for gitt at vi  har det så godt som vi har det i dag. Det er ikkje sikkert samfunnet vårt er så langt unna det vi ikkje vil samanlikne oss med. 

 Eg har høyrt ein del på musikk frå Ungarn og landa kring, alt frå folkemusikk, rock og mykje ein med eit vidt omgrep kan kalle Balkan-musikk, for å komme inn i livskjensla til menneska eg skildrar.


Er det noko eller nokon som inspirerer deg til å skrive, eller som påverkar teksten medan du jobbar? Les du andre bøker medan du er i eigen skriveprosess? Og er det nokon forfattarskapar du vil trekke fram som spesielt verdifulle for deg?
 

Ho er fri er mest inspirert av reiser og møte med folk, men samtidig har eg skrive boka i Tromsø. Eg har høyrt ein del på musikk frå Ungarn og landa kring, alt frå folkemusikk, rock og mykje ein med eit vidt omgrep kan kalle Balkan-musikk, for å komme inn i livskjensla til menneska eg skildrar. Det har vore fint. Om nokon ønskjer seg eit soundtrack til boka kan dei gå på Spotify og søkje opp spelelista «Ho er fri – lansering», som eg laga til sleppfesten. For det meste med glad musikk, då, men melankolien er aldri langt unna.  

Eg les veldig mykje norsk samtidslitteratur, og noko av det kan jo sette spor også i eige skriving. Det kan vere motiv eller stilar som festar seg i meg, men det er vanskeleg å spore sånn heilt konkret. Men eg trur ikkje eg skriv særleg likt dei forfattarane eg set aller høgast. Ein forfattar eg likevel har lært mykje av, er den ungarske forfattaren Péter Nádas, som eg er blodfan av. Eg skreiv hovudfagsoppgåve om han, om Erindringens bok og gjennom det arbeidet lærte eg mykje om avgrensingane bevisstheit og minne har i den litterære framstillinga. Elles må eg jo nemne Beate Grimsrud, som eg framleis ikkje kan fatte at er borte, ein heilt unik forfattar som eg også set svært høgt.

 


Ho er fri

Ingvild Holvik

Andrea bur i utkanten av Europa, i ein halvt ungarsk, halvt serbisk by, der ho tar seg av mor si, sonen János og hunden Emma. Men ting er i endring i heimbyen. Mannen og dottera har flytta til Sverige, der sjansen for å tene til opphald for livet er betre. Avgjerda om å bu i kvart sitt land har tvinga seg fram av rein naud, og frustrasjonen ved å vere så langt frå kvarandre på ubestemt tid blir ein del av kvardagen. Er det i det heile realistisk å samle familien igjen, så lenge kampen for tilværet her og no et opp trua på framtida?   

Med truverdige skildringar og språkleg kontroll lar Holvik oss komme tett innpå karakterane og miljøet og lar oss kjenne desperasjonen som mange i Europa dagleg kjenner på kroppen. «Ho er fri» er ei gripande livsskildring, smart tenkt og usentimentalt utført.

 
Kjøp boka her!