Alf Kjetil Walgermo: Bibelens kvinner i desember

– Peterskyrkja i Roma kunne heitt Martakyrkja

«Walgermo angriper materialet (...) med inderlighet, imponerende kunnskap, moderne blikk og masse nysgjerrighet. ( ... ) Dette er virkelig strålende gjort», skreiv Tarald Aano i Stavanger Aftenblad om Bibelens kvinner i november. No ønskjer Alf Kjetil Walgermo adventstida velkomen med ein tekst om Marta og Maria.

Førjulstid inneber mykje glede og forventing, men la oss innrømme det, det er ofte ei stressande tid. Ikkje berre no under pandemien. Det er alltid mykje som skal ordnast og fiksast, kjøpast og pakkast, vaskast og bakast. Marta er ei av Bibelens kvinner som hadde ordning och reda i huset, ikkje berre før jul – julefeiring var ikkje akkurat eit tema på Jesu tid – men iallfall når det kom gjestar på besøk. 

Ei kjent forteljing frå Bibelen handlar om at Marta styrer og steller i huset når Jesus er komen på besøk. Truleg måte ho både vaske og lage mat, mens søstera Maria ikkje gjorde ein døyt; Maria sat ved Jesus føter og høyrde på kva han hadde å seie.

 

Om Jesus hadde svart Marta som han svarte Peter, hadde vi hatt ei verdshistorie full av kvinnelege pavar, i staden for null.

Marta klagar til Jesus og spør om han synest det er rett at ho må gjere alt husarbeidet åleine. Men Jesus, som er ein nær ven av søstrene, svarer med å refse henne: Det er Maria som har vald «den gode del», mens Marta gjer seg seg «strev og uro med mange ting». Scena er mykje framstilt i biletkunsten, til dømes av den nederlandske gullalderkunstnaren Johannes Vermeer. 

Foto: Wikimedia Commons.


Akkurat denne gongen vil eg nok tenke at Jesus har eit litt klassisk mannleg blikk på situasjonen. Åndelege diskusjonar er viktigare enn husarbeid! Mogleg det, men huset vaskar ikkje seg sjølv, og maten poppar heller ikkje fram på ein magisk duk (bortsett frå i øydemarka, der Jesus mettar mange tusen menneske ved hjelp av to fiskar og fem brød). Refsen av Marta synest urettvis.

I pakt med denne bibelforteljinga er Marta og Maria ofte blitt tolka som to forskjellige mennesketypar, den handlekraftige og den kontemplative. Martas ettermæle har ofte bikka over i det negative, ho er ei kvinne utan sans for det åndelege. Det kontemplative livet hadde høg status allereie i antikken, noko vi kan finne att blant anna hos den greske filosofen Aristoteles. Mange hundre år seinare sette Martin Luther i gang ein reformasjon som la vekt på praktisk arbeid, men han var sjølv delaktig i å nedvurdere Martas ærlege bidrag: «Eg vil ikkje ha noko anna arbeid enn Marias, og det er trua.»

Jacopo Tintoretto: Kristus i huset til Marta og Maria (1580).
/ Alte Pinakothek, München. Olje på lerret. 200 x 132 cm.

 

Det er elles symptomatisk at den kanadiske forfattaren Margaret Atwood i romanen og TV-serien «The Handmaid's Tale» brukar omgrepet «Marthas» om tenestekvinnene i kommandørheimane. Ei Marta er, i si mest reindyrka form, ei kvinne som er dømt til å arbeide i huset. Dette har vore gangbar mynt for mange mannlege bibelfortolkarar gjennom tidene.


Om vi les bibelteksten nøye, ser vi at Marta er blant dei klokaste kvinnene i Bibelen. Eg antyder i Bibelens kvinner. Historiene som forma verda at ho burde hatt ein plass i ettertida på nivå med apostelen Peter, som blir rekna som kyrkja sin «grunnvoll». Marta og Peter har identiske vedkjenningar av kven Jesus er. Om Jesus hadde svart Marta som han svarte Peter, hadde vi hatt ei verdshistorie full av kvinnelege pavar, i staden for null. Og Peterskyrkja i Roma kunne heitt Martakyrkja.

 

 



Bibelens kvinner

ALF KJETIL WALGERMO


Kvinnene i Bibelen har stått i skuggen av menn. Her har dei hovudrollene. 

 

Bibelens kvinner er ei kunnskapsrik og vakkert illustrert bok om alle bibelkvinnene. Ho gir oss ei innsiktsfull og fengande innføring i korleis dei ulike kvinnene trer fram i bibelteksten, biletkunsten og i litteratur, musikk og film. Forfattaren teiknar eit kraftfullt bilete – av kvinner som har forma verda slik vi kjenner henne.