Ornitolog Alv Ottar Folkestad er ein sentral bidragsytar i Havørna. Her med havørnungar under ringmerking. Foto: Roger Engvik.

Mannen som redda havørna

I 1960 var havørna nærast utrydda i Noreg, men i dag held mellom 12000 og 14000 havørn til langs norskekysten. Bak desse tala står ei miljørørsle med ørneekspert og sunnmøring Alv Ottar Folkestad i front. I over 50 år har Folkestad kjempa havørnas sak – no får du heile historia i boka Havørna av Gunnar Myklebust.

Utdrag frå siste kapittel, «Det levande livet», i Havørna av Gunnar Myklebust.


Ved stoveglaset i Eiksund sit Alv Ottar Folkestad og eg framleis med kaffikoppane våre og snakkar om havørnlivet. Alv Ottar har for lengst gitt opp å få meg til oppfatte dette kalleropet til ørna. Hunden Balder pip like utolmodig på kjøkkenet, han ventar vel på at gjesten skal dra sin veg. Sauene utanfor beiter fredeleg i bakken og bryr seg lite om ørnelydane lenger nede ved sjøen. Ein liten fiskebåt driv sakte gjennom sunda. Det er ikkje til å unngå at praten løftar seg til dei store spørsmåla denne solrike marsdagen i øygarden: Korleis forvaltar vi alt dette eineståande livet rundt oss?

Eg nemner eit naturfenomen i den amerikanske delstaten Utah. Der finst verdas tyngste organisme: ein ospeskog som består av eitt enkelt tre som veg 6 600 tonn. Treet har fått namnet Pando, som betyr «eg spreier meg» på latin, men er også kjent som «den skjelvande giganten». Det enorme treet dekker 430 mål og har om lag 47 000 stammar som alle er klonar av kvarandre, og som skyt opp av eitt enkelt, enormt rotsystem. Røtene er 80 000 år gamle, og treet er derfor også rekna som ein av dei eldste organismane på kloden.

  

Respekten for liv skulle ligge i botnen av handlingane våre.

Pando har overlevd klimaendringar før, men er nå i ferd med å døy på grunn av menneskeleg åtferd, tapt biomangfald og kollaps i økosystema. Treet, som er rekna mellom «dei førti amerikanske underverka», må stadig ha nye stammar for å overleve. Men i dag et den nordamerikanske mulhjorten opp dei nye skota før dei blir vaksne. Hjorten har breidd seg i området fordi rovdyra, som ulven, er utrydda, og hjorten har ingen naturleg fiende lenger. Pando er ein dramatisk illustrasjon på korleis naturen kan endre seg når vi forstyrrar den.

Kontrasten til den tilsynelatande perfekte balansen i Eiksund er stor. Men Alv Ottar Folkestad er verken naturromantikar eller einøygd havørnfanatikar. Han er ein grunnleggande vernar av dei store samanhengane i naturen og klokkeklar på at utfordringane i dag er så mykje større enn da havørna skulle reddast, og at dei må møtast på ein mykje breiare front.


I botnen for engasjementet hans ligg respekten for alt som lever. Om det er havørna eller det vesle lammet, bjørkeskogen ved Eiksund eller Pando-treet i Utah. 


Han har det frå oppveksten og besteforeldregenerasjonen. Dei som snakka om «det levande livet». Ein skulle ta omsyn til det som levde, uansett kva det var. Respekten for liv skulle ligge i botnen for handlingane våre. Denne haldninga bygde på erfaring og kunnskap gjennom generasjonar, heilt i tråd med fredsprisvinnaren Albert Schweitzers tankar om ærefrykt for livet. Det betydde i det heimlege at ein ikkje skulle meie ned vegetasjonen, trakke på småkrypa eller daske til kvar ein irriterande kvefs. Det levande livet – eit steinande godt omgrep, som Folkestad sjølv seier.

Dei gamle visste at dei måtte innrette seg etter kreftene i naturen for å kunne hauste av den same naturen. Overhausta dei, slo det tilbake på dei sjølv. I dei teigdelte fuglefjella på Færøyane var det til dømes klare reglar for kor mykje ein skulle ta av egg og fugl i teigen sin. Skulle, ikkje kunne. Den som hadde teig, hadde også plikt. Viss teigeigaren ikkje klarte å hauste så mykje som han skulle, måtte han la området ligge brakk til produktiviteten var oppe på normalt nivå igjen. Det var enten eller. Færøyværingane hadde klart skrivne rettesnorer for denne naturbalansen heilt frå 1200–1300-talet.

 

Korleis forvaltar vi alt dette eineståande livet rundt oss?

Ei fluge kavar i vindaugskarmen til Alv Ottar, litt for tidleg vakna frå vintersvevnen og utan tanke for dei økologiske samanhengane ho er del av. Utanfor kvitrar nokre småfuglar, noko forvirra av årstida og temperaturen, dei òg. Vinter eller vår? Hekketid eller ikkje? Både fluga og småfuglane følger instinkta sine. Dei har nok med si eiga rolle i naturen og skjønar ingenting av faren som truar dei. 

 

Alle foto: Roger Engvik

 


Havørna

GUNNAR MYKLEBUST

Møt eit av Noregs mest fascinerande dyr. 

Da den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiastar har gjort fredinga til ein suksess. Vi har i dag ein ny, levedyktig bestand med bortimot 14 000 havørner i Noreg. I boka blir vi betre kjente med denne store rovfuglen, eit av dei mest eksotiske innslaga i den norske faunaen. Saman med den fremste ørneeksperten i landet, Alv Ottar Folkestad, og fotograf Roger Engvik tar forfattaren oss med inn i kvardagen i havørnfamilien. I ei tid der dyreartar blir utrydda i eit faretrugande tempo, er dette ei bok som gir håp.