Finnegansnotat I–VIII

Finnegansnotat I–VIII

av Leif Høghaug

 

Det er i år hundre år sidan James Joyces roman Ulysses vart utgjeven for fyrste gong. Samlaget markerer jubileet ved å gje ut det fyrste kapitelet frå eit work in progress: Leif Høghaugs omsetjing av det siste storverket frå Joyce si hand, Finnegans Wake. Les Høghaugs «Finnegansnotat I–VIII » her:

 

Etter at den parisiske bokhandelen Shakespeare and Company i 1922 hadde publisert Ulysses, byrja James Joyce på eit prosjekt han skulle bruka sytten år på å fullføra. Heile livet hadde han hatt store problem med synet, og med åra hadde tilstanden forverra seg. I 1925 vart han augeoperert for sjuande gong, og i tida som fylgde var smertene ikkje til å halda ut. Ljos kunne han ikkje sansa som noko klargjerande og konturskapande. Verda rundt han vart mørk, obskur. Skulle han over ei gate måtte han beda om hjelp. Tårane strøymde. Han vart meir og meir nervøs. Han klaga over at det var umogleg å tenkja klart. Depresjonen overmanna han, igjen og igjen, og heile dagar kunne han verta liggjande. Smertestillande av ymist slag. Kokaininjeksjonar. Blodigler. Spasmar som jaga gjennom den lange og tynne kroppen. Alkohol. Magevonde. Angst. Redsle for tuberkulose og syfilis. Tennene som vart trekte ein etter ein. Diverse fobiar – mot hundar, lyn og tore, vald og vatn. Dottera, Lucia, som levde med diagnosen schizofreni. Og pengane, desse helvetes pengane … Og likevel, trass dei mange vanskane som hindra James Joyce frå å arbeidde: Bokprosjektet, som han kalla Work in Progress, skreid fram. Godt hjelpt av gode vener, mellom dei ein ung og lovande Samuel Beckett, klara han endeleg å koma dit han skulle. Finnegans Wake vart ugjeven av Faber and Faber i 1939.

 

II 

Ein av dei mange forfattarane Joyce stør seg til, er den italienske filosofen Giambattista Vico (1668–1744). Historia, slik Vico ser ho, er ricorso, gjentaking, atterkome. Eller rettare: Det er den evig-ideale historia, storia ideale eterna, som går i sirklar og dimed syner fram eit mønster. Fyrst gudanes tidsalder, deretter heltanes, som vert fylgd av menneskenes tidsalder, ein tidsalder som så, i kaoset, avlar fram ein ny guddommeleg tidsalder. Frå alfa til omega, og etter omega fylgjer alfa. Finnegans Wake: «A way a lone a last a loved a long the» heiter det til slutt i det siste avsnittet i denne meir en 600-sider lange boka, og så kan lesaren bla attende til den fyrste sida og sjå korleis heile Finneganssoga byrjar på nytt: «riverrun, past Eve and Adam’s, from swerve of shore to bend of bay, brings us by a commodius vicus of recirculation back to Howth Castle and Environs.» Giambattista Vicos ricorso: «a commodius vicus of recirculation». Vico er så å seia vorte forvandla til «vicus», eit latinsk ord med ulike tydingar: «landsby», «gate», «bydel», «grannelag». Og «vicus» er attpåtil «commodius» – «høveleg», «romleg». Elva tek oss med inn i ei tyding av «commodius vicus» – Dublin til dømes. Og kan henda har me allereie oppfatta «commodius» som «komediens» og fått ein assosiasjon til Dantes storverk, Den guddomlege komedien. Ein romersk keisar kan me òg nemna: Marcus Aurelius Commodus Antonius Augustus. Vidare: «vicus of recirculation» også i tydinga «vicious circle», «vond sirkel» … Og i desse dagar, hundre år etter utgjevinga av Ulysses, kjem eit og anna gjentakande hint, i norsk omskrift: «ein resirkulasjons commodius vicus». Heile avsnittet, fyrst og sist: «rinnælvrenn, framom Eva og’n Adams, frå sjøleg sving te buktas boge, tæk oss gjennom ein resirkulasjons commodius vicus bachatt te Howth Castle og Emlanda.» Ein ny tidsalder byrjar. Igjen.

 

III 

Finnegans Wake er vorte kalla både uleseleg og uomsetjeleg, og mange er nok dei som har gjeve opp freistnaden på å koma seg gjennom verket. Joyce sjølv fekk høyra at han no hadde gått for langt i den litterære eksperimenteringa si og vendt lesarane ryggen. Forfattarkollegaer som Ezra Pound og H.G. Wells rista på hovudet, det same gjorde Stanislaus Joyce, som ofte hadde redda storebror James frå økonomisk ruin. Kva i himmelens namn var det forfattaren bak Ulysses trudde at verda ville seia om denne kaudervelske kakofonien? James Joyce trudde nok litt av kvart. Mellom anna trudde han at Finnegans Wake ville halda litteraturforskarar i ande i lang tid framover. Og han fekk heilt rett. Allereie i 1944, tre år etter Joyces død, vart den fyrste guiden til Finnegans Wake skriven. Myteforskaren Joseph Campbell og poeten Henry Morton Robinson konsulterte ei rad ordbøker, og dei studerte kart over Dublin og områda rundt byen (ingen av dei hadde vore i Irland på denne tida), og resultatet var imponerande: A Skeleton Key to Finnegans Wake, ei bok som framleis er ein god rettleiar for den som vil gjera seg kjent med det siste storverket frå James Joyce si hand. Og fleire forskarar har bygd vidare på arbeidet til Campbell og Morton, som til dømes Anthony Burgess, Roland McHugh, John Bishop, Luca Crispi, Sam Slote og Patrick O’Neill. Takka vera alle desse som har gått så grundig inn i verket, er Finnegans Wake vorte ei høgst leseleg og høgst omsetjeleg bok.

 

IV 

Anthony Burgess, mest kjent som forfattaren bak romanen A Clockwork Orange, var ein framifrå formidlar av det han såg som plotet i Finnegans Wake. I Burgess si lesing er Finnegans Wake ein freistnad på å etterlikna draumens «logikk». Boka tek oss med inn i ein draum, og nærmare bestemt draumen til ein viss Mr. Porter, ein protestantisk irlendar med norske anar. Å få auge på Mr. Porter er ikkje så lett. Men derimot er draumenamnet hans sterkt til stades: HCE. Eit mystisk namn, og ein mystisk skapnad, denne Porter alias HCE, som i det babelske Finneganslandet syner seg fram mellom anna som «Howth Castle and Environs», «Haroun Childeric Eggeberth» , «Humphrey Chimpden Earwicker», «Haveth Children Everywhere» og «Here Comes Everybody». Han er gift med Anna Livia Plurabelle (ALP), har to søner, tvillingane Shem og Shaun, og ei dotter, Isobel (eller Issy). Ei førestilling om sistnemnde byd på problem for HCE: Forbode attrå etter dottera veks i han, og han veit kje korleis han skal verta kurert for denne sjelelege blodskamsjuken. Språket krev sitt av han; han stammar og må kjempa for å fullføra setningane. Anna Livia flyt kring han – og gjennom han. Ho er identisk med vatnet, med elva Liffey, «rinnælvrenn», og i slekt med slike vassnymfer ein kan lesa om i Ovids storslegne bok Metamorfosar. HCE har andre formar enn dei som høyrer vatnet til; som Adam før han, er denne heimsøkte karen skapt av jord. Han er landfast, ja så landfast at det ofte er uråd å skilja mellom lekamen hans og Irlands mange sletter og fjell. Og sønene, tvillingane? Shem er penneknekt. Shaun er postmann. Postmannens formidlar tekstar penneknekten har skrive; Shaun syt for at tekstane sirkulerer (jf. ricorso) blant lesarar, fortolkarar, kritikarar. Men formidlinga er ikkje uproblematisk. For kva er det Shaun gjer med Shems tekstar? Formidlinga forandrar tekstane, øydelegg, gjenskapar, osb. Formidlinga står i overføringas – metaforens – gåtefulle teikn … Shem og Shaun. Her er det noko som minner om forholdet mellom Joyce-brørne, altså forholdet mellom forfattaren James og formidlaren Stanislaus.

 

 Nei, det er ikkje rart at Finnegans Wake er vorte kalla nattas bok. Som i ein draum – og som i ei elv – glid det eine inn i det andre. Ein karakter tek bustad i ein annan karakter. Ein by (til dømes Dublin) vert til ein annan by. Eit språk glid inn i eit anna språk. Eller eit språk glid inn i ein by, og byen vert til ein karakter, osb. Joyce vrir og vrengjer på orda, og han skapar ei litterær verd som syner seg som ein kaotisk og høgst humoristisk stad der forståinga snublar i alle dei historiske og litterære referansane. Fyrste bok, fyrste kapittel: Lesaren vil her finna referansar til mellom anna Mosebøkene, Tom Sawyer, Jonathan Swift, Humpty Dumpty (Lille Trille), gresk komedie, Ibsen, Koranen, Napoleonskrigane, teikneseriar, Buddha, Hamlet … Eit ord smeltar saman med eit anna ord, kan henda eit tredje og eit fjerde ord er med, og fram or denne samansmeltinga stig ein språkleg gjenstand ein ikkje utan vidare kan tyda slik ein tyder eit såkalla vanleg ord. Og slik blir heile tida noko nytt til.

 

VI 

Finnegans Wake er ei bok som i aller høgste grad tematiserer fall. Tittelen på boka seier noko om dette. Joyce hentar tittelen frå ein irsk «street ballad» frå 1870-talet: «Finnegan’s Wake» (med apostrof) – og det er nett fallet denne songen handlar om. Fallet i tydinga død – og døden i tydinga «det endelege» som ber bod om oppstode, nytt liv. Ein sørpe full Tim Finnegan, murar av yrke, dett ned frå stigen og slår seg ihel. Likvaka hans vert særs fuktig, og etter at den døde Finnegan er vorte dynka med whiskey vaknar han til liv att og tek del i festinga. Eg har attdikta songen til hadelandsmål:

 

Tim Finnegan kom frå Dublin by, 

en irlender ta bæste slag. 

Hæn tala bredt, bar stein mot sky, 

ja, murerkunsten var hass fag. 

En fyllik var’n, men stakkars mænn: 

hæn drakk jo frå den dagen hæn vart født. 

Og skulle’n kunne klare seg, hæn, 

så måtte’n jaggu meg drekke støtt!   

 

(Ref.) Suddelideisann sving deg i valsen, 

ut på golvet møy og mænn! 

Jøssenam så artig dæ vart 

på likvaka hass Finnegan!    

 

En mårå Tim var full og blakk, 

hue hass riste, dæ var et slit, 

så ramle’n frå stægan og skallen den sprakk, 

og dom bar’n hematt, et pynteklart lik. 

Kvite, reine skjorta dom fækk på’n, 

og på senga hass dom la hæn ner. 

Ei flaske whiskey væ beina på’n 

og væ hue hass ei mugge mæ mer!   

 

(Ref.)   

 

Og kjinnsfolk kom tæl vaka dom, 

og kjæringa hass hu bau på lunsj. 

Først sætte a fram kaffe og mjølkeskum, 

så siggaretter og whiskeypunch. 

Og a Ingebjørg nabo hu grein seg raud: 

«Sånt et pent, reint lik, nei, sjå på hæn! 

Min kjæreste Timmy, åffer er du dau?» 

«Høll kjæften på deg!» sa’n Johann hæn!   

 

(Ref.)   

 

Så var’e a Klara, hu sa dæ hu: 

«Du Ingebjørg, dæ va’kke snilt!» 

Så a Ingebjørg ga a en på trynet hu, 

nå låg a der, a Klara, og sprelle vilt. 

Så braut den store krigen ut, 

dæ var kvinnfolk mot kvinnfolk og kar mot kar. 

Slagsmål, spetakkel og sprit og sprut 

gu’ bevare meg væl førr et leven dæ var!   

 

(Ref.)   

 

Hæn Mikkel Ræv hæn kaste seg ner 

da ei flaske whiskey kom simsalabim. 

Hu bomme, og på senga hu ramle ner 

og brennvinet sprute over’n Tim. 

Men i reine allvæla å ærre som hender: 

frå senga hæn reiser seg, hæn ække snau! 

«Å driv di mæ?» skrik’n tæl damer og menner: 

«Men i hælvete hæll om di trur je er dau?»   

 

(Ref.)

 

VII 

James Joyce pustar meir liv inn i balladen om Tim Finnegan. Eg siterar frå mi eiga omsetjing av Finnegans Wake, frå fyrste bok, fyrste kapittel – og her er det hulking og drekking og moro og suddelideisann så det held: «Shitzau? Shørt man det! Macool, Macool, nii offer måtte dii døy? ta ein trøblat tørsta mournin? Hulk dei sukkadid ved Fyllagains chryssordmissa vake, adla nasjonens hooligmann, som i støkken låg utstrøkte og tulltalsystematiske bælja så det overdådig rann over. Au bloom og prince og shærring også trond og roy sin og shinamann var der. Og shærs shellskapeleg kvar og ein i si deltaking. Gog og magog og dei ein groggy runde grog. Hald fram ja med festinga ja heilt te Hanoghonigan er utrydda ja! Nokon klunk i lagerkoret, meir, kankun klaga. Lufta han opp og lempa han ner. Stiv men stø er han Priam Olim! D’var atte’n var anstandig arbesskar. Slip gravsconen hass, gi’n ein runde te! Åhenn i denni vhøla høre di sann ein larm att? Med deira de profundis og adaste fidelios. Dei la han nasegras tesitt isiste senga. Ved føtene hass abokalipfens finisky. Og eit tunnelass med guenesis hoer hove på’n. Te tutalen ta den trinken hog trallinga te dei futtla, O!»

 

VIII 

Ja, han reiser seg frå senga, Tim Finnegan! Og me skjønar at han no er i godt selskap. For me veit vel alle kva den kristne kulturhistoria har å seia om død og det å stå opp att frå dei døde. Eller? Ramla overende. Reise seg att. Ramla igjen. Verda rundt oss er mørk, obskur. Nokon – og noko – har døydd frå oss, og kjensla av å vera overlatne til oss sjølve vert berre sterkare og sterkare. Kva ventar i det komande? Finst det håp? Kan døden verkeleg tyda nytt liv? Gjev det meining å snakka om ricorso, gjentaking, atterkome? Fyrst gudanes tidsalder, deretter heltanes, som vert fylgd av menneskenes tidsalder, ein tidsalder som så, i kaoset, avlar fram ein ny guddommeleg tidsalder (oppstode).  Kan henda Joyce trudde på dette, eller han oppfatta Giambattista Vicos ricorso som eit døme på ageleg verdshumor, eller kan henda Joyce tenkte på tru og humor som to sider av same sak … «Try again. Fail again. Fail better.» Mantraet frå ein av dei siste tekstane Samuel Beckett skreiv, Worstward Ho (1983), kan fungera som motto for alle som gjev seg i kast med Finnegans Wake. Redsla for undergangen vert i den raraste av alle dei rare tekstane Joyce skreiv, forvandla til undring over dette me kallar språk. Nokon – og noko – talar, og det er som om dette er heilt nytt for oss: at nokon – og noko – talar … Merkeleg! Og kor komisk! Ja, galgenhumoristisk er det – at nokon og noko, heilt i språkets vald, freistar gjera livet leveleg i alt kaoset! Galgenhumor: «(forsert) humor i ein trengd og fortvilt situasjon» (Nynorskordboka). Anthony Burgess karakteriserte Finnegans Wake som «a great comic vision»; på kvar einaste side finst det språk du kan le høgt av. James Joyce – sjuk og nedbroten – skjøna at både byrjinga og slutten hadde med galgenhumor å gjera.

Finnegans Wake: fyrste bok, fyrste kapittel

Fyrste kapittel av Joyces storverk endeleg i norsk omskrift! Det er i år hundre år sidan James Joyces roman Ulysses vart utgjeven for fyrste gong. Samlaget markerer jubileet ved å gje ut det fyrste kapittelet frå eit work in progress: Leif Høghaugs omsetjing av det siste storverket frå Joyce si hand, Finnegans Wake. 

 

I Finnegans Wake er både Ibsen og Bull med. Og bokas mystiske hovudperson, HCE, opptrer (mellom anna) som etterkomar etter norske vikingar. I det heile er det ei mengd referansar til norsk litteratur, historie og kultur i Joyce si store bok. Leif Høghaug legg vekt på at det i den norske språkhistoria og språksituasjonen ligg til rette for ei omsetjing av Finnegans Wake.