Asbjørn Rydland om Sci-Fi

Uprisen-vinnar Asbjørn Rydland har skrive ungdomsboka Terra Victoris, ein aktuell og spennande Sci-Fi om kunstig intelligens.

Kva handlar Terra Victoris om?

Kort fortalt: Handlinga er sett eit par hundreår inn i framtida. Enkelte av dei konfliktane og problema vi har i dag, er blitt løyste, medan andre ting har vorte verre. Klasseskilnadene og ulikskapane har auka, enda meir enn det vi er vande med i dag. Boka handlar om dette og om korleis teknologisk utvikling kan vere både eit gode og eit vonde. Det som kjennest som ei redning for ein, kan vere ein katastrofe for den andre. Men meir konkret handlar boka om to personar, Ingrid og Zeki, som er seksten–sytten år. Dei blir kasta ut i eit arkeologisk kappløp på jakt etter ein svært verdifull ting.

 

Kan du fortelje litt om hovudpersonane? Kven er Ingrid og Zeki?

Ingrid kjem frå ein godt etablert familie med to mødrer, trygt forankra i den selskapsbaserte økonomien. Ho veit ikkje kva ho vil gjere når ho blir vaksen, men mødrene har store forhåpningar til ho. Ho er smart og atletisk, men ikkje så veldig gatesmart, for ho har levd eit ganske beskytta liv. Zeki, derimot, er ein lokal gut, og han kjem ikkje frå eit privilegert heim. Faren har dårleg helse, og broren er i fengsel, noko som familien sjølv må betale for. Det er Zeki og mora som forsørgjer familien. Han er òg aktiv i eit slags sjølvhjelps-nettverk, eit alternativ nettverk som operer på skuggesida av samfunnet. Han gjer det beste han kan med det utgangspunktet han har. Tilfeldigheiter gjer at desse to møtast.   

 

Du seier at dette er eit samfunn med store skilnader, ikkje heilt ulikt vår tid. Men kva for univers er det vi er i her? 

Som så mange andre sci-fi-historier er vi på ein måte i vår tid: Eg tar utgangspunkt i strøymingar i notida, og dei skrur eg til det ekstreme. Og så ser eg korleis det kan gå! Men her er vi i ei verd der nasjonalstatane har spelt ut si rolle, og demokratiske institusjonar er ikkje så viktige lenger. Dei store multinasjonale selskapa og dei superrike har mykje meir makt. Det liknar mest på eit føydalsamfunn. Historia går føre seg i Istanbul, mest fordi det er ein by som er så rik på historie, så det var gøy å sette ei framtidshistorie til ein slik plass. Hadde handlinga vore sett til dømes til New York, måtte eg ha tona ned det historiske bakteppet. Istanbul er ein kul by!   

 

Ja, det er kult å sjå for seg korleis ein arkeolog vil jobbe i det 23. hundreåret, han er ikkje nødvendigvis utstyrt med kost!

Nei, arkeologen vi treffer i Terra Victoris, er ikkje opptatt av vikingskip og pyramidar. Særleg fordi dei har mista ein del kunnskap om fortida mellom vår tid og tida handlinga er lagd til. 

 

Boka startar med at Ingrid kjem til Istanbul på hurtigtog. Vi skjønner at ho er ein privilegert turist, ikkje heilt ulik nordmenn på tur i vår tid. Ho får all informasjonen ho treng frå det siste innanfor datateknologi, Echo, ein informasjonskanal som er innbrodert i huda hennar. Utover i boka forstår ho kor privilegert ho er, og kva ho forsakar ved å gi dei store selskapa fullstendig innsikt i livet hennar. Det kan jo sjølvsagt berre vere meg som les dette slik, men ønsker du å vekke til live aktivismen hos lesaren? 

Vi har veldig godt av litt meir aktivisme her i verda, he-he. Og viss nokon blir inspirert og engasjert av å lese Terra Victoris, så er det kjempebra. For vi er blitt litt late, og eg trur at mange tar det gode for gitt og ser ikkje heilt at ting vi har kjempa for, kan forsvinne. Vi ser heldigvis ikkje så mykje av dette i Noreg, men i mange andre land mistar borgarane rettar som dei gjennom mange år har kjempa for. Det er dette som er stoda for folka i Terra Victoris; dei har godtatt dei enkle løysningane som dei er blitt serverte av dei store selskapa, og har dermed mista ein del rettar på vegen. 

 

Ja, mange av oss har lett for å bli sedate og servile i møte med ny teknologi fordi vi får tilbod om ein enklare kvardag.

Ikkje sant? Og så sluttar vi å stille spørsmål om kven det er som styrer teknologien, og om kven sin agenda er det vi støttar. Det er legitime spørsmål å stille seg, utan å bli skulda for å vere konspiratorisk! Vi lever i ei verd der ein handfull av dei aller rikaste har ein enorm påverknad, til dømes Mark Zuckerberg, Elon Musk og Bill Gates. Det er ikkje greitt. Vi må stille spørsmål og vere kritiske når så få menneske styrer så mange gjennom selskap som dei sjølv tener seg søkkrike på! 

 

I boka skriv du om korleis dei superrike slo seg saman då verda stod på brestepunktet, og korleis dei klarte å slå ned på Alpha-intelligensen, verdas første kunstige intelligens. Etter at dei vann krigen mot Alpha-intelligensen, har dei blitt dyrka som halvgudar. Du har gitt dei namnet discarnati. Kva er det?

Discarnati er namnet på nokre av dei aller rikaste i verda. Teknologien har kome dit at dei som har pengar til det, kan overføre bevisstheita si til eit digitalt medium, og dermed ikkje vere biologisk avgrensa. Dei har tatt steget frå å vere eit menneske av kjøtt og blod, til å bli eit digitalt menneske. Dei kan kommunisere «in real time» med titusenvis av folk samtidig. Namnet kjem frå latin, og tyder bokstaveleg talt «dei som har lagt kjøttet bak seg». Dei er noko meir, og det er for å illustrere avstanden mellom vanlege menneske og dei som har ressursane til det, dei er for halvgudar å rekne.

 

Det er jo ikkje så fjernt frå røynda, det skortar ikkje på dollar-milliardærar i Silicon Vally som forskar på korleis ein kan utsette alderdommen og døden.

Dei folka som er blant dei aller rikaste i verda, har eit litt annleis syn på verda enn det vi vanleg dødelege har, og eg trur at dei hadde gripe sjansen med begge hendene om dei kunne bli udødelege! 

 

Det høyrest ut som om dette er ein tematikk som opptar deg, synest du det er enklare å skrive samfunnskritisk utan å vere moraliserande når du skriv innanfor science fiction-sjangeren? 

No har eg aldri skrive innanfor nokon annan sjanger enn sci-fi og fantasy, men eg trur moralisering er ein fare, uansett. Ein må passe seg for ikkje å kome med peikefingeren! Men det er klart det er frigjerande å ikkje måtte forhalde seg til røynda, for med ein gong eg skriv om ting som skjer i vår tid, kan folk alltid kritisere ein for at det er ikkje slik det er, eller at det urealistisk. Men poenget mitt er at det kan bli slik. Då er det enklare å skrive science fiction eller fantasy, og vise eit alternativ som syner korleis det kanskje kan bli i framtida. Dei fleste forfattarar innanfor science fiction lèt seg inspirere av samtida, konfliktar og problem, og skriv fram ein parallell til vår røynd. Skulle eg ha skrive om den same problematikken med handlinga sett til vår tid måtte eg nok ha gjort ein del meir research! 

 

Du har i mange år drive aktivt med rollespel, har det gitt deg nye måtar å fortelje ei historie på?

Eg lurer på det! Eg har heilt garantert lært av det, men om det synest i det endelege resultatet, er ein annan ting. Ta rollespel til dømes, som er ein måte å interaktivt fortelje ei historie saman med andre. Ein er spelleiar som har ein idé om historia, og dei andre som fyller ulike roller. Så kastar ein ballen fram og tilbake, og slik blir historia fortald. Det er ei oppleving som er her og no! Det er ikkje sikkert at det ein spelar ut, hadde blitt ein hit korkje på film eller på papir. Som forfattar er ein i den heilt andre enden av spekteret. Det tar lang tid før ein får noka tilbakemelding, kanskje år! Så for meg er det veldig givande å kunne få ei spontan tilbakemelding når eg spelar. I tillegg har eg fått eit heilt anna syn på framdrift og på kva som fungerer i scener, det må drivast fram. Fordi medspelarane mine er hovudpersonane som driv historia fram, ser eg med ein gong om historia heng på greip. Det har gitt meg som forfattar mykje sterkare bevisstheit om rollene eg skriv, og om dei har motivasjon. Viss karakterane manglar motivasjon, då fell historia saman som eit korthus. Ofte er det slik at når ei historie ikkje funkar, er det fordi karakterane ikkje oppfører seg som ein forventar. Og det trur eg at eg har blitt betre på gjennom å spele rollespel. 

 

Eg har lyst til å spørje deg litt om gaming. For alle som har barn og ungdom i hus, eller som jobbar med dei, er opptatt av dataspel. Mange vaksne har eit einsidig negativt syn på dataspel, men ein del spel handlar òg om historieforteljing. Kan du fortelje litt om det? 

Vi må skilje mellom problemet med skjermtid og om dataspela. For meg er det mange positive sider ved gaming, og det sosiale er eit veldig viktig aspekt, både for meg og for unge. Ein annan ting som eg har lagt merke til når eg er ute på skulebesøk, og eg pratar med dei om dataspel, så referer dei til konkurransespel og om ei kjensle av meistring. Eg trur at det er eit veldig viktig aspekt for dei unge. I ein kvardag som ikkje alltid er så lett å meistre, er det veldig fint å oppleve meistring og å utvikle ferdigheiter. Det har ein stor verdi. 

 

Kva inspirerer deg? 

Alt mogleg rart! Eg veit ikkje om det går an å seie at eg har eit tema som går att i forfattarskapet mitt, men det er eit perspektiv der som speglar korleis eg ser på verda. I Terra Victoris var til dømes grunnideen at eg ville skrive ei teknologi- og klimaoptimistisk historie. For eg var litt lei av alle dei dystopiske historiene om at alt går til helvete og verda går under. Ja, det kan skje, men det er ikkje det einaste som kan skje. Det var grunnideen, eg trur at dei beste ideane kjem når dei blir kombinerte. Til dømes når eg går rundt og grublar over AI og superrike menneske, og så ser eg ein film om sikkerheitsteknologi, og så tenker eg at dette var interessant. Det triggar noko hos meg. Dei små ideane kjem heile tida og overalt, og slik er det nok for dei fleste som driv kreativt.

Gjennom alle dei tre bokprosjekta eg har bak meg, har det vore ein fellesnemnar om at eg har ønskt å gjere noko annleis. I Drakeguten ville eg skrive ein klassisk fantasy-roman, men samstundes skulle det ikkje vere svart-kvitt og det gode mot det vonde. Det skulle vere litt meir uklart kven som var snill, og kven som var slem. Med Vegandi ville eg skrive ein portalfantasy, der menneska frå vår verd blir dratt inn i ein alternativ verd. Men til skilnad frå Den uendelege historia av Michael Ende, der det skjer gjennom éi bok, skulle det vere gjennom eit dataspel. Og no, med Terra Victoris som er ein slags framtidsdystopi på ein måte, men ikkje ein klima- og total kollaps-dystopi, som vi kanskje er meir vande til. 

 

Kva las du sjølv då du var ung? 

Eg var med i bokklubbar og vart servert mykje variert. Innan sci-fi las eg Jon Bing sine bøker om stjerneskipet Alexandria, og så gjekk eg ganske raskt over til vaksenbøker og engelskspråklege. Eg har nok alltid vore meir dratt mot science fiction og fantasy enn det frå røynda! Dessverre er det få bøker på norsk som sette varige spor. Det var nok William Gibson og Tolkien som gjorde størst inntrykk på meg i tenåra.

 

Unge i dag har tilgang på eit heilt anna tilfang av bøker på norsk innanfor sjangrane fantasy og science fiction. Både bøker som er skrivne på norsk og omsett til norsk. Og eg synest eg anar ein større aksept og interesse for sjangeren i norsk litteratur, både for barn og for vaksne. Norsk fantasy-litteratur i 2022 er meir enn Bing & Bringsværd!

Ja, men ikkje eit vondt ord om Bing & Bringsværd altså! Eg ser òg ei aukande interesse frå forlaga for sjangeren. Tidlegare har det vore omkvedet om at norske lesarar les berre sjangeren på engelsk, men det er ein høna-og-egget-situasjon, kanskje dei berre les på engelsk fordi det ikkje finst nok bøker på norsk? 

Asbjørn Rydland: Terra Victoris

 

 

Mot slutten av 2000-talet stod menneskeslekta på kanten av stupet. Verdas nasjonar hadde svikta i kampen mot klimaendringane, samtidig som ein ny trussel vaks fram: den første kunstige intelligensen. Han fekk namnet Alpha-intelligensen, og gjennom internettet sine knutepunkt og bakdører gjekk han til angrep på verdas land og organisasjonar. Men medan verdssamfunnet knela i møtet med den nye fienden, slo dei aller rikaste menneska på kloden seg saman og tok opp kampen. Dei vann krigen mot Alpha-intelligensen. Dei stoppa klimakrisa. Og no blir dei dyrka og sett opp til over heile verda - som udødelege heltar. 

 

I eldgamle Istanbul, der krigen enda, leitar to ungdomar etter svar på kvar sin kant. Ingrid frå Noreg skal møta arkeolog-onkelen sin, medan den lokale guten Zeki leitar etter ei sakna venninne. Snart kryssar vegane til Ingrid og Zeki seg, og dei blir kasta ut i eit kappløp der sjølve verdssamfunnet står på spel. For falne fiendar kan reisa seg igjen.