Vil du ha barn? Fire tips til tvilaren

Vil du ha barn? Fire tips til tvilaren

Av Kristina Leganger Iversen


«Eg trur eg har lyst på barn, men eg veit ikkje om eg har lyst til å bli mor. Eg kan tenkje meg erfaringa av å bere fram eit barn, av å kjenne det vekse frå djupet av meg: omslutte eit nytt liv som rører seg i meg, som tar alt det treng for å bli eit menneske. Eg kan tenkje meg å få eit anna menneske inn i livet mitt, eit menneske som er så sårbart at eg må legge til side mine eigne behov. Eg trur eg har lyst på barn, til å bli forelder. Men lyst til å bli mor? For meg er det ikkje det same: Å få barn er ikkje det same som å bli mor. Å få barn er ein fysisk realitet, det er noko ein gjer med kroppen sin: Å bli mor er å tre inn i ein situasjon, å ta på seg ei rolle, ei rolle som avheng av korleis samfunnet er organisert, og av kjønnsroller, kultur og normer som legg føringar for kva vi ser føre oss når vi tenkjer på ei god mor.»

Frå Bli mor no? av Kristina Leganger Iversen

Tidlegare i haust var eg på Litteraturhuset i Bergen og hadde ei samtale med Linn Strømsborg. Vi snakka om bøker og barn og spørsmålet om ein skulle få dei – noko vi begge har skrive om. Etter arrangementet kom ei ung kvinne bort til meg.

«Eg har lese boka di», sa ho, «og likte den verkeleg godt, særskilt den første delen, der du veg for og imot, men så er det berre sånn, BAM, som om du har bestemt deg, og så sluttar de å bruke prevensjon. Og eg skjønner ikkje korleis du kom fram til det.» Ho såg på meg: «Du skulle jo finne ut av det, for meg!»

Ho lo litt, men ho såg også fortvila ut. Eg kjente meg sjølv igjen i henne. I mange år hadde eg lurt på om eg eigentleg ville ha barn, og når det skulle skje. Og så ein dag tippa vektskåla, og éi magekjensle blei sterkare enn den andre.  

Men korleis kjem ein dit? 

Her er mine tips til korleis tvilaren kan finne ut om hen vil ha barn.  

- Start ein (indre) dialog. Nokon har alltid visst at dei vil ha barn, nokon har alltid visst at dei ikkje vil ha barn, men mange er usikre – og da hjelper det faktisk å undersøke, skrive ned eller snakke om, både grunnane til at vi har lyst på barn, og grunnane til at vi ikkje har det. Kanskje kjenner du nokon som er barnefrie, eller som har fått barn, som kan fortelje deg litt om kva som har vore viktig for dei?

- Les om det. Viss det er vanskeleg å snakke om det, kan det hjelpe å lese om kva andre har erfart. Eg skriv om fleire bøker i Bli mor no?, som Motherhood av Sheila Heti og The Rules Do Not Apply av Ariel Levy. Denne hausten har det også kome ut fleire gode norske bøker: Romanen Velkommen til Dyrehagen av Silje Bekeng-Flemmen, som handlar om Lisa som alltid har visst at ho aldri skal ha barn – heilt til ho møter Eike, blir forelska og plutseleg får lyst på barn likevel. Ved sida av denne passar det veldig godt å lese Linn Strømsborgs Aldri, aldri, aldri. Hovudpersonen i romanen har alltid visst at ho ikkje vil ha barn, noko ho stadig må forklare for folk rundt seg. Når det visar seg at kjærasten hennar har lyst på barn, kjem ho i ein vanskeleg posisjon: Er ho så sikker på at ho ikkje vil ha barn, at ho vil gi slepp på kjærasten om han vil?

- Diskuter litteratur. Bøker kan vere fine når ein skal snakke litt med seg sjølv. Men også om ein skal snakke om desse tinga med partnaren sin, kan det vere fint å lese saman! Mange har brukt Bli mor no? sånn, lese høgt foran partnaren og prata om dei små og store spørsmåla.

- Ha tillit til at svaret kjem. Av og til er det ikkje så lett. Ein kan gå lenge og tvile, men erfaringa tilseier at på eit eller anna tidspunkt så har du anten bestemt deg, eller så har tvilen bestemt for deg. Du kjem til å finne ut av det, på din måte.

Eit forsøk på å finne ut kva det vil seie å vere mor

Kristina Leganger Iversen er 28 år, bur i ei toroms leilegheit og har ei mellombels stilling ved universitetet. No lurer ho på om ho har lyst på barn. Men å bli mor er ei livsomveltande endring ho ikkje aner konsekvensane av – for kven blir ein om ein blir mor?

Politikarar og forskarar roper med jamne mellomrom varsku over låge fødselstal, barnlause menn og gamle førstegongsmødrer. Alderen på førstegongsfødande i Noreg aukar, og stadig fleire kvinner og menn har ikkje fått barn ved fylte førtifem.

I Bli mor no? skriv Kristina Leganger Iversen personleg og politisk om valet ho står i. Ho undersøker kva morskapet tyder – historisk, økonomisk, i litteraturen og i hennar eige liv. Det handlar om å tenkje, tvile og så kanskje tørre å kaste seg ut i det.