Nynorsk retteprogram: Feilfri nynorsk med eit klikk!

Nytt nynorsk retteprogram:
Få feilfri nynorsk med eit klikk!

Skal du skrive nynorsk i samband med jobb eller utdanning og har behov for hjelp? Saman med Lingofy har Samlaget laga eit nytt nynorsk retteprogram med utgangspunkt i ordboka Enkel nynorsk ordliste. Programmet søkjer etter feil og inkonsekvent språk, og rettar teksten for deg. Aldri har det vore enklare å skrive korrekt nynorsk. 

Programmet kan kjøpast som årleg abonnement. Når du har betalt for abonnementet, får du informasjon om innlogging og nedlasting på e-post frå Lingofy.

Enkel nynorsk ordliste har 33 000 oppslagsord henta frå dagleglivet og frå ulike yrkesområde. Valet av oppslagsord og ordformer er medvite gjort og inneber at brukaren alltid kan vere sikker på å bruke ord og bøyingsformer som er konsekvente.

Abonnementet inneheld programtillegg til Microsoft Word 2016 eller nyare (Windows og Mac), Chromebook og Google Docs, Google Chrome, Mozilla Firefox og Apple Safari. Eit verktøy der ein kan lage eigne språkreglar og tilleggsordlister, følgjer òg med.

Les meir og sjå instruksjonsvideoar her

Lingofy med Enkel Nynorsk Ordliste gjer det enkelt å skrive nynorsk. Integrasjonen med Microsoft Office gjer at du har med deg verktøyet anten du skriv e-post eller lagar PowerPoint-presentasjonar.

– Edmund Austigard, adm. direktør, Samlaget