Ahmet Altan får aldri sjå verda igjen

Ahmet Altan får aldri sjå verda igjen

Våren 2018 blir Ahmet Altan dømd til fengsel på livstid. I dag sit han i fengselet Silivri i utkanten av Istanbul, utan rett til besøk anna enn frå den næraste familien og advokaten sin, under streng sensur, utan rett til å søkje om nåde.

Ahmet Altan blei ikkje arrestert åleine den dagen. Arrestert blei også bror hans Mehmet Altan og den populære programleiaren Nazli Ilicak. Dagen før hadde dei tre deltatt i eit populært talkshow på TV, der dei mellom anna diskuterte Erdoğans politikk. 

Nazli Ilicak og Mehmet Altan var programleiarar. Ahmed Altan var gjest, invitert for å snakke om sin nyaste roman Det er lettare å dø enn å elske. Under det timelange programmet sveipte dei også innom den politiske situasjonen i landet. 

I programmet kritiserte Altan presidenten for å realisere det som militæret alltid har drøymt om: å bryte ned lova, kaste dissidentar i fengsel og bane veg for ei autoritær overtaking.  Og det er orda som då fall, som blei avgjerande i skuldinga mot han: «Uansett kva det var som bana veg for dei tidlegare militærkuppa i Tyrkia, tar Erdoğan dei same avgjerdene i dag, banar veg nok ein gong.»

 Orda som felte brørne Altan

I tiltalen mot dei to brørne står det at dei må ha visst at det kom eit kupp dagen etter, dei skal ha «etablert kontakt med kuppmakarar gjennom meldingar via TV som ikkje kan oppfattast av det bevisste sinnet» og gitt ein «underbevisst beskjed». 

I den over 200 sider lange tiltalen er det ikkje lagt fram så mykje som eitt bevis, det heile er basert på skuldingar og anekdotiske forteljingar om personar som brørne Altan skal ha treft og snakka med i løpet av dei siste ti åra. Fleire av historiene er baserte på anonyme kjelder, historier Ahmed og Mehmet Altan lett kan tilbakevise. Noko dei også gjorde med stor sjølvtryggleik og kraft under sitt forsvar i rettssaka 25. –29. juni. Etter ei rekkje høyringar i Caglayan blei likevel Ahmed Altan 16. februar 2018 dømd til livstid i fengsel saman med bror sin og Nazli Ilicak.

Blant Tyrkias viktigaste forfattarar

Ahmed Altan er ein av Tyrkias mest anerkjende forfattarar, og fire av romanane hans er omsette til norsk. Alle bøkene til Altan handlar om begjær og seksuelle relasjonar, få forfattarar skildrar sjalusiens logikk og seksualitetens kraft i romankunsten så godt som han.

 I tillegg til å skrive bøker er han ein aktiv skribent og journalist. Han har skrive for ei rekkje aviser og er ikkje ukjend med rettsapparatet. Han har vore gjennom fleire hundre rettssaker for det han har skrive dei siste 40 åra, og nokre av tekstane er blant dei mest kjende kritiske bidraga i nyare tyrkisk historie.

Boka Dünyayı BiR Daha Görmeyece im (Eg får aldri sjå verda igjen) er smugla ut av fengselet ark for ark og er fengselslitteratur på sitt aller beste. Boka er sterk og vond lesing om dei vilkåra eit menneske må leve under i fengsel, og er ei viktig påminning om kva som hender i dagens Tyrkia. Altan fortel detaljert både om kva dei gjer med han i fengsel, og kva som skjer med hans inste – med tankane og sjela hans.  

Kjelde for teksten er Tyrkia-kjennar og direktør i Heddastiftelsen Jørgen Lorentzen. Han var på ferie i Tyrkia 15. juli 2016, dagen for kuppforsøket, og var der då rettssaka mot Altan-brørne og Ilicak starta i rettspalasset Caglayan i Istanbul 25. juni 2017, etter at dei hadde sete over ni månader i varetekt.


 Boka til Ahmet Altan er et meget sterkt dokument. Den er konkret, kjølig observerende, full av detaljer som beskriver omgivelsene. Samtidig er den poetisk. De sterke setningene, utmerket oversatt, står som meislet i stein.

Fredrik Wandrup, Dagbladet

Han skriver så det nesten er fysisk vondt å lese.

Sven Egil Omdal, Stavanger Aftenblad

Uvurderlig påminnelse om hva som foregår rundt oss i dag, i vår egen nærhet.

Vebjørn Rogne, Bok365


Ahmet Altan:  Eg får aldri sjå verda igjen

I september 2016 blir både Ahmet Altan og broren Mehmet arresterte i Erdogans angrep på den frie pressa etter det mislykka kuppforsøket sommaren 2016. 

Altan skal ha komme med grunnlovsstridige kommentarar, mellom anna gitt ei «underbevisst melding» til kuppmakarane då han kritiserte presidenten i eit prateshow på TV. Våren 2018 blir han dømd til fengsel på livstid. I dag sit han i fengselet Silivri i utkanten av Istanbul, utan rett til besøk anna enn frå den næraste familien og advokaten sin, under streng sensur, utan rett til å søkje om nåde.

Ahmet Altan skildrar augneblinken då politiet kom og henta han tidleg ein morgon, rettssaka, dommen og livet i fengsel. Eg får aldri sjå verda igjen er ei urovekkjande, men også poetisk og vakker bok, om Tyrkias veg mot diktaturet, om kampen for menneskeverd - og om litteraturen og fantasiens kraft.