Klassiske og moderne strikkeplagg til dei minste

I boka Islandsk barnestrikk finn du både klassiske og moderne oppskrifter til barn frå eitt år og fram til skulealder. Her får du oppskrifter på tradisjonelle genserar og jakker med nydeleg islandsk mønster, men også kjolar, heile dressar og varme bukser. La deg inspirere!

Klassisk og moderne frå Island!

Islandsk barnestrikk inneheld både klassiske og moderne oppskrifter til barn frå eitt år og fram til skulealder. Her får du oppskrifter på tradisjonelle genserar og jakker med nydeleg islandsk mønster, men også kjolar, heile dressar og varme bukser. Her er også mindre prosjekt som sokkar, luer og halsar. Plagga er særskilt tilpassa barnehageungar, og kleda er behagelege, varme, og godt eigna til eit nordisk klima. 

Til oppskriftene er det fleire ulike garnalternativ. Du kan velje mellom tradisjonell islandsk ull og andre gode garn, og du kan bruke garn i ulike prisklassar. Her finn du alt frå enkle oppskrifter for nybyrjarar til meir avanserte utfordringar for dei meir erfarne.

Forfattarane er røyne strikkarar som har designa og strikka barneklede i årevis.

Boka er omsett av Aud Søyland.






Fleire artiklar

Balansen mellom det gode og det vonde
Balansen mellom det gode og det vonde

Pilegrim og forfattar Morten Bjerga har skreve om balansen mellom det gode og det vonde i sin nye roman Dødevegen.Bak Dødevegen ligg det seks månadslange vandringar i Spania fordelt på åtte år. Alle vandringane har enda opp i Santiago de Compostela, men har hatt ulike startpunkt, mellom anna eit skuggelagd kafébord i grensebyen Irún.

 

Les heile artikkelen →

Skeiv kjærleik i Tinder-appens tid
Skeiv kjærleik i Tinder-appens tid

Det trengst bøker som viser fram livet til vaksne, skeive folk. Håkon er mitt bidrag: ei historie om ein 30-åring som må ta vanskelege val. 

 

Les heile artikkelen →

Stress og korleis leve med det
Stress og korleis leve med det

Mitt personlege høgdepunkt, eller lågpunkt, kom då eg stressa meg vaken over julekort i midten av november. Jesus kristus, kor idiot er det mogleg å bli. Julekort! Denne utgamle kommunikasjonsmetoden som strengt tatt berre er til bry for mottakaren (for ærleg talt, kva gjer ein med desse i januar? Er det lov å kaste andre sine born i søpla? I så fall: plast eller papir?).

Les heile artikkelen →