InnbundenFleire format

Generell litteratur

Eg får aldri sjå verda igjen

Omsett frå tur
I september 2016 blir både Ahmet Altan og broren Mehmet arresterte i Erdogans angrep på den frie pressa etter det mislykka kuppforsøket sommaren 2016. Altan skal ha komme med grunnlovsstridige kommentarar, mellom anna gitt ei «underbevisst melding» til kuppmakarane då han kritiserte presidenten i eit prateshow på TV. Våren 2018 blir han dømd til fengsel på livstid. I dag sit han i fengselet Silivri i utkanten av Istanbul, utan rett til besøk anna enn frå den næraste familien og advokaten sin, under streng sensur, utan rett til å søkje om nåde. Ahmet Altan skildrar augneblinken då politiet kom og henta han tidleg ein morgon, rettssaka, dommen og livet i fengsel. Eg får aldri sjå verda igjen er ei urovekkjande, men også poetisk og vakker bok, om Tyrkias veg mot diktaturet, om kampen for menneskeverd - og om litteraturen og fantasiens kraft. Boka er omsett frå tyrkisk av Gunvald Axner Ims.
449,00 kr
Sider
178
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252197563
Ahmet Altan
Om forfattaren

Ahmet Altan

Ahmet Altan (f. 1950) er eit symbol på kampen for ytringsfridom og demokrati i Tyrkia. Han er ein profilert tyrkisk kommentator, avisredaktør
og forfattar. Parallelt med journalistkarrieren har han skrive romanar og litterære essay. Over hundre gonger er han blitt stilt for retten for dei politiske tekstane sine. Eg får aldri sjå verda igjen er skriven frå fengselet der forfattaren sonar ein livstidsdom.

Meir om Ahmet Altan →