Frantumaglia: tankar, brev og intervju
Ei heil verd har lese Elena Ferrantes romanar frå Napoli. Endeleg kjem boka der vi får møte forfattaren, i skrift, på heimebane. Dette er rike og kloke essayistiske tekstar og det næraste vi kjem verdsforfattaren.
Boka tek oss med til arbeidsrommet til Elena Ferrante, ein kompromisslaus forfattar med ein altomfattande lidenskap for litteratur. I brev, intervju og essay snakkar ho om korleis bøkene blir til, og kvifor det er heilt nødvendig at ei bok får leve sitt eige liv - frigjort frå forfattaren. Ho drøftar tema ho er oppteken av, blant anna morskap, feminisme, psykoanalyse, film og litteratur. Ho skriv om barndommens mektige lager av fantasi og førestillingar, og om minnefragment - og frantumaglia - som blir til forteljingar.
Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal.
«Forteljingane livnærer seg av dette frantumaglia som ulmar under eit tilsynelatande einskapleg ytre, og som er ein slags kaostilstand ein kan starte frå, eit tåkelagt område som krev å bli lyst opp. Derifrå kjem historier og karakterar.»
- Elena Ferrante, Frantumaglia
Meldingar

Guri Hjeltnes, VG
«i denne tekstsamlinga får lesaren eit litterært sjølvportrett som nesten kjennest betre enn å bli invitert inn på kaffi.»
May Grethe Lerum, Bok365
«For vi møter en usedvanlig kompromissløs forfatter som foretrekker å snakke om litteratur, historie og politikk. I en personlig, fortellende og reflekterende prosa fører hun oss inn i den labyrinten av et forfatterskap hun har skapt. For de som har begrenset kjennskap til det, er boka en utmerket inngang, ikke minst til de første bøkene. Så langt jeg kan bedømme, får hun de til å ulme med en dyp, vulkansk, eruptiv glød. [...] Hennes tanker om litteratur, skriving, andre forfattere og sentrale temaer og motiver sys sammen i en lysende og tankevekkende tekstvev nydelig oversatt av Kristin Sørsdal.»
Marius Wulfsberg, Dagbladet
«Sjelden har kulturjournalistikken vært mer forvirret enn da det gikk opp for verden at Elena Ferrante avsto fra personlig oppmerksomhet, holdt sin identitet hemmelig, nektet å stå frem og ta del i sin egen berømmelse. [...] denne boken gir de flotteste begrunnelser for forfatterens valg. Blant dem: hvis boken ikke har kraft i seg til å leve sitt eget liv, så får det heller være. Og: den gode nyheten er alltid denne: det har kommet ut en bok som er verdt å lese. Slik er det også med ‘Frantumaglia’.»
Leif Ekle, NRKbok
«Den som slår opp i Frantumaglia. Tankar, brev og intervju, opnar slusene til erfaringar om det napolitanske og det språket som flyt gjennom romanane hennar. All tendens til tankesprang blir som skylt vekk, ein er fengsla, frå første til siste side. Elena Ferrantes språk er intenst og subtilt på ein måte som eg og millionar av lesarar ikkje kan verje oss mot [...]»
Göran Greider, Aftonbladet
«For det første gir boken et innblikk i både den kreative prosessen og det kunstneriske og intellektuelle tankegodset som ligger bak de fullførte verkene; de fleste intervjuene og brevene inneholder lange passasjer med glimrende litterær essayistikk. For det andre stilles også her hennes formidable styrker som forfatter til skue: Den språklige kraften, den klartenkte ærligheten, den rasende gløden som glimtvis brenner tvers gjennom den kontrollerte overflaten.»
Leif Bull, Bokvennen Litterær Avis
Bla-i-boka
Elena Ferrante
Elena Ferrante er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 43 land, og bøkene har fått strålande kritikk. Elena Ferrante er eit pseudonym.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO