Vi har så korte armar: tilstandsrapportar
E-bok

Skjønnlitteratur

Vi har så korte armar: tilstandsrapportar

Humoristiske og originale tilstandsrapportar. Vi har så korte armar er ei svært humoristisk og original forteljing om Ølgjer og Liv, om å vekse opp på ein liten plass, kome til ein litt større by og å leite etter kjærleiken. I Skoddeheimen er det fint å bu, synest dei som framleis bur der. Men Ølgjer og Liv har reist derifrå, dei vil begge til byen. Der treffer dei kvarandre, har eit forhold og går frå kvarandre igjen, og formidlar gjenkjenneleg studenttid og skrå tilbakeblikk til sin "bondske" oppvekst.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252182309
Olaug Nilssen
Om forfattaren

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.

Fleire foto av Eivind Senneset:
(Trykk på bileta for å laste ned i høg kvalitet)