Få meg på, for faen: roman
Alma får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og er i dei følgjande vekene nærmast svimeslått av uforløyst begjær.
Maria vil at nokon skal sjå korleis ho lir i jobben som vaskehjelp, og planlegg å skrive eit føredrag i sosiologi som skal bli så godt og viktig at media plukkar det opp og gjer henne til kjendis.
Kona til Sebjørn får si feministiske oppvakning då det ein dag går opp for henne at verken dei åtte ungane hennar eller Sebjørn verdset husarbeidet ho gjer, og omsorga ho yter. Ho drøymer om fast jobb, og reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av Skoddeheimen nepeforedling AS.
Få meg på, for faen er eit hemningslaust, humoristisk og inderleg melodrama om trongen til å bli sett av nokon.
«Noko av det beste som er skrive av tenåringsskildringar i norsk litteratur.»
Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid
Meldingar




Bla-i-boka
Olaug Nilssen
Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.
Fleire foto av Eivind Senneset:
(Trykk på bileta for å laste ned i høg kvalitet)
Litterære prisar
Fritt Ords pris 2021
Doblougprisen 2019
Brageprisen 2017
For Tung tids tale
Nynorsk litteraturpris 2017
For Tung tids tale
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO