InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Eg vil vere her: dikt til trøyst

Dikt som kan trøyste og løfte alle som treng det. Eg vil vere her Eg vil vere her lenge så eg kan få sjå korleis det går Eg vil følgje deg, eg vil halde di hand - Sigrid Moldestad Iblant tek livet vendingar som gjer at ein står der rådlaus og leiter etter ord. Då kan det bety mykje å finne dikt der andre har sett ord på det vanskelege, for gjenkjenning og eit nytt og uventa blikk - eller som ei slags trøyst, fordi dikta fortel om ei livsrøynsle og ei innsikt som ein kanskje ikkje sjølv kan artikulere - anten dikta viser ein høgare himmel eller berre at andre har opplevd dette før. Ei krise kan også lære eit menneske at ikkje berre treng ein at andre er der, ein vil også gi det tilbake - å vere der for andre. I «Eg vil vere her. Dikt til trøyst» har Olaug Nilssen samla dikt frå mellom andre Tor Jonsson, Karoline Brændjord, Gunvor Hofmo, Marie Takvam, Hans Sande, Åse- Marie Nesse, Kolbein Falkeid og Sigrid Moldestad.
399,00 kr
Sider
112
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234006319
Olaug Nilssen
Om forfattaren

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (f. 1977) fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 gav ho ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om stoda i norsk bokbransje, og same året fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin. I 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue.

Fleire foto av Eivind Senneset:
(Trykk på bileta for å laste ned i høg kvalitet)