Hundemanuskripta

Jon Fosse

Nei å nei, Du å du og Fy å fy samla i ei bok!

I 1995, 1996 og 1997 gav Jon Fosse ut dei tre Hundemanuskripta. Tekstane er umiskjenneleg Fosse, men med ein lett, humoristisk og underfundig tone. Bøkene har lenge vore utselde, men endeleg er hundehistoriene no å få tak i - alle tre samla i éi bok.

Hundemanuskripta 1 er ein fabel om hunden Websterr. Han lever eit roleg og sutlaust liv saman med gamle Oline, men har alltid ønskt å vere den einsame hunden Websterr som streifar omkring i skog og mark og hjelper ei lita hundemor som er i naud!

Hundemanuskripta 2 har den same underfundige tonen. Langt inne i ein fjord, i eit naust, bur den aldrande hunden Olav åleine. Han har ein venn, ungkar som han sjølv, som bur oppover mot fjellet. Ein dag då Olav skal besøkje kameraten, møter han den finaste by-hundedama han nokon gong har sett.

I det tredje Hundemanuskriptet er vi på ei frakteskute som går mellom bygd og by, med singel og sand. Om bord er skipper Moreld og skipshunden Haktor og dessutan labanen Einar, som aldri har likt skipshunden Haktor, men nett det har skipshunden Haktor lært seg å leve med ...


ISBN: 9788252196467

Kategoriar: Jon Fosse, Kommande bøker, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2018,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Jon Fosse