Shirley Jacksons meisterverk endeleg på norsk! Heilt sidan giftmordet som tok livet av nesten heile familien Blackwood, har dei lokale sett med avsky mot huset bak den høge hekken. Merricat Blackwood bur framleis der med søstera si Constance og den gamle onkelen deira, og livet går roleg vidare for dei alle tre. Constance puslar i hagen og kjøkkenet, onkel Julian arbeider med papira sine, og Merricat gravlegg sølvmyntar i bekken og kviskrar magiske ord i mørket som vern mot vonde blikk.
Men ei endring er på veg. Då Charles, fetteren til søstrene, kjem på besøk, blir dei faste rutinane forstyrra, og det er berre Merricat som anar kva som står på spel. Og ho tar alle middel i bruk for å drive han bort før det er for seint og familiens mørke løyndommar kjem fram i lyset.
Vi har alltid budd på slottet høyrer til eit av meisterverka i den moderne amerikanske romankunsten og er ein av dei største skrekkromanane gjennom tidene. Boka kom ut første gongen i 1962, men det er først no at ho finst i norsk omsetjing. Romanen er omsett og utstyrt med etterord av Laura Djupvik.