InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Under ein stein: ei bok om små dyr

9–12 år
Mange dyr likar seg der det er mørkt og vått, og derfor gøymer dei seg under steinar. Her ligg dei stille og trur at ingen veit om dei. Men så kjem du! Du løfter på ein stein og straks ser du dei: billene, edderkoppane og makkane. Erna Osland har laga ei fagbok om virvellause småkryp som mellom anna spretthale, saksedyr, løpebille, skrukketroll, tusenbein, skolopender. Boka er illustrert av Inger Lise Belsvik.
369,00 kr
Sider
109
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184990
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.