Bokstavsommaren
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Bokstavsommaren

6–9 år
Fargerik bokstavleik for barnehagebarn! «Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å halde auge med broren. Som lønn skal ho få ein skatt kvar dag. Skatten skal komme frå havet og begynne på ein ny bokstav kvar gong.» I Bokstavsommaren hentar Styrk bokstavskattar opp frå havet til veslesøster Zara, og gjennom fisking og snorkling blir Styrk og Zara og lesaren kjende med alle bokstavane i alfabetet. Det finst ein tekst for kvar bokstav, og boka er ein liten skatt for dei som skal bli kjende med alfabetet vårt. Boka er blitt til i samarbeid med Nynorsksenteret og Lesesenteret, og alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.
329,00 kr
Sider
61
Utgivingsår
2017
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252195033
Erna Osland
Om forfattaren

Erna Osland

(f. 1951) debuterte i 1987 med ungdomsromanen Natteramnen og har skrive ei rekkje kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne. Osland er frå Høyanger i Sogn. Ho skreiv norsk hovudfagsoppgåve om barnelitteratur, og har arbeidd som lærar både i ungdomsskole og vidaregåande skole. Osland har vore festspeldiktar under Festspillene i Bergen (2004), Dei nynorske festspela (2007) og Falturiltu (2009). Erna Osland har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, bl.a. Brageprisen og Norsk litteraturkritikarlags barnebokpris for Salamanderryttaren (1999), Nynorsk barnelitteraturpris for Matti og den store stjernepassaren (1995) og Kultur- og kirkedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) og Skarpe tenner (2005). Osland er no busett i Byrknesøy i Sogn.